Utanriks

Krigens arkeologi

Mange sivile grev skyttargraver, dag og natt, medan dei ventar på at russiske stridsvogner og infanteri skal rykke fram. Og medan dei grev, dukkar det opp uventa funn – ikkje militære, men arkeologiske.

Ein mann går ned i krateret etter ei russisk bombe i landsbyen Byshiv ved Kyiv 12. mars, der det stod eit kultursenter. I krigens arkeologi vert kulturlaga blanda.
Ein mann går ned i krateret etter ei russisk bombe i landsbyen Byshiv ved Kyiv 12. mars, der det stod eit kultursenter. I krigens arkeologi vert kulturlaga blanda.
Publisert

Eg vart fødd i 1961, 16 år etter slutten på andre verdskrigen, der ein av bestefedrane mine døydde, den andre overlevde. I heile barndomen leika vi krig med vener.

Vi delte oss i to grupper: vi og «tyskarane». Ingen ønskte å vere «tyskar». Da trekte vi lodd, og da laut somme likevel vere «tyskarar» så lenge leiken vara. Det seier seg sjølv at «tyskarane» burde tape. Vi sprang rundt med liksomkalasjnikovar av tre, «skaut» mot fienden frå bakhald, kauka «tra-ta-ta» og herma lyden av maskingevær.

I fjerde klasse fekk vi velje eit framandspråk. Eg nekta blankt å slutte meg til tyskgruppa. «Dei drap bestefar Alexej!», sa eg, og ingen freista overtyde meg om å lære tysk. Eg valde engelsk. Britane var våre allierte i den krigen. No har omgrepet «vi» endra meining. Likevel, britane er framleis våre allierte. Men no er det ikkje «vi sovjetarar», det er «vi ukrainarar».

Det gjer meg trist å tenkje på at etter krigen, når born får tilbod om russisk i skulen, vil dei avslå blankt og seie: «Russarane drap bestepappaen min!» eller «Russarane drap veslesøstera mi!».

Det vil heilt sikkert skje. Og det i eit land der halve folkesetnaden snakkar russisk, der det er fleire millionar etniske russarar som meg.

Putin øydelegg ikkje berre Ukraina, han øydelegg Russland, og han øydelegg det russiske språket. I dag, under denne fryktelege krigen, i ei tid da russiske bombefly bombar skular, universitet, sjukehus, meiner eg at det russiske språket er eit av dei minst viktige offera i denne krigen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement