Sideblikk

Krigen mot narkotikabruk er over

Tunge og helseknekte narkomane er ei anna sak enn festbrukarar og utprøvande ungdom.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og helse- og omsorgsminister Bent Høie presenterte framlegget til rusreform 19. februar i år. Til venstre leiar i Foreningen for human narkotikapolitikk Arild Knutsen og leiar i RIO Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon Kenneth Arctander Johansen.
Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og helse- og omsorgsminister Bent Høie presenterte framlegget til rusreform 19. februar i år. Til venstre leiar i Foreningen for human narkotikapolitikk Arild Knutsen og leiar i RIO Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon Kenneth Arctander Johansen.
Publisert

Eit rusfritt samfunn er draumen om eit tapt paradis. Er det då bra at fleire byter ut alkohol og tobakk med mindre skadelege rusmiddel? Det meiner nokre fagfolk og sporadiske rekreasjonsbrukarar. Legalistar rosar i tillegg hasjens roande og medvitsutvidande kvalitetar.

I ny ruspolitikk er det inga usemje om at tunge narkomane skal overførast frå justis til helse. Striden står om utprøvande ungdom som blir ferska med små kvantum til eige bruk. Skal dei berre bli fråtatt stoffet og elles vera ustraffa, men åtvarast, få melding med heim, påbod om tvangsinformasjon og tilbod om behandling?

BYRÅSJEFEN MEINER at han med bakgrunn i Forvaltninga har eit ryddig syn på denne materien: Sjølv om eit utval har hatt som mandat å greia ut eitt problem og sjå alle sider av det i samanheng, må ein ikkje vera blind for at det i røynda er ulike utfordringar. Tunge og helseskadde narkomane er noko anna enn frisk og uavhengig ungdom og velberga vaksne som rusar seg for moro. Det er så ulike sider av saka at det er to ulike saker. Då må ein tilpassa tiltak og verkemiddel etter ulike tankemåtar, lovar og regelverk.

I EIT TIDLEGARE LIV festa Spaltisten med eit miljø der jointen gjekk rundt. Sjølv om han røykte pipe tolv timar i døgnet, hadde han det som Bill Clinton: I didn’n inhale. Hasj innbakt i gulrotkake var heller ingen suksess, så han blei sittande og skilja seg ut med klosterlikør og raudvin.

Seinare har Spaltisten røynsle som meddommar i tingretten. Der var han med og dømde mange tunge narkomane som var tatt med ein kvarting heroin for n-te gong. Dei hadde som regel også innbrot på synderegisteret, men straffa balla kraftig på seg når dei hadde brote vegtrafikklova og køyrt bil i rusa tilstand utan førarkort.

Høgdepunktet var å vera med og dømma diverse utløparar og medløparar av ein vidt forgreina narkobande til til saman 75 års fengsel. Mange var små fiskar som transportørar, seljarar og brukarar. Men bakom song bakmenn i internasjonalt organiserte nettverk og gjengkriminelle i den beksvarte økonomien. Så lenge alle former for narkotika er forbode, men sterkt etterspurde, er tilbodssida eit kryssingspunkt som bind saman avanserte kriminelle nettverk i ulike bransjar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement