Kristin giftekniv er i mål

Etter 13 års strev har Kristin Clemet fått ei borgarleg fleirtalsregjering. No må ho berre få bort formuesskatten.

Publisert

Det er tysdag 22. januar, og dei 22 statsrådane i den nye Solberg-regjeringa har vist seg fram på Slottsplassen eit par timar tidlegare. Intervjuet med Kristin Clemet blir eit par minutt forseinka: Ho står ved skrivebordet og følgjer direktesendinga frå regjeringsskiftet for å sjå korleis dottera Jenny Clemet von Tetzschner taklar nøkkeloverrekkinga i UD, der ho har vore rådgjevar for utviklingsminister Nikolai Astrup fram til regjeringsrokaden. Astrup gjev nøkkelen til Dag Inge Ulstein frå KrF, og Jenny klarer seg bra, konstaterer Clemet.

Heile familien klarer seg i grunnen bra. Frå kontoret sitt i femte etasje kan Clemet sjå ned på Stortinget på andre sida av Akersgata. Det hender at ho vinkar gjennom vindauget til ektemannen Michael Tetzschner, første nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen. Sjølv har ikkje Clemet vore stortingsrepresentant sidan 1993, og ho har ikkje hatt ein statsrådspost sidan 2005.

– Du er ferdig med det der?

– Eg vil aldri seie sikkert at eg er ferdig med noko som helst. Men eg har prøvd meg som statsråd. No har eg det bra her. Eg ville i alle fall ikkje passa til å vere i det huset der i 40 år, seier ho og nikkar mot Stortinget.

– Du måtte gått mykje ned i løn òg.

– Ja, ja. Det er det mange som gjer når dei kjem frå det private.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement