Krigen som skulle gjera slutt på alle krigar

Vanvitet som skulle kjenneteikna første verdskrigen, vara ved heilt til siste sekund. Våpena tagde klokka 11.00 den 11. november 1918, truleg for at denne historiske augneblinken skulle vera lett å hugsa i fredstida som no venta. For dette skulle vera krigen som gjorde slutt på alle krigar.

Inspirert av eit dikt skrive av ein soldat under første verdskrigen, er den raude valmuen vorten brukt som symbol for å minnast soldatar som har mista livet i krig.
Inspirert av eit dikt skrive av ein soldat under første verdskrigen, er den raude valmuen vorten brukt som symbol for å minnast soldatar som har mista livet i krig.
Publisert

Blodbadet på dei verste av slagmarkene, for ikkje å seia slaktehusmarkene, var slik at det enno stikk morkne beinrestar opp frå jorda ved Tannenberg, Marne, Verdun og Somme. Eit vakrare og like talande symbol er valmuane på desse slagmarkene. «The poppies of Flanders» er framleis eit omgrep. Dei vart gjødsla med menneske som skulle ha vore brukt til noko anna og betre.

Kor mange menneskeliv som gjekk tapt, er framleis ikkje sikkert. Det vanlegaste overslaget er at ni millionar soldatar fall, anten dei drukna i gjørma i skyttargravene eller dei vart skotne da dei storma maskingeværstillingar. Sju millionar sivile liv vart like verjelause offer. Det er ei mager trøyst at det var fleire som bukka under for spanskesjuka, den store influensaepidemien i omtrent same periode.

Langt ut i 1970-åra var minnesida i London-avisa The Times prega av små annonsar, underteikna av ei einsleg, eldre kvinne som hadde mista mann, kjærast eller bror ein stad i Frankrike eller Belgia på ein dato i åra 1914–1918. Ein av dei siste som stupte, var den 25 år gamle diktaren Wilfred Owen. Han vart skoten 4. november 1918 da han skulle ta seg over ei elv. I dag er han hugsa for det beiske og groteske diktet om eit gassangrep under tittelen (på latin) «Vakkert og verdig er det å døy for fedrelandet».

Skota i Sarajevo

Forenkla til det groteske er den versjonen som vil ha det til at det var attentatet på den austerrikske tronarvingen Franz Ferdinand og gemalinna hans, Sophie, i Sarajevo 28. juni 1914, som var årsak til det fire år lange blodbadet. Det var ein ung serbar, Gavrilo Princip, som skaut Ferdinand. Da Tyskland og Austerrike la press på kongedømet Serbia, stilte Tsar-Russland opp som garantimakt for dei serbiske trusbrørne sine. Den utviklinga som fekk namnet julikrisa, makta ingen å stansa, og dei formelle krigserklæringane kom ved månadsskiftet juli–august. Frankrike og Storbritannia sto skulder ved skulder med Russland. Den som skimta ein krig av eit omfang som ingen kunne bremsa, var den britiske utanriksministeren Sir Edward Gray: «Lysa sloknar, eitt for eitt, over Europa, og lang tid skal gå før vi får sjå dei tennast på ny.»

I tida fram til sommaren 1914 hadde dei europeiske stormaktene rusta opp og budd seg på krig. Særleg vart sjøkrigsmakta utvikla med langt meir effektive slagskip. I dag er det lett å sjå «episodar» som Marokko-krisa i 1911 og Balkan-krigane i 1912–1913 som førebuing og øving.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement