JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Krigen som skulle
gjera slutt på alle krigar

Vanvitet som skulle kjenneteikna første verdskrigen, vara ved heilt til siste sekund. Våpena tagde klokka 11.00 den 11. november 1918, truleg for at denne historiske augneblinken skulle vera lett å hugsa i fredstida som no venta. For dette skulle vera krigen som gjorde slutt på alle krigar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Inspirert av eit dikt skrive av ein soldat under første verdskrigen, er den raude valmuen vorten brukt som symbol for å minnast soldatar som har mista livet i krig.

Foto: Virginia Mayo / AP / NTB scanpix

5457
20181109
5457
20181109

Den første verdskrigen

Blodbadet på dei verste av slagmarkene, for ikkje å seia slaktehusmarkene, var slik at det enno stikk morkne beinrestar opp frå jorda ved Tannenberg, Marne, Verdun og Somme. Eit vakrare og like talande symbol er valmuane på desse slagmarkene. «The poppies of Flanders» er framleis eit omgrep. Dei vart gjødsla med menneske som skulle ha vore brukt til noko anna og betre.

Kor mange menneskeliv som gjekk tapt, er framleis ikkje sikkert. Det vanlegaste overslaget er at ni millionar soldatar fall, anten dei drukna i gjørma i skyttargravene eller dei vart skotne da dei storma maskingeværstillingar. Sju millionar sivile liv vart like verjelause offer. Det er ei mager trøyst at det var fleire som bukka under for spanskesjuka, den store influensaepidemien i omtrent same periode.

Langt ut i 1970-åra var minnesida i London-avisa The Times prega av små annonsar, underteikna av ei einsleg, eldre kvinne som hadde mista mann, kjærast eller bror ein stad i Frankrike eller Belgia på ein dato i åra 1914–1918. Ein av dei siste som stupte, var den 25 år gamle diktaren Wilfred Owen. Han vart skoten 4. november 1918 da han skulle ta seg over ei elv. I dag er han hugsa for det beiske og groteske diktet om eit gassangrep under tittelen (på latin) «Vakkert og verdig er det å døy for fedrelandet».

Skota i Sarajevo

Forenkla til det groteske er den versjonen som vil ha det til at det var attentatet på den austerrikske tronarvingen Franz Ferdinand og gemalinna hans, Sophie, i Sarajevo 28. juni 1914, som var årsak til det fire år lange blodbadet. Det var ein ung serbar, Gavrilo Princip, som skaut Ferdinand. Da Tyskland og Austerrike la press på kongedømet Serbia, stilte Tsar-Russland opp som garantimakt for dei serbiske trusbrørne sine. Den utviklinga som fekk namnet julikrisa, makta ingen å stansa, og dei formelle krigserklæringane kom ved månadsskiftet juli–august. Frankrike og Storbritannia sto skulder ved skulder med Russland. Den som skimta ein krig av eit omfang som ingen kunne bremsa, var den britiske utanriksministeren Sir Edward Gray: «Lysa sloknar, eitt for eitt, over Europa, og lang tid skal gå før vi får sjå dei tennast på ny.»

I tida fram til sommaren 1914 hadde dei europeiske stormaktene rusta opp og budd seg på krig. Særleg vart sjøkrigsmakta utvikla med langt meir effektive slagskip. I dag er det lett å sjå «episodar» som Marokko-krisa i 1911 og Balkan-krigane i 1912–1913 som førebuing og øving.

Hausten 1914 hadde den russiske hæren stor framgang mot Tyskland, og i vest hadde Tyskland stor framgang mot Frankrike. Men så stivna frontane, og dei neste tre åra var for det meste stillingskrig. For russarane vart tapa og kostnadene så store at tsarveldet braut saman i februar–mars 1917, og kommunistane tok makta i november det året. Russland gjekk ut av krigen ved separatfreden med Tyskland i Brest-Litovsk i mars 1918. Da hadde USA gått med i krigen på britisk-fransk side, og her ser vi linene framover: Eit av dei amerikanske kompania som først var sett i land i Europa, sto under leiing av kaptein Harry S. Truman (president i USA frå 1945 til 1953), og ein annan leiar var oberst George Marshall, Trumans forsvars- og utanriksminister.

Europakartet endra

For dette vart ikkje krigen som gjorde slutt på alle krigar. Derimot var europakartet endra, og på slagmarka låg ikkje mindre enn fire imperium saman med dei mange millionar individ: det ottomanske (tyrkiske), tyske og russiske imperiet, og habsburgarmonarkiet.

Nasjonar fekk sine eigne statar: Polen, som hadde vore borte frå kartet i 120 år, dukka opp att, Tsjekkoslovakia vart ein ny mangenasjonsstat, Ungarn fekk landområdet sitt redusert til ein tredjedel, dei tre baltiske landa (Estland, Latvia og Litauen) fekk sjølvstende fordi det russiske imperiet hadde gått i oppløysing. Om det så var Ukraina, fekk landet sjølvstende ei kort tid før det i 1922 vart ein del av det nye Sovjetunionen.

Dei nye statane var ein konsekvens av dei 14 punkta som den amerikanske presidenten Woodrow Wilson hadde utforma. Eit tilleggspunkt var at den nye fredsordninga skulle administrerast av eit folkeforbund. Men den amerikanske nasjonalismen styrkte seg i etterkrigstida, og i ein innsats som øydela helsa hans, måtte Wilson gi opp freistnadene på å få USA med i denne samanslutninga.

Fredskonferansen i Versailles i 1919 vedtok så harde straffetiltak mot det nye Tyskland, at dei skapte grobotn for hemntankar. Slik kan oppgjeret etter «den store krigen» få plass i historia som eit forspel til neste storkrig, berre 20 år seinare.

Det vi har, i tillegg til valmuane og alle gravene, er litteraturen. I november 1918 låg ein 19 år gamal amerikansk ambulansesjåfør på sjukehus i Italia. Han heitte Ernest Hemingway. Wilfred Owen har vi nemnt. Tyskarane fekk ein roman: Im Westen nichts Neues – Intet nytt fra Vestfronten. Forfattaren heitte Erich Maria Remarque. I Russland hadde ein 28-åring som vart vraka som soldat, teke til å skriva merkelege dikt: Boris Pasternak.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ei mager trøyst at det var fleire som bukka under for spanskesjuka, den store influensaepidemien i omtrent same periode.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis