Kroken på døra

Skipsindustrien på Vestlandet er i krise. Størst er krisa på Søre Sunnmøre, og framtida ser heller ikkje lys ut.

Frå då tidene var gode for Kleven i Ulsteinvik. Her er hurtigruteskipet MS «Roald Amundsen» nesten ferdig.
Frå då tidene var gode for Kleven i Ulsteinvik. Her er hurtigruteskipet MS «Roald Amundsen» nesten ferdig.
Publisert

Søre Sunnmøre har vore den fremste eksportøren per innbyggjar i Noreg, Herøy har hatt flest milliardærar etter folketalet, og heilt sidan bankrisa i 1992 har dei fleste pilene peika rett opp. Det er ikkje få sunnmøringar som har sola seg i suksessen. No peikar det meste rett ned. Alle dei store supplyreiarlaga på Sunnmøre har gått gjennom gjeldssanering, mange milliardar har gått tapt, og denne veka gjekk det tradisjonsrike skipsverftet Kleven i Ulsteinvik konkurs. Ordrebøkene er tomme, kassa endå tommare, og alle arbeidarane er sagde opp og sende heim. Nordlendingane snakkar om svart hav. På Sunnmøre er det bekmørkt. Jørgen Torstensen er analytikar i meklarhuset Fearnley, som arbeider særleg med offshore og skip.

– Det var greitt på Sunnmøre før. Supplyreiarane på Herøy tinga skip i Ulsteinvik, og alle tente gode pengar. Kvifor stogga dansen?

– Det er både komplekst og enkelt. Problemet har vore å samanstilla kapasiteten som vart etterspurd i oljenæringa, med når ein kunne levera skipa. Reiarane bad om alle moglege spesifikasjonar og hadde stor betalingsvilje. Betalingsratane oljeselskapa gav, var fantastiske for alle supplyskip. Så går oljeprisen ned, alt krasjar, og ratane går nesten ned til null. Då sit skipsverfta der med stor kapasitet, og kundemassen har vorte borte over natta. Kundane til verfta har null betalingsevne, korkje for båtane dei alt har tinga, eller for båtane dei hadde planar om å tinga. Over natta går ein frå ein situasjon der alle vil byggja båt, til ein situasjon der ingen vil byggja båt.

– Vi veit at det å levera til oljenæringa er «boom and bust», men kan ikkje reiarane éin gong læra å jamna ut ting? Alle som har levd ei tid, veit at bransjen går i syklusar.

– Eg trur vi må over på spelteori for å forstå kva som skjer. Du er reiar og veit at du har alt å tena på å tinga eit nytt skip, men då under føresetnad av at grannereiaren ikkje gjer det. Men samstundes veit du at om du tingar eit skip til 100 millionar, så er ratane så gode at du kan tena inn att investeringa på 18 til 24 månader. Når du ser at marknaden er så god, veit du samstundes at nokon der ute kjem til å taka den investeringa. Og når alle tenkjer slik, det vera seg Havila eller Dof, vert det til slutt stor overkapasitet, både på reiarsida og på verftssida.

– Men bankane må då vita? Dei har tapt pengar på bransjen ved fleire tidlegare høve.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement