JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kristin giftekniv er i mål

Etter 13 års strev har Kristin Clemet fått ei borgarleg fleirtalsregjering. No må ho berre få bort formuesskatten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
21231
20190125

Kristin Clemet

Fødd i 1957

Dagleg leiar for tenkjetanken Civita

Tidlegare statsråd og stortingsrepresentant for Høgre

Politikk

peranders@dagogtid.no

Det er tysdag 22. januar, og dei 22 statsrådane i den nye Solberg-regjeringa har vist seg fram på Slottsplassen eit par timar tidlegare. Intervjuet med Kristin Clemet blir eit par minutt forseinka: Ho står ved skrivebordet og følgjer direktesendinga frå regjeringsskiftet for å sjå korleis dottera Jenny Clemet von Tetzschner taklar nøkkeloverrekkinga i UD, der ho har vore rådgjevar for utviklingsminister Nikolai Astrup fram til regjeringsrokaden. Astrup gjev nøkkelen til Dag Inge Ulstein frå KrF, og Jenny klarer seg bra, konstaterer Clemet.

Heile familien klarer seg i grunnen bra. Frå kontoret sitt i femte etasje kan Clemet sjå ned på Stortinget på andre sida av Akersgata. Det hender at ho vinkar gjennom vindauget til ektemannen Michael Tetzschner, første nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen. Sjølv har ikkje Clemet vore stortingsrepresentant sidan 1993, og ho har ikkje hatt ein statsrådspost sidan 2005.

– Du er ferdig med det der?

– Eg vil aldri seie sikkert at eg er ferdig med noko som helst. Men eg har prøvd meg som statsråd. No har eg det bra her. Eg ville i alle fall ikkje passa til å vere i det huset der i 40 år, seier ho og nikkar mot Stortinget.

– Du måtte gått mykje ned i løn òg.

– Ja, ja. Det er det mange som gjer når dei kjem frå det private.

Djupt i Høgres sjel

Truleg har Clemet endra det politiske feltet i Noreg meir enn dei aller fleste statsrådar får høve til. I mange år har ho arbeidd for eit breitt borgarleg samarbeid og for å trekkje norsk politikk mot høgre: gjennom 13 års arbeid med å byggje opp tankesmia Civita som eit borgarleg kraftsentrum, og like mange år med pubsamtalar med politikarar frå dei fire partia som no har danna regjering saman. «Norges nye flertallsregjering er Civitas drømmeregjering», skreiv Klassekampen på leiarplass 19. januar. For få år sidan såg ein slik konstellasjon nesten utenkjeleg ut. Men somme har tenkt tanken lenge.

– Gratulerer med ny regjering. Du har strevd i mange år for dette?

– Nei, eg kan ikkje seie det.

– Du har da arbeidd for ei borgarleg fleirtalsregjering svært lenge?

– Om du spør meg personleg: Eg har bakgrunn frå Høgre, og det ligg djupt i Høgres sjel at vegen til makt går gjennom samarbeid. Og det er bra om flest mogleg blir med på samarbeidet. Men om du spør Civita, har ikkje vi noko mål om ei spesiell regjering. Vi arbeider for at liberale idear skal få gjennomslag.

– Har du talt kor mange av statsrådane og andre i regjeringsapparatet no som har vore innom Civita på vegen?

– Nei, men det er mange. Ikkje berre i regjeringsapparatet, men i Stortinget og i politikken elles. Det er til saman nesten tusen som har vore med på kurs eller seminar hos Civita. Vi har òg hatt mange deltakarar frå Ap og SV gjennom åra. Men overvekta er på borgarleg side.

– Kor stort har bidraget frå Civita vore til ei borgarleg firepartiregjering?

– Det går ikkje an å svare på. Men eit bidrag har det nok vore.

Borgarlege KrF

Vi skal gå til starten på prosessen etter kvart, til nullpunktet etter valnederlaget i 2005. Men først må vi snakke litt om den nære fortida. At KrF landa på regjeringssamarbeid med høgresida var naturleg, slik Clemet ser det. Ho meiner innsatsen frå Civita for å trekkje KrF mot høgre har vore ganske liten samanlikna med strevet frå det sosialdemokratiske motstykket Agenda.

