Kringsett av fiendarOm russarane kjenner seg innsirkla i nordvest, er det ikkje heilt utan grunn.Gjennom heile den kalde krigen hadde Sverige og Finland status som alliansefrie land. Sjølv om dei to statane politisk sett høyrde til i den vestlege sfæren, v
Om russarane kjenner seg innsirkla i nordvest, er det ikkje heilt utan grunn.
Gjennom heile den kalde krigen hadde Sverige og Finland status som alliansefrie land. Sjølv om dei to statane politisk sett høyrde til i den vestlege sfæren, var dei likevel å rekne som ein buffer mellom Nato og Sovjetunionen, og det bidrog truleg til å redusere spenninga i Nord-Europa.
I dag er desse landa i praksis for Nato-medlemmer å rekne, sjølv om medlemskapen ikkje er formalisert. Dei to statane inngjekk ein såkalla vertslandavtale med Nato i 2014. Og i mai i år henta US Marines frå 4. tankbataljon ut nokre av panservognene som er lagra i fjellhallane i Trøndelag, og reiste austover for å delta i militærøvinga Arrow 18 i Finland. Det amerikanske bidraget til øvinga ville ikkje vore mogleg utan utstyrslagringa i dei norske fjellhallane, fortalde kaptein Matthew Anderson frå US Marines til militærtidsskriftet Stars and Stripes. Hallane skal innehalde utstyr og forsyningar nok til ein brigade på 4600 mann.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.