Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kriseberedskap og improvisasjon

Norsk pandemiberedskap har handla om evna til å hive seg rundt når krisa kjem. Ei styrking av intensivkapasiteten har ikkje vore del av pandemiplanane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Overlegane Christina Schøndorf (t.v.) og Anne Bøen klargjer den eine kohortstova ved intensivavdelinga på OUS Ullevål sykehus. Her blir det plass til fire koronapasienter, sannsynligvis på respirator.

Foto: Anders Bayer / OUS / NTB scanpix

3325
20200320
3325
20200320

peranders@dagogtid.no

Det har lenge vore klart at intensivkapasiteten i Noreg er for liten til å handtere ein alvorleg pandemi. Våren 2009 såg svineinfluensaen frå Mexico ut til å kunne bli eit stort trugsmål. Helseminister Bjarne Håkon Hanssen åtvara om at 1,2 millionar nordmenn kunne bli smitta og 18.000 døy av influensaen. På den tida hadde norske sjukehus mellom 280 og 290 intensivplassar, altfor lite til å møte noko slikt. Regjeringa satsa på å auke intensivkapasiteten i all hast og kjøpte mellom anna inn 400 nye respiratorar til sjukehusa.

Men svineinfluensaen vart langt mildare enn frykta, og regjeringa fekk kritikk for å ha overreagert. Sjukehusa fekk nyare og betre utstyr takk vere svineinfluensaen, men intensivavdelingane ved norske sjukehus vart ikkje varig utvida. Og heller ikkje seinare utgreiingar og beredskapsplanar for pandemiar har lagt opp til å auke talet på intensivplassar. Kapasiteten ved sjukehusa er i praksis teken for gjeven, ei avgrensing ein må leve med.

I stortingsmeldinga Beredskap mot pandemisk influensa frå 2012 står dette: «For departementet er det (…) viktig at helsetjenestens beredskapsplaner er basert på et føre-var-prinsipp.» Men departementet tek ikkje ansvar for å sikre kapasiteten ved intensivavdelingane. Det blir overlate til dei einskilde helseføretaka, som skal lage sine eigne beredskapsplanar for pandemi.

I Nasjonal beredskapsplan pandemisk influensa (2014) står dette om svineinfluensaen i 2009: «Til tross for at dette var en mildt forløpende pandemi var det liten restkapasitet i helse-og omsorgstjenesten. Mange intensivavdelinger rapporterte om sprengt kapasitet.» Men planen seier ingenting om at kapasiteten ved sjukehusa skal styrkjast.

I Nasjonal beredskapsplan mot utbrudd av alvorlige smittsomme sykdommer (2019) står dette om store sjukdomsutbrot som pandemisk influensa: «Det kan oppstå en situasjon med så mange syke at det ikke er nok enerom, isolater og intensivsenger på sykehus til å behandle disse med ordinær drift.» Men heller ikkje denne planen tek til orde for å styrkje kapasiteten. I staden blir ansvaret lagt på sjukehusa for å handtere ein pandemi som best dei kan: «Alle sykehus skal (…) ha beredskapsplaner for å endre aktivitet, bruk av lokaler og personale i en slik situasjon.»

Og i dei faglege råda for pandemiplanlegging frå Helsedirektoratet er situasjonen skildra utan sminke: «Helsetjenesten er dimensjonert og bemannet for befolkningens vanlige behov for tjenester. Store utbrudd kan medføre at den ordinære kapasiteten i sykehus ikke strekker til.»

Dag og Tid har ikkje gått gjennom alle beredskapsplanane for dei norske helseføretaka. Men kapasiteten ved intensivavdelingane fortel at dei er dimensjonerte for ein normalsituasjon. Så har da òg sjansane for ein alvorleg pandemi verka svært små inntil nyleg. I den nyaste utgåva av Regional beredskapsplan for pandemi og alvorlig smittsom sykdom for Helse Sør-Øst står dette: «Større utbrudd av høyrisikosmittesykdom regnes i dag som mindre sannsynlig.»
Planen er datert 3. februar 2020. Fire dagar tidlegare hadde WHO erklært koronaepidemien som ein global krisesituasjon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den danske forfattaren Olga Ravn har skrive ein slags litterær true crime om hekseprosessane.

Foto: Sara Galbiati

BokMeldingar

Kvinner som brenn

Olga Ravn fortel om trolldomsprosessar på 1600-talet.

Hilde Vesaas

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis