Kristeleg Folkeparti i Noreg i dagHareides høgsong til eit nytt KrF gjer han ikkje til samlande konge i borgarkrigen i partiet.

Hareides høgsong til eit nytt KrF gjer han ikkje til samlande konge i borgarkrigen i partiet.

Partileiar Knut Arild Hareide lanserte boka si tysdag denne veka.
Partileiar Knut Arild Hareide lanserte boka si tysdag denne veka.
Publisert

Toget mellom Stavanger og Kristiansand går gjennom det mørke fastlandet og lange tunellar. I Gyland mista lokomotivet framdrift, så Byråsjefen blei sittande og venta eit par timar på ein nedlagd stasjon. På venteromet var det ei hylle der folk hadde lagt frå seg lesestoff til hugsvale og vederkvegelse – mellom anna fleire nummer av «kristenfolkets egen avis»: Norge IDAG, utgitt i Bergen og finansiert av offentleg pressestøtte og Kristenfolkets Pressestøttefond.

Byråsjefen las med stigande undring. Han har kjent det stramme bibelbeltet, men trudde indremisjonsfolket hadde tagna og enda som ei oppgitt og sur lita utgruppe som gøymer seg på bedehus som står til nedfalls. I møtet med vekeavisa som «taler der andre tier» forstod han at det har gått frå vondt til verre, for dei nyevangeliske i Noreg i dag er minst like einspora enn dei gamle. Dei fundamentalistisk sterktruande er fleire enn mange vil tru, men dei lever i sin eigen røyndom i lommer som er framandkulturelle for hovudstraumen. Samanlikna med magazina deira står redaktør Vebjørn Selbekk i Dagen fram på offentlege plattformer som ein vidsynt liberalar.

I NORGE IDAG går det i Skriften og Guds eige ord, under og mirakel, visjonar og vekking, ekstatisk frelse, ekteskap og homoseksualitet, forfall og endetid. Her er nokre titlar på reportasjar frå underfulle bibelcampar og sommarstemne og med amerikanske TV-predikantar:

«Verdensmester i jiu-jitsu skal trene Jan Hanvold»; «TX-Viking ledet over 90 personer til Jesus»; «190 frelst på Ufestival på Hedmarktoppen»; «Den hellige ånd trakk fullt hus i Uppsala»; «Glede, fryd og stor halleluja-faktor»; «Livet med Jesus er herlig»; «Han ble frelst og reiste seg opp etter 8 år i rullestol»; «Jeg fikk min sønn og min kone tilbake fra de døde». Men først og sist er det Israel og atter Israel: «Israel ­ – 70 år med bibelske profetier»; den faste serien «Den positive historia om Israel som media ikkje syner»; «Norge utfordrer Israels tålmodighet». Den størte annonsen i bladet er for saliggjerande kosmetiske produkt frå Daudehavet.

Innimellom alt dette vedunderlege som har skjedd og skal skje med den heilage andes gjerningar, er det ros av Sylvi Listhaug og Donald Trump, pluss gode råd til Kristeleg Folkeparti om å finna tilbake til den smale vegen i fylket der partiet såg dagsens ljos og har hatt sitt solide grunnfjell. Men dei politiske heltane som blir hylla sterkast, er tillitsvalde KrF-arar som har meldt overgang til PDK (Partiet De Kristne).

KNUT ARILD HAREIDE frå Bømlo i nye Vestland fylke byr på politiske tankar og seg sjølv (på bokmål) på det sekulære Aschehoug forlag: Det som betyr noe. Et KrF for vår tid – med mark-
nadsførande smakebitar i relevante aviser som Klassekampen og Vårt Land. Det er slikt franske presidentkandidatar, Jonas Gahr Støre (I bevegelse og Å gjøre en forskjell) og Erna Solberg (Mennesker, ikke milliarder) gjer når dei vil skapa seg som reflekterte, nytenkande og truverdige vegvisarar for flokken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement