Kommentar

Krisehandtering i ekkokammer

Putin-regimet er eit godt døme på at hemmelege tenester ikkje bør få for mykje makt. Handsaminga av Ukraina har vore ein katastrofe.

Publisert Sist oppdatert

For få dagar sidan kom meldinga om at Putin hadde sett to av toppleiarane i tryggingstenesta FSB i husarrest. Årsaka var – trur dei fleste – at dei to hadde villeia Putin om stoda i Ukraina.

Sergej Beseda og Anatolij Boljukh er ikkje nokon kven-som-helst i den russiske tryggingstenesta. Inntil for få dagar sidan stod dei i spissen for det som går under namnet Den 5. avdelinga av FSB, som har ansvaret for såkalla «operativ informasjon og internasjonalt samband». Oversett til vanleg språk tyder det at jobben desse to har, er å fortelja den russiske toppleiinga kva som skjer utanfor grensene til Russland, og ikkje minst i Ukraina.

Sett i ettertid er det underleg at Putin ikkje har vore meir skeptisk til den informasjonen han har motteke frå Beseda. I 2014 var FSB-toppen i Kyiv i dei kritiske dagane då den russiskstøtta presidenten, Viktor Janukovitsj, var i ferd med å flykta frå landet. Det blir hevda frå ulike kjelder at Beseda blei teken på senga av den dramatiske utviklinga. Og så, når me nærmar oss den russiske invasjonen 24. februar i år, var den same Beseda med på å styrka Putin i trua på at det var eit isolert, naziinspirert regime som sat med makta i Kyiv. Det ville berre vera å senda ut nokre tusen soldatar, så ville regimet overgje seg. Slik blei Putin overtydd om at han gjennom ein kirurgisk operasjon kunna endra det strategiske landskapet i Europa.

Sjølvsagt har det vore motrøyster til dette glansbiletet, også innanfor FSB. Mange russiske journalistar har forlate landet dei siste åra, men fleire av dei har framleis gode kontaktar i makteliten i Moskva. Vladimir Osetsjkin, som driv nettsida Gulagu.net, har offentleggjort ulike skriv av ikkje-namngjevne FSB-medarbeidarar. I eit brev slår ein FSB-tilsett fast at dei hemmelege tenestene ser ut til å ha vore lamma i forkant av invasjonen. Grunnen var ganske enkelt at den øvste leiinga i landet ikkje fortalde FSB at ein invasjon var i kjømda. FSB kunne difor ikkje fortelja Putin at dei økonomiske sanksjonane ville øydeleggja russisk økonomi. Ei annan FSB-kjelde skriv, riktignok to veker inn i krigen, at Russland ikkje har utsikt til å vinna. «Situasjonen vår no er slik han var for Tyskland i 1943–1944, sett bort frå at det som skjer no, er startpunktet vårt.»

Gamle kameratar

Mange i FSB har altså vore klare over stoda i Ukraina, men Putin ser ut til å ha høyrt berre på dei som har den same oppfatninga av røyndomen som han sjølv. Ein kan dessutan ikkje sjå bort frå at berre informasjon som ein trudde sjefen ville lika, blei kanalisert oppover i systemet. At Putin har stolt spesielt på Beseda, er heller ikkje så rart. Dei to er jamgamle og har følgt kvarandre gjennom karrieren. I ung alder blei dei båe tekne opp i KGB og blei medlemmer av den privilegerte klassa i Sovjetunionen. På 1990-talet skifta dei politiske vindane, og Putin og kameratane hans måtte gå i teneste for anten Jeltsin-regimets folk eller nyrike oligarkar. Denne degraderinga av tryggingstenesta og folka som arbeidde der, blei rette opp nyttårsaftan 1999. Då kom Vladimir Putin til makta i Russland. I røynda var det FSB – altså det gamle KGB – som tok over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement