Kommentar
¿ Krystallpalasset sprekk
Historia fortel oss at periodane med fred og framgang alltid vert avløyste av små eller store katastrofar.
Crystal Palace – Krystallpalasset – bygt for den store utstillinga i London i 1851. Palasset var den største glaskonstruksjonen i verda før det vart skadd i ein brann i 1936.
Foto: NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Vi visste at pandemien måtte kome, men vi trudde det ikkje. Med eitt slag er verda og livet vårt blitt endra bortanfor attkjenning, og vi trur det enno ikkje heilt. Berre langsamt siv det inn: Den verda vi levde i for berre to veker sidan, er borte.
Vi visste at epidemiar som koronakatastrofen kunne råke menneska i Asia og Afrika, men vi trudde ikkje at det kunne råke oss. Pest og massedød høyrde til mellomalder og fortid, ikkje moderne vestlege samfunn som vårt. Fordi helse og fridom frå vilkårleg død er mellom dei viktigaste framstega i det moderne samfunnet, råkar pandemien sjølve framstegstrua.
«Pesta»
Heilt naturleg illustrerer pressa koronaepidemien med Theodor Kittelsens slåande skildringar av svartedauden, den store pesten som i 1349–50 tok livet av halve folkesetnaden i Noreg. «Pesta», den svartkledde kjerringa som gjekk frå grend til grend med sopelime og rive, var i folketrua personifiseringa av den uhyggelege sjukdomen, men òg eit bilete på døden. Denne nifse skapnaden stemmer ikkje så dårleg overeins med korleis vi opplever virusepidemien vi er råka av i dag, sjølv om redsla vår no er meir biletlaus.
Pesten har vorte usynleg, men fyller samstundes alle kanalar. Vi veit at viruset er her, men vi ser det ikkje. Det er eit mellomalderskrømt laust i dei tomme gatene våre. Det finst ikkje medisinar eller vaksinar mot det. Vi veit ikkje når vi møter det, og vi veit ikkje om vi vil overleve det. Korkje staten eller vitskapen kan berge oss – ein skandale for det moderne medvitet som trur på ei reinsa verd der vi kan kontrollere alt vondt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.