– Agenda har jobba mykje meir systematisk med KrF enn vi har. Kor viktig Civita har vore, er umogleg å vite. Men av dei mange frå borgarleg side som har vimsa kring Civita, har det vore færrast frå KrF.

– Kvifor var det Solberg og ikkje Støre som lukkast i flørten med KrF?

– Jo lenger ned på grunnplanet i KrF du kjem, jo blåare blir det. Utfallet reflekterer medlemsmassen. Hareide ville lage eit skarpt skilje mellom tru og politikk i KrF. Men det var feil å tru at den einaste vegen dit går til venstre. Vi i Civita kjenner mange av dei meir liberale borgarlege i KrF og KrFU. Dette var ikkje eit val mellom kristensosialistar på eine sida og mørkemenn på andre sida, seier Clemet.

– Så veit vi òg at KrF alltid har høyrt til på borgarleg side. Og koplinga mellom kristendemokrati og konservatisme er kjend frå mange andre land. Rett nok har KrF nokre røter i desse, kva heiter det, motkulturane. KrF har eit litt anna preg enn andre kristendemokratiske parti. Men det er ein sterk slektskap mellom kristendemokratisk ideologi og konservatisme.

– Dessutan er Høgre eit parti der folk er flinke til å samarbeide med andre. Det sit djupt i Høgre. Ap har òg fått meir trening no, men der er det ikkje like djup vilje til å respektere behova og ideologien til andre. I verdisakene finn KrF mykje fleire meiningsfellar i Høgre enn i Ap.

– Regjeringa har enorm strekk i laget. Venstre og Frp er motpolar i innvandringspolitikk og miljøpolitikk, og KrF og Frp er motpolar i bistandspolitikk og alkoholpolitikk.

– Eg er ikkje einig i at strekket er så enormt. På innvandringsfeltet er Stortinget eigentleg ganske samd om det meste. På andre område er det nok meir reelle skilje. Men skilja på Stortinget går på kryss og tvers. I somme saker er avstanden størst mellom KrF og Venstre. Solberg-regjeringa har gjeve kvart parti nokre blanke sigrar som gjev dei høve til å vise identiteten sin. Men det kan vere eit problem å få til ein felles profil for regjeringa, seier Clemet.

– Det er ikkje gjeve at dette samarbeidet blir ei velsigning for KrF og Venstre. Båe slit alvorleg med oppslutnaden?

– Eg trur det blir vanskeleg for Venstre og KrF å kome over sperregrensa neste gong. Men eg ser ingenting som kunne gjort det lettare for dei. Det ville ikkje automatisk blitt enklare i opposisjon eller i samarbeid med andre parti. Venstre har slite i mange år med å kome over sperregrensa, og KrF har langvarige strukturelle problem med veljargrunnlaget.

Kroa på Vinderen

Den spede starten til dagens koalisjon kom på ein pub i Oslo vinteren 2006. Hausten før fekk Høgre eit frykteleg resultat i stortingsvalet, med berre 14 prosent av røystene. Frp fekk heile 22 prosent, men det hjelpte lite. Dei raudgrøne vann klart. Og Clemet tok grep.

– Etter at vi tapte valet i 2005, var stemninga på borgarleg side vanskeleg og sur. Eg tok eit privat initiativ til ein arena for å møtast, og inviterte folk som såg at vi måtte snakke saman på ein annan måte, seier Clemet.

Møtestaden var Jeppe kro på Vinderen i Oslo. Dette vart kalla «den hemmelige Vinderen-kanalen» da Dagbladet skreiv om møta same våren. Blant dei inviterte var folk som Tor Mikkel Wara og Sylvi Listhaug frå Frp, Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre og Gunstein Instefjord frå KrF. Wara oppsummerte denne fasen slik i Dagens Næringsliv i fjor: «Folk som Carl I. Hagen, Kjell Magne Bondevik og Lars Sponheim kunne jo ikke samarbeide, og heller ikke den gamle gjengen med Høyre-folk som Per-Kristian Foss og Jan Petersen. De gretne, gamle gubbene.»

– Kva kriterium gjekk du etter da du sende ut invitasjonane dine?

– Det hugsar eg ikkje. Det var ikkje partileiarane, det kunne ha sett dei i ein vanskeleg situasjon. Men det måtte vere folk med eit litt nerdete forhold til politikk, og dei måtte vere samarbeidsorienterte.

I starten ville somme i KrF knapt vere i same rom som nokon frå Frp, fortel Clemet.

– Men gradvis vart det meir positiv stemning, og det vart òg betre samarbeid mellom dei borgarlege partia på Stortinget. Så var vi nesten euforiske da det nærma seg valet i 2013. Så lang tid tok det å få til eit felles grunnlag for ei regjering.

– Kva har de snakka om i alle desse åra?

– Det har handla mest om måtar å samarbeide på. Vi har lytta mykje til kva andre meiner, og personlege og politiske motsetnader er bygde ned. Iblant har det vore ei slags evaluering av ein valkamp.

Somme har falle frå undervegs, og nokre nye har kome til, men klubben til Clemet finst framleis.

– Vi treffest kanskje fem gonger i året eller noko slikt. Da kan vi snakke om korleis ein kan få samarbeidet til å gli. Kanskje kjem vi til å invitere Per Sandberg til å fortelje om erfaringane sine frå regjeringa. Eller kanskje vi skal få med Erik Lunde frå KrF og Ketil Solvik-Olsen frå Frp til å snakke om forhandlingane, eller utfordringar i regjeringssamarbeidet.

– Det er framleis sitjande statsrådar med?

– Eg trur ikkje eg har invitert inn nokon nye statsrådar. Men det er nokre med som stod på lista før dei vart statsrådar.

«Tullingene»

Tretten år etter første tur på kroa er prosessen Clemet starta, så godt som fullført.

– Dei personlege motsetnadene på toppen av partia er borte, og leiarane i dei borgarlege partia kan nesten reise på ferie saman. Og Frp har gradvis blitt eit meir «normalt» parti. Dei vart kvitt ein del merkelege element og vart meir moderate politisk. Og dei andre partia innsåg at dei ikkje kunne kome til makta utan Frp. Dette partiet har i periodar hatt kring 20 prosent av røystene, og det var urimeleg å halde dei utanfor.

– I 1997 sa du: «Høyre må alltid bygge på grunnfjellet, på de tenkende og dannede menneskene. Vi kan ikke satse på tullingene. For hva er Fremskrittspartiet? De er hverken konservative, liberale eller borgerlige.»

–?Ja, det var harde tider. Det var tida til Hagen, Hedstrøm og Kleppa, og det var mange konfrontasjonar. Eg vil meine at Frp har endra seg meir enn eg har. Siv Jensen er meir lik meg enn Carl I. Hagen var. Men det skjedde nok noko med meg òg. I 2005 kom som sagt erkjenninga av at dersom vi ikkje byrjar å snakke saman, kjem vi aldri til makta.

– Du og Civita taler for liberale verdiar. Den største trusselen mot det liberale samfunnet i Vesten i dag er den autoritære høgrenasjonalismen. Og sentrale folk i Frp har uttrykt forståing for Vladimir Putin og hylla Victor Orbán i Ungarn.

– Høgrepopulismen er eit urovekkande trekk i Europa, men eg føler ikkje at Noreg er truga. Vi ser litt av desse tendensane i Frp. Det er ein nasjonalkonservativ straum i både Frp og Senterpartiet. Men det er òg svært liberale krefter i Frp. Du finn ikkje desse nasjonalkonservative tankane i regjeringsplattforma, det er einskildståande stemmer. Eg er ikkje så uroleg for det liberale demokratiet i Noreg.

– Eg har ikkje høyrt Slagsvold Vedum eller andre i Senterpartiet uttale seg rosande om Putin eller Orbán?

– Nei, det er rett. Men om vi ser på politikken til Senterpartiet, vil dei ut av EØS og gjeninnføre grensekontroll. Ideologisk er det eit ganske nasjonal- og verdikonservativt parti.

Fire slag Frp

Likevel: I Noreg er Frp det partiet som målber kritikken mot overnasjonalisering og globalisering sterkast, til dømes i debatten om migrasjonsplattforma til FN.

– Den første boka Civita gav ut i 2004, var «Åpen verden. Et forsvar for globaliseringen». Den er neppe særleg mykje lesen i Frp?

– Ein mann som Ove Vanebo kan til dømes lese den boka. Det er den liberale fløya i Frp som har flokka seg til Civita, og dei liberale har makta i Frp. Dei er opptekne av internasjonalt samarbeid. Men i 1994 var nei til EU eit venstresideprosjekt. No finn du skepsis til EU, EØS og arbeidsinnvandring på både høgre- og venstresida.

– I delar av Frp har det vore ein motvilje mot Civita. «Vi har ikke noe ønske om å deformere våre ungdommer til å passe inn i Civita», sa stortingsrepresentant Jan Arild Ellingsen til Klassekampen i 2012.

– Dei frå Frp som oppsøkjer Civita, er tiltrekte av arbeidet vårt på liberalt grunnlag. Ellingsen er nok ikkje ein av dei. Det er i alle fall fire fløyer i Frp, ifølgje forskarar: Den dominerande fløya er den liberale, som er oppteken av europeisk samarbeid og ikkje så oppteken av innvandring. Så har du ei kristenkonservativ fløy, ei fløy som du kanskje kan kalle høgrepopulistisk, og ei sosialdemokratisk fløy som òg kan røyste på Høgre eller Ap. Men dei liberale er dei mest aktive.

– Sylvi Listhaug var ein av dei første frå Frp som gjekk på kurs hos Civita. Ho verkar ikkje særleg prega av det når det gjeld evne til brubygging?

– Ho gjekk vel på eit av dei første kursa, ja, saman med Torbjørn Røe Isaksen. Sylvi har nok gått i ei meir høgrepopulistisk og kristenkonservativ retning sidan. Men ho er veldig for frihandel, da.

Civitaskulen

Same år som Clemet starta diskusjonsklubben på Jeppe, byrja ho å arbeide for Civita. Tenkjetanken vart starta i 2003, med journalisten Terje Svabø som dagleg leiar. Men det var ikkje før Clemet tok over, at aktiviteten tok av. Civita er no ein viktig aktør i det politiske livet i Noreg, gjennom frukostmøte, debattar, rapportar, bokutgjevingar og tallause kronikkar og lesarinnlegg. Tenkjetanken har i dag 14 årsverk, og har knytt til seg profilerte akademikarar som Lars Fredrik Svendsen og Torkel Brekke i deltidsstillingar.

Civita har ikkje minst påverka politikken gjennom skoleringa av eit hundretal ungdomspolitikarar: på Civita-akademiet i politisk filosofi, på Civitaskolen for dei mellom 17 og 20, eller på Civita-seminar i Oslo, Bergen og Trondheim. Ikkje alle deltakarane er ungdomspolitikarar, og ikkje alle er frå dei fire borgarlege partia. Men når så mange frå desse ungdomspartia har blitt kursa saman hos Civita, har det truleg hatt sin verknad. KrFUs leseliste i politisk filosofi er til dømes full av Civita-litteratur. «Vi har jo et behov for å møte likesinnede i andre organisasjoner, og Civita er en nyttig arena», sa KrFU-leiar Kjell Ingolf Ropstad til Klassekampen i 2007.

– Arbeidet dykkar har hatt stor effekt på eit par generasjonar med ungdomspolitikarar?

– Det har nok betydd noko. Folk har blitt kjende med kvarandre på arrangementa våre, og dei har bygd ned motsetnader. Men vi har aldri drive med felles politikkutvikling eller noko felles program.

Meir enn propaganda

Noko av inspirasjonen kom frå akademiet til den borgarlege tenkjetanken Timbro i Sverige, fortel Clemet.

– Men inspirasjonen kom òg frå min eigen lengt da eg vart med i Unge Høgre som syttenåring. Mange unge har lyst til å diskutere ideologi og meininga med livet. Men i partia handlar mykje om matnyttige ting som å stå på stand. Det skaper eit sakn hos mange.

– Dei første åra hevda Martin Kolberg og Anniken Huitfeldt at Civita berre var eit propagandaapparat for Høgre, og at tenkjetankar kom til å øydeleggje partia som politiske verkstader. Men det var aldri ambisjonen min å råke partia. Eg synest heller at partia har lært litt av oss: No har dei òg ideologiverkstader og frukostmøte, seier Clemet.

– Og du skal vere uvanleg lite samfunnsinteressert om du ikkje finn noko av interesse hos oss. Dette er ikkje noka einsidig propagandamaskin. Eg trur det er ein grunn til at unge menneske er tiltalte av Civita.

– Wining and dining, turar til Oxford, kjende akademikarar og kul filosofi – det er vanskeleg å matche for eit partilag på Bryne eller Grorud?

– Du får det til å høyrast ut som det er så fint, men det er ikkje fine middagar, altså. Men ja, dei kjem til oss og får politikk presentert på ein annan måte. Vi har topp foredragshaldarar frå akademia, politikk og næringsliv. Rune Bjerke har reist til Bergen og forelese for 30 menneske på Civita-møte, og Sigve Brekke har tilbydd seg å gjere det same.

– Det er meir sus over å høyre Lars Fredrik Svendsen snakke om fridomens filosofi enn å sjå på powerpoints frå ein underdirektør i NHO?

– Eg låg sjølv under for karikaturen av høgresida da eg kom hit. Da vi annonserte etter folk, såg eg for meg søknader frå NHH og BI. Men det var masse filosofar og andre akademikarar som søkte. Og den faglege breidda er ein av suksessfaktorane våre.

Civita – og det konservative tidsskriftet Minerva – har gjort ordskiftet i Noreg meir mangfaldig, meiner Clemet.

– I mange år var venstresida heilt dominerande i kultureliten og akademia. Høgresida høyrde du helst når det handla om næringsliv eller bensinpris. No er det mange stemmer som snakkar frå eit borgarleg perspektiv. Kor stor ære Civita skal ha, er usikkert. Men litt er det nok.

Libertas

I mangt og mykje minner Civita om Libertas, som vart stifta i 1947 for å «arbeide for åndsfrihet, næringsfrihet og politisk frihet» og særleg kjempa mot reguleringspolitikken til Arbeidarpartiet. Libertas vart lagd ned i 1988, men pengane frå organisasjonen vart overførte til Liberalt Forskningsinstitutt (Lifo), som gjev støtte til Civita.

– Det er få som seier «Libertas» utan ein hånleg snert. Kvifor feila Libertas, medan Civita har lukkast?

– Om du ser på det Libertas stod for, var det ikkje så flautt i det heile. Veldig mykje av det Libertas ønskte, vart gjennomført. Den største feilen deira var noko å prøve å vere eit slags hemmeleg nettverk. Civita har vore opne heile vegen.

– Libertas var ikkje eingong særleg populære i Høgre?

– Nei, det var ganske heftige konfliktar mellom Høgre og Libertas. Mest på grunn av måten dei jobba på.

Advokat Aage Figenschou var ein overgangsfigur her: Som styreleiar i Lifo fekk han NHO og Rederiforbundet med på å finansiere Civita i 2003. Og han var svært nøgd ti år seinare: «Det gleder meg uendelig at Civita har klart å få en slik innvirkning på en offentlig debatt som vi på høyresiden i altfor mange år den gangen følte var totalt dominert av venstresiden», sa Figenschou til Morgenbladet i 2013.

– Figenschou hadde drøymt om ein slik tenkjetank lenge. Eg snakka med han om det ein gong på slutten av 80- eller starten av 90-åra, seier Clemet.

– Men eg håpar òg vi har vist at Civita er uavhengig. Når eg snakkar med forskarar om korleis vi jobbar, blir dei ofte mållause. Dei seier at vi er mykje meir uavhengige enn dei. Så mykje forsking er styrt av pengar, konklusjonane er bestilte på førehand, og om rapportane ikkje passar oppdragsgjevaren, blir dei berre lagde i ein skuff. Civita er ein draumemodell for forskarar: Dei som gjev oss pengar, kan ikkje krevje noko attende. Og styret kan ikkje instruere oss.

Skatt og filosofi

«Lager klubb for søkkrike», var tittelen i VG i 2003 da Civita vart stifta. Mykje av kritikken i starten gjekk ut på at ein ikkje skulle kunne kjøpe seg til politisk makt. I dag kryr det av tenkjetankar, og også Agenda har mykje pengar (frå LO og milliardær Trond Mohn). Men like fullt: Hadde ikkje den tidlege kritikken noko for seg? Sidan 2003 har Civita fått og brukt kring 150 millionar kroner. Og det er rimeleg å tru at NHO, Lifo, Rederiforbundet, Virke, Johan H. Andresen, Jotun, Helene Sundt, Leif Høegh, Stein Erik Hagen, Carl Otto Løvenskiold, Christen Sveaas og dei andre gjevarane vil meir med gåvene sine enn å gje Noreg meir spennande debattar. «Likviditetsgrad: Meget god. Lønnsomhet: Ikke tilfredsstillende», står det om Civita på Proff.no. Men konvensjonelle mål for lønsemd passar ikkje her.

– Mange av dei som har putta pengar på Civita, håpar vel at de skal ha politisk påverknad. Dette er ikkje rein filantropi?

– Det kan vere at nokre av gjevarane håpar vi kan bidra til å få borgarlege regjeringar og ein betre politikk. Men motiva er ulike. Johan H. Andresen seier at han meiner Civita er med på å gje betre leiarar i Noreg. Andre seier at bidraga våre i samfunnsdebatten er viktige i seg sjølve.

– Men det finst grenser for den akademiske fridomen du skildrar. Om Civita byrja å argumentere for eit høgare skattenivå i Noreg, ville mange av gjevarane truleg seie takk for seg.

– Vi er jo ei liberal tankesmie, så å arbeide for å heve skattane er neppe så aktuelt. Men vi har vi har foreslege reformer som inneber høgare bustad- og eigedomsskatt og klimaavgifter. Og vi har påpeika at det kan bli naudsynt med auka skatt i framtida om vi skal finansiere ein like omfattande velferdsstat som no.

– Dei som finansierer Civita, er truleg meir opptekne av formuesskatt enn av dei finare nyansane i filosofien til Edmund Burke?

– Det er berre ein påstand. Men det ville vere rart om Civita skulle gje ut eit kampskrift for planøkonomi. Vi har eit liberalt føremål. Men når vi har bede om tilbakemeldingar frå lesarane våre, fagrådet vårt og bidragsytarane, ser vi at bidragsytarane er relativt sett meir interesserte i økonomisk politikk. Og dei er nok òg opptekne av formuesskatten, sidan mange av dei invsterer i bedrifter. Vi spør ikkje dei fattigaste i Noreg om å gje pengar til Civita.

– Om nokre av gjevarane ser på gåvene til Civita som ei investering, skal det ikkje så stort kutt i formuesskatt til før pengane er inntente?

– Det er ein håplaus påstand. Det blir sagt at dei rike har fått så mykje skattelette under den borgarlege regjeringa. Men i realiteten er eigarskattlegginga i Noreg tidobla sidan 2005. Formuesskatten er ikkje fjerna, og utbyteskatten har auka og auka, seier Clemet.

– Om bidragsytarane trur at formuesskatten skal bli fjerna fordi vi er flinke til å jobbe for det, gjev det oss eit langt liv. Den noverande regjeringa kjem i alle fall ikkje til å få til noko stort på det feltet i denne perioden.

Noreg har fått si første borgarlege fleirtalsregjering sidan 1983. Men når det gjeld skattepolitikk, er Kristin Clemet framleis i opposisjon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi spør ikkje dei fattigaste i Noreg om å gje pengar til Civita.

– Eg vil meine at Frp har endra seg meir enn eg har.

– Jo lenger ned på grunnplanet i KrF du kjem, jo blåare blir det.

Kristin Clemet, dagleg leiar i Civita

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis