Kritiserer kriseforståinga
– Dette er ingen epidemi som trugar det norske samfunnet, seier Eiliv Lund, som er professor emeritus i epidemiologi ved Universitetet i Tromsø.
– Det er ingen vinst i å halde skular og barnehagar stengde lenger, seier Eiliv Lund, professor emeritus i epidemiologi.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Samtalen
Eiliv Lund
professor emeritus i epidemiologi
AKTUELL
Koronakrisa
Samtalen
Eiliv Lund
professor emeritus i epidemiologi
AKTUELL
Koronakrisa
eva@dagogtid.no
Vi har stengt ned samfunnet og kompenserer med stadig nye milliardar for å berge folk og næringar gjennom koronaepidemien. Og trass i at Folkehelseinstituttet har tilrådd å opne barnehagar og skular att, er nedstenginga forlengd til over påske.
Eiliv Lund er professor emeritus i epidemiologi ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Tromsø. Han meiner Noreg kjem til å få eit mildare forløp av epidemien enn mange andre europeiske land og USA, som følgje av demografiske, helsemessige og sosiale forhold.
«Koronaepidemien synes ikke å true den norske befolkningens helse», konkluderer han og kollegaen Tonje Braaten i eit innlegg i Dagens Næringsliv.
– Dette må du utdjupe.
– Det norske samfunnet er annleis samfunna i Wuhan, Milano og New York. Noreg er spreiddbygd, og folketettleiken i Oslo er mindre enn i andre hovudstader. Tettleiken er ein viktig faktor for smittespreiinga.
– Er det hovudforklaringa på at du meiner Noreg får eit mildare forløp?
– Nei, det er éi av forklaringane. Den andre går på kor alvorleg sjukdomen er i befolkninga, og har med alderssamansetnaden i landet å gjere. Den yngste som er død i Noreg, er 65 år, men snittalderen for dei som har døydd, er 84 år. Det inneber at i ei befolkning med mange eldre vil viruset ta livet av mange, medan i befolkningar med få eldre, tek det livet av færre. Og Noreg har faktisk ei av dei yngste befolkningane i Europa. Vi har ikkje ei så stor risikobefolkning som Italia og Spania til dømes. Ei tredje forklaring er at den italienske, franske og spanske befolkninga har fleire antibiotikaresistente bakteriar enn den norske. Det gjer det vanskelegare å behandle bakterieinfeksjonar som kjem i tillegg til viruslungebetennelsen. Medan berre 1 prosent av prøvane på sjukehusa i Noreg inneheld resistente bakteriar, er same talet 34 prosent i Italia og 25 prosent i Spania.
– Jamfører vi Noreg med dei nordiske landa, som er likare oss når det gjeld både helsemessige og sosiale forhold, er det her òg skilnad på kor mange som har døydd av viruset?
– Dei nordiske landa har lege ganske likt når det gjeld døde per 1000 smitta, men talet har auka noko i Danmark og Sverige. I begge desse landa bur folk tettare enn i Noreg. Sverige har jo avfolka glesbygdene og har ei konsentrert befolkning. Oslo har òg ei yngre befolkning enn andre nordiske byar. Ser vi til England, er det nasjonale helsesystemet bygd kraftig ned, og i New York fryktar ein at dødstala kan verte høge fordi mange ikkje har tilgang til helsevesenet. Vi har framleis eit oppegåande offentleg helsevesen som dekkjer heile befolkninga, sjølv om Solberg-regjeringa både har redusert sengekapasiteten og ikkje sett seg råd til å byggje opp lager av utstyr.
– Har tiltaka gått for langt?
– Ja, og dei må på eit tidspunkt løysast opp, slik dei no vert i Wuhan. Vi ser at det ikkje går å stengje samfunn heilt. Men vi må leggje ein strategi for korleis vi skal løyse det opp. No går smittetalet ned, men det betyr ikkje at vi er immune. Det skal ikkje meir til enn at det kjem inn nye folk, så kan smitten auke igjen.
– Korleis bør det handterast?
– Eg meiner Noreg bør tenkje seg om fort, for det er ingen vinst i å halde skular og barnehagar stengde. For dei aller fleste gjev viruset berre mild sjukdom. Vi kunne i staden ha verna den sårbare delen av befolkninga meir. På sikt ville dei òg verte meir verna av at folk rundt dei har gjennomgått sjukdomen og vert immune. No er det eit alvorleg misforhold mellom tiltak sette inn mot dei under 50 år, og det at sjukdomen berre har teke liv over 60 år. Vi har laga ei kriseforståing som ikkje er reell.
– Kva med argumentet om at vi må flate ut kurva, slik at helsevesenet kan handtere epidemien?
– Alle var samde om at vi måtte stengje alt ei kort stund, då vi ikkje hadde oversikt. Men no veit vi meir om viruset, og då bør det gjerast nye vedtak. Dette er ingen epidemi som trugar det norske samfunnet.
– Kor mange skal vi godta døyr for å kunne opne for meir «business as usual»?
– Dødsraten av koronaviruset i Noreg er førebels låg og må setjast i perspektiv. Det døyr over 100 menneske i Noreg kvar dag. Til dømes døyr åtte personar av lungekreft kvar dag, og det er ein sjukdom som kan førebyggjast, utan at det vert gjort. Det vi òg må ta med, er at vi skyv på dødsraten til mange andre sjukdomar no. Mange meiner vi bør rekne på tapte leveår. Ein 84-åring i Noreg har ein forventa levealder på sju–åtte år til. Døyr eit barn i staden, vil det bety tap av 70 leveår. Tenkjer vi slik, vert epidemien mindre alvorleg. Han tek færre leveår, fordi alle som døyr, er gamle.
– Skal vi ofre nokre framfor andre?
– Ja. Det er eit kynisk argument, men slike prioriteringar gjer helsevesenet til vanleg òg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har laga ei kriseforståing som ikkje er reell.
Fleire artiklar
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?