JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Verkelege og uverkelege flyreiser

Kva ukrainsk flyplass vil gjenopne først?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Diplomatar samla i Terminal D på den internasjonale flyplassen Boryspil i Kyiv, kvar med sitt boardingpass til «Ukrainian Peace Formula». Flyplassen har vore stengd for trafikk sidan russarane invaderte 24. februar 2022.

Foto: Presidentkontoret i Ukraina

10407
20231208

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Kvar gong det kjem ei bølgje av pessimisme i det ukrainske samfunnet, dukkar spørsmålet om flysamband med resten verda opp i media. Og no, etter artiklar som analyserer årsakene til den mislukka motoffensiven i sommar, seier politikarane igjen at Ukraina er i ferd med å opne for sivil luftfart.

Denne gongen kunngjer representantar for presidentkontoret at Boryspil internasjonale flyplass i Kyiv er den første som skal setjast i drift. Rett nok inneheld erklæringa ei setning om at flyplassen berre skal vere verksam når sivil luftfart er 100 prosent trygg. Dette utset opninga av flyplassen i det uendelege.

Sist media diskuterte ny oppstart av flytrafikken, var innhaldet både meir optimistisk og meir pragmatisk. Ekspertar vurderte dei tryggaste flyplassane i Ukraina og meinte at ein av dei kunne ta til å fungere utan at ein trong vente på at krigshandlingane skulle ta slutt.

Flyplassen det gjaldt, ligg lengst vest i Ukraina – i byen Uzjhorod. Der endar rullebanen rett ved grensa til Slovakia, og så snart flya forlèt rullebanen, er dei i luftrommet til EU. Ved landing kjem flya frå EU og direkte inn til ukrainsk territorium.

Da vi budde i Uzjhorod som internt fordrivne flyktningar for over eit år sidan, såg vi mange små fly lande på flyplassen der. Sjølvsagt var ikkje desse flya vanlege passasjerfly. Men faktum står fast: Flyplassen var i stand til å bli driven, og dei tilsette var ikkje oppsagde alle som ein, slik tilfellet var med flyplassane i andre ukrainske byar.

Her om dagen inviterte sjefen for det ukrainske presidentkontoret, Andriy Ermak, akkrediterte diplomatar i Ukraina til eit møte ved hovudflyplassen i Ukraina, Boryspil. Invitasjonane til ambassadørane vart sende i form av ombordstigingskort, der «Ukrainsk fredsformel» stod som landingsflyplass.

Fotografi frå dette møtet synte 100 deltakarar, inkludert representantar for 83 land, som sat ved eit digert, rundt bord i den svære Terminal D-hallen, og bileta er verkeleg eigna til å skape optimisme og tru på ein snarleg slutt på krigen blant ukrainske borgarar. Flyplassterminalen verka rein og funksjonell.

Til og med oppslagstavlene om flyruter såg ut til å fortelje at situasjonen for sivil luftfart snart ville vere mykje betre enn han var før krigen. For tavla over avreiser peika på flyplassar i byar som Buenos Aires, Panama City, Washington, Jakarta – og Reykjavik, som det aldri har vore direktefly til frå Ukraina.

Deltakarar i møtet mellom diplomatar og tilsette ved presidentkontoret snakka om å støtte det ukrainske fredsframlegget. Ingen har sagt noko om den snarlege opninga av Boryspil flyplass, men staden for møtet var ikkje tilfeldig vald. Hovudflyplassen i Ukraina symboliserte dynamikken i ein prosess prega av vilje til avgjerande diplomatiske tiltak for å fremje det ukrainske fredsframlegget.

Medan møtet var i gang, merka ukrainske journalistar seg at annonsar om ledige jobbar ved flyplassen Boryspil dukka opp på nettet. Det synte seg at Boryspil verkeleg ser etter pilotar til eit Airbus-fly og eit av typen An-148. Dessutan er dei ute etter flyvertar, ein luftfartsornitolog og teknikarar. Desse jobbannonsane vekte interesse blant ukrainarar, og dei tok ivrig del i diskusjonen om framtida for sivil luftfart.

Uzjhorod ligg usentralt heilt vest i Ukraina, men har den fordelen framfor andre ukrainske flyplassar at rullebanen endar på grensa til EU-landet Slovakia.

Foto: Raimond Spekking og Elke Wetzig / Wikimedia Commons

Samstundes har det ukrainske flyselskapet «SkyUp», med elleve Boeing-maskinar som er leigde ut utanfor Ukraina etter at krigen byrja, mint Ukraina om at det finst, på det mest uventa viset. SkyUp har gjeve ut ei bok på ukrainsk om korleis ein kan førebu ungar på å reise. I boka blir det lagt særleg vekt på born med autisme, som opplever stress i samband med all reising.

Boka skildrar steg for steg førebuingane til flyreiser. Ho forklarer òg i detalj for borna korleis innsjekkinga til ei flyreise går føre seg, korleis og kvifor personlege eigedelar blir sjekka, kva ein terminal er, korleis ein bør oppføre seg på eit fly under ein flytur, og mykje meir.

Ei elektronisk utgåve av boka kan ein få gratis på nettsida til SkyUp. På den same nettsida fortel leiinga for flyselskapet stolt at under krigen opererte SkyUp Airlines over 4200 flyreiser utanfor Ukraina, og at dei held fram med verksemda i partnarskap med utanlandske flyselskap.

Og medan SkyUp opererer utanlands med suksess, er det fleire og fleire ungar i Ukraina som aldri har sett passasjerfly i himmelen, og som først og fremst ser på himmelen som ei kjelde til fare, eit rom som Russland nyttar til å sende dødelege missil og dronar inn over ukrainske byar og landsbyar.

No når jula nærmar seg, er det andre ting som hjelper til med å knekke pessimismen. Atter ein gong er juletre og festlege bilete plasserte på sentrale torg i store og små byar. I Kyiv vart lysa på det viktigaste juletreet i landet tende 6. desember. Det ser smålåte ut, men minner oss likevel på at jule- og nyårshøgtidene er i kjømda, det vil seie at det er tid for å vente seg eit mirakel og gåver.

St. Mykolai-grotter har no opna for born i mange byar i Ukraina. Først i køen for julegåver er borna til militært personell. Tanken på ei festleg tid kan likevel ikkje endre stemninga fullstendig. Når borna skriv til St. Mykolai for å fortelje kva dei ønsker seg, er det mange som ikkje skriv om godteri og datamaskinar, men om at far deira må kome attende frå krigen.

St. Mykolai, som fram til 1917 var hovudfiguren i julefeiringa i heile det russiske imperiet, blir no handsama meir som ein «utanlandsk agent» av Moskva, og i alle fall som ein uønskt figur. Den sovjetiske Fader Frost, som bolsjevikane erstatta St. Mykolai med etter oktoberrevolusjonen, er framleis høgt akta i Russland. I dei okkuperte områda i Ukraina er St. Mykolai bannlyst, og det er berre Fader Frost og hans høgre hand Snøjomfrua som framleis syng songar som har lite med jul å gjere, men som i hovudsak er lånte frå gamle sovjetiske teiknefilmar.

I år har sant nok ein meir eksotisk figur dukka opp i det okkuperte Lugansk-området for å gratulere ungar med det nye året – tataren Kysh Babai. Putin har gjeve republikken Tatarstan ordre om å ta over leiinga av to store, okkuperte byar i Lugansk-regionen – Lysysjansk og Rubezjne – som til saman ein gong hadde eit innbyggjartal på om lag 200.000, men som no er minska til ein fjerdedel.

I butikkane i desse to byane er det mange produkt frå Tatarstan. På gatene kan du ofte høyre tatarspråk, ettersom Tatarstan sender legar, elektrikarar, musikarar, røyrleggjarar og offentlege administratorar til desse byane på forretningsreiser. I tillegg kjem det mange lastebilar med humanitær hjelp frå organisasjonen Gode Kazan kvar månad.

Kazan er hovudstaden i Tatarstan. Og det er pengar frå statsbudsjettet i Tatarstan som no bidreg til å byggje opp att desse ukrainske byane som vart øydelagde av det russiske militæret. Kysh Babai, tatarfaderen Frost frå Gode Kazan, skal snart bringe nyårsgåver til lokale born frå den fjerne muslimske russiske republikken.

Det interessante med alt dette er at sidan den tatarmongolske invasjonen på 1200-talet har born i både Russland og Ukraina blitt skremde med ideen om at Babai vil kome og ta dei med til ei frykteleg, mørk verd om dei ter seg ille. No, etter ordre frå Putin, vil Kysh Babai kome til borna i dei okkuperte territoria i Ukraina med gåver, i lag med barnebarnfiguren sin, Kar Kazy.

Tataren Kysh Babai, her med gode hjelparar, skal i russisk-okkuperte område ta over høgtidsmyten for den vestlege julenissen og den før-bolsjevikske St. Mykolai, har president Putin bestemt.

Illustasjon: artstation.com / gaysin1962

Mange ukrainske born som ser fram til å feire jul med begge foreldra, blir nøydde til å feire utan far. Den katastrofale mangelen på soldatar ved fronten, som strekkjer seg over meir enn tusen kilometer, tvingar militære registrerings- og innskrivingskontor til å auke mobiliseringa av ukrainske borgarar som enno ikkje er innkalla til militærteneste.

Frå tid til anna er tilsette ved mobiliseringskontora, saman med politiet, ute og stoggar bilar på hovudvegane. Etter å ha kontrollert dokumenta til førarane blir dei tekne med rett til militære treningsleirar. Bilane som står att på vegane, blir henta av kollegaer eller slektningar av dei mobiliserte. Desse episodane kan vere svært dramatiske og forbløffande i den filmliknande absurditeten dei byr på.

I november i år reiste eit barneidrettslag med buss frå Vinnytsia til Uzjhorod for å vere med på ei taekwondotevling. Om natta vart hotellet sperra av av tilsette frå eit militært registrerings- og innskrivingskontor. Bussjåføren, saman med andre menn som var innestengde på hotellet, vart sende til ein militær treningsleir. Mobiltelefonen til sjåføren vart straks teken, og han kunne ikkje ringe til nokon. Dette gjorde at dei unge idrettsutøvarane frå Vinnytsia var stranda i Uzjhorod til trenaren deira fann ein ny sjåfør, og den mobiliserte sjåføren fekk til å sende bussnøklane attende til Uzjhorod med nokre hjelpsame framande.

Det er altså ingen ukrainsk mann i vernepliktig alder, og som enno ikkje er skriven inn i militæret, som kan garantere at han vil feire jul og nyår heime med familien.

Etter det siste intervjuet å døme er ikkje eingong kona til president Zelenskyj trygg på at mannen kjem til ål vere saman med familien i nyårshøgtida. I alle fall sa ho at ho er kategorisk mot at Volodymyr Zelenskyj stiller til ein ny periode som president. Da ho sa dette, verka ho fullstendig overtydd.

Det einaste problemet med å innfri ønska hennar er at den første presidentperioden hans lett kan strekkje seg til to normale femårsperiodar. Det er jo bestemt at det ikkje kan gjennomførast president- eller parlamentsval under krigen, og korleis skulle ein kunne halde val når åtte millionar ukrainarar har flykta tilandre land, og millionar av andre ikkje bur der dei er registrerte som veljarar, og hundretusenvis av veljarar er ved fronten, der dei dagleg er i kamp, og minst femti tusen ukrainarar lever under marerittet frå barndomen: Babai.

Det går eit rykte om at nokre av dei ledige stillingane ved Boryspil internasjonale flyplass skal dekkje presidentens flytenester. Dersom dette er tilfellet, kven kan klandre president Zelenskyj for å ønske å tru på mirakel denne jula?

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis