KrigsstiSidan eg sist tok opp samspelet mellom fotgjengarar og syklistar på gang- og sykkelvegar i denne spalta, har eg funne ut meir om kvifor det er så forvirrande: Det finst reglar for syklistane på slike vegar, men ikkje for fotgjengarane. Dermed er de

Foto:
Foto:
Publisert Sist oppdatert

Sidan eg sist tok opp samspelet mellom fotgjengarar og syklistar på gang- og sykkelvegar i denne spalta, har eg funne ut meir om kvifor det er så forvirrande: Det finst reglar for syklistane på slike vegar, men ikkje for fotgjengarane. Dermed er det gode vilkår for konflikt.

Syklistane, som førarar av køyrety, skal ferdast på høgre sida, medan fotgjengarane har lov til å gå kor dei vil. Ein syklist som innhentar ein fotgjengar, skal passera fotgjengaren «i tilnærma gangfart», og, om naudsynt stoppa heilt opp. Det er lettare sagt enn gjort.

Å henta inn ein joggar og koma seg forbi på sykkel i tilnærma gangfart er uråd utan å bryta lova, og om dei to skulle støyta saman, er det alltid syklisten som må bera skulda og ansvaret for det. Slik er rettspraksis, stadfest i ei rekkje dommar mot syklistar her i landet.

Til grunn for denne asymmetrien ligg at gang- og sykkelvegar ikkje lèt til å ha eigne trafikkreglar. I retten blir difor paragraf 18 «om sykling på gangveg, fortau eller i gangfelt», nytta – ein paragraf som skal verna fotgjengarar mot køyrety. Såleis er det berre i namnet gang- og sykkelsti at dei to gruppene er likestilte. Syklistane har etter lova vikeplikt for alle ikkje-syklistar. Det gjeld òg om fotgjengarane går med hette, øyreklokker med musikk og blikket festa på mobiltelefonen.

At den som har størst fart òg har størst ansvar, verkar fornuftig. Om ein skal sykla legalt til og frå arbeid, til dømes, slik samfunnet elles ønskjer og ser seg tent med, er den kombinerte gang- og sykkelvegen ubrukeleg. Men på bilvegen finst ingen regel om at den som har størst fart (og masse) dimed har ansvar og skuld for eventuelle samanstøytar. Der er det berre sau og geit som har eit rettsvern som liknar det fotgjengarar har på gang- og sykkelveg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement