JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kritikken råkar særleg Venstre

Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget retta denne veka samrøystes kritikk mot hem-meleghaldet av søknaden frå forsvarsminister Frank Bakke-Jensen på stillinga som fiskeridirektør.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3353
20210604
3353
20210604

Kommentar

vidar@dagogtid.no

Dette er også det einaste punktet for kritikk der komiteen er samla i det komiteen viser til i fråsegna frå Sivilombodsmannen. Utan denne fråsegna, som var framprovosert av ein klage mot Nærings- og fiskeridepartementet frå Dag og Tid mot hemmeleghaldet av søknaden, hadde den samrøystes kritikken truleg ikkje kome.

Kritikkverdig

Under klagebehandlinga peika vi nettopp på at det er ekstra grunn til innsyn når det er ein regjeringskollega som, i strid med fast statsskikk, søker ei ny offentleg stilling. Dette slo også Sivilombodsmannen fast i fråsegna si, medan næringsministeren hadde argumentert sterkt imot.

Kritikken råkar både næringsminister Iselin Nybø (V), som valde å hemmeleghalde søknaden heilt til Bakke-Jensen vart utnemnd, og Bakke-Jensen (H) sjølv, som bad om å få vere anonym. Men kritikken råkar også statsminister Erna Solberg (H) som må ha vore klar over at søknaden vart halden hemmeleg heilt til utnemninga skjedde meir enn tre månadar etter at søknaden var levert. Solberg godkjende at Bakke-Jensen søkte, før søknaden vart levert.

Under høyringa om saka i kontrollkomiteen 9. april i år gav statsminister Solberg uttrykk for at søknaden ikkje burde vore hemmeleghalden. Det synspunktet verkar tilpassa avgjerda frå Sivilombodsmannen, når ho må ha vore klar over at søknaden faktisk vart hemmeleghalden. Ho må i det minste ha undra seg over at søknaden ikkje vart kjend – utan å handle.

Brot med partilina

At ein statsråd frå Venstre – av alle parti – har valt å hemmeleghalde ein søknad frå ein kollega på ei toppleiarstilling i staten, inneber det eit brot mot det partiet har stått for i alle år. Venstre er det partiet som framfor noko anna har ivra for innsyn i offentlege dokument. Partiet var også imot innskrenking i innsynet i søkarlister då stortingsfleirtalet gjorde vedtak om det ved tusenårsskiftet, etter 30 år med fullt innsyn i alle søkarlister til offentlege stillingar.

Etter den handteringsmåten utnemninga av Bakke-Jensen fekk, er det grunnlag for å reise spørsmålet om denne framgangsmåten nettopp vart vald for å sikre at Bakke-Jensen skulle få jobben som fiskeridirektør. Det er all grunn til å tru at det ville ha blitt mykje oppstyr med offentleg debatt straks søknaden hans vart kjend, både om kameraderi og kvalifikasjonar.

Med bakgrunn i korleis Nærings- og fiskeridepartementet argumenterte mot innsynskravet frå Dag og Tid under klagebehandlinga hjå Sivilombodsmannen, er det tydeleg at departementet innsåg nettopp dette. Det gjer hemmeleghaldet til Venstre-statsråden endå meir problematisk.

Fleirtalet i komiteen, representantane frå Ap, Sp og SV, meiner at «sjølvrekruttering» er kritikkverdig, og at Bakke-Jensen ikkje skulle ha vore utnemnd. Men dei får truleg ikkje fleirtal når saka kjem til votering 9. juni, om ikkje nokre Frp-arar bryt ut og fylgjer Carl I. Hagen, som gjennom Dag og Tid tidlegare har retta sterk kritikk mot «sjølvrekrutteringspraksisen» til Solberg-regjeringa.

Vidar Ystad er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Venstre er det partiet som framfor noko anna har ivra for innsyn i offentlege dokument.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis