Krisa som nær øydela kapitalismen

I år er finanskrisa offisielt over. Alle land i OECD får vekst, men det er utanpå. Den europeiske sentralbanken åleine skapte 22.000 milliardar nye kroner mellom 2008 og 2012. Det meste gjekk til dei rikaste.

Publisert Sist oppdatert

Om du ikkje greier å betala på bustadlånet og inntektene dine aldri ser ut til å vera høge nok, kven bergar deg frå konkursen? Tja, kanskje familien, kanskje vener, men mest truleg ingen. Du er stort sett åleine der ute. Kva hender om ein bank ikkje greier å betala på låna sine, pengane dei har lånt frå deg og meg og som vi trur står trygt på konto? Vel, banken går ikkje konkurs, so mykje ser ut til å vera sikkert, for staten kjem og bergar han, gong etter gong etter gong.

Det var det som hende i 2008 og 2009 og i åra etterpå. Sentralbank etter sentralbank gjekk inn og berga banknæringa frå konkurs. Og i år, kjære lesar, er finanskrisa over. Alle, kvar einaste OECD-stat som vart råka av krisa, kjem etter det meste å døma til å få vekst i økonomien, og når det er vekst i ein økonomi, er krisa over. Men det er, for å skriva om barnesongen, berre utanpå. Finanskrisa har endra verdsøkonomien fundamentalt og neppe til det betre, i det minste ikkje for vanlege folk. Bankdirektørane, derimot, har lite å klaga over.

I alle høve: Den 5. juni førde Den europeiske sentralbanken, ESB, som den fyrste store sentralbanken i verda, inn ei minusrente på 0,10 prosent. Vil du setja inn pengar hjå ESB, må du betala for det, og for å seia det slik: Ein sentralbank som ter seg sånn, representerer ikkje ein økonomi som er frisk. Når kapitalen vert nær kostnadsfri, har kapitalismen mist det meste av krafta og sjølve grunnlaget for eksistensen sin. For når alt er gratis, kva er då poenget med å taka risiko?

Deflasjonen kjem!

Men det er slikt som må til skal ein hindra den kalde handa til deflasjonen i å gripa tak i oss. For eurosonas del byrja dei store problema våren 2010. Då fann Tyskland ut at dei ville garantera for heile den greske statsgjelda, og det trass i at korkje EU eller nokon annan internasjonal organisasjon hadde forplikta seg til noko slikt. Grunnen til at Tyskland gjorde dette, var både nasjonal og internasjonal. Den nasjonale var at tyske bankar var dei bankane i eurosona som hadde lånt ut mest pengar, i gjennomsnitt nær 60 gonger eigenkapitalen, dobbelt so mykje som amerikanske bankar. Svært mykje av desse utlåna var til Sør-Europa, til Italia, Hellas og Portugal i form av statsobligasjonar, til Spania i form av bustadlån. Den tyske regjeringa visste at om dei lét Hellas gå konkurs, ville renta på alle utlån gå opp, og dimed ville mykje av pengane som dei tyske bankane hadde i sør, gå tapt.

I tillegg meinte Tyskland at sjølve euroen var truga om Hellas gjekk konkurs. Då kunne grekarane finna på å gå ut for slik å få ein svakare valuta. Andre statar i EU meinte sjølvsagt det same som Tyskland, men det var Berlin som avgjorde. For at tyske veljarar ikkje skulle få inntrykk av dei måtte betala alt, fekk Berlin og EU-kommisjonen Det internasjonale pengefondet (IMF) med på bergingspakken. Dimed var krisemodellen for EU etablert. Når eit land var i krise, rykte den sokalla troikaen, EU-kommisjonen, ESB og IMF, inn. Modellen er elles no daud. IMF har ikkje mandat til å gje pengehjelp til ein stat utan at dei er sikre på at den same staten kan betala all skulda. Om dei ikkje er sikre på det, skal dei fyrst krevja gjeldssanering, altso konkurs. Leiinga i IMF har i ettertid gått ved at dei alt i 2010 forstod at Hellas ikkje kunne betala heile skulda. I 2012 fekk so Hellas store avskrivingar på skulda si, og IMF tapte truverd. Dei kjem neppe til å gå inn i noko euroland etter det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement