Krig

USAs val

Eit ordspråk i Ukraina seier: Slik du helsar det nye året, slik vil du leve det. Det pla tyde at du bør feire det med glede og optimisme.

Før jul svara tre av fire spurde i USA at dei ser på Ukraina som ein alliert, og dei fleste vil at militær og annan hjelp frå USA held fram.
Før jul svara tre av fire spurde i USA at dei ser på Ukraina som ein alliert, og dei fleste vil at militær og annan hjelp frå USA held fram.
Publisert

Feiringa av dette nye året var det ikkje mykje glede ved, og forventingane til den nære framtida var ikkje særleg optimistiske. Likevel, byrjinga på eit nytt år vil alltid vekkje tankar om endringar det kan eller bør bringe med seg.

Vi hadde planane våre klare mot slutten av desember. Kona mi og eg bestemte oss for å dra til USA og vere der nokre månader. Eg hadde takka ja til tilbodet om å førelese i eit semester ved Stanford-universitetet. Etter at flyalarmen hadde stilna, pakka vi ferdig, og om kvelden 1. januar var vi på stasjonen.

Det er utruleg korleis reisa gjekk i samsvar med planane våre. Vi tok eit tog til Transkarpatia, så skifta vi til eit lite og svært langsamt slovakisk dieseltog med éi og ei halv vogn. Dette tok oss til byen Kosice, der det er ein liten flyplass – den næraste flyplassen til Ukraina no. Han har berre nokre få daglege avgangar, men ein av dei går alltid til London, og frå London sette vi kursen mot San Francisco.

På flyplassen i San Francisco vart vi møtte av Julia, som tidlegare budde i Kyiv, men som no er professor ved Stanford-universitetet. Ho og ein annan professor hadde alt gjeve oss god hjelp til å finne bustad, og da vi landa, ofra dei enda meir tid på å hjelpe oss med å flytte inn på eit bustadområde i nærleiken av universitetet.

Vi hadde ikkje venta slik sjenerøs og sjølvoppofrande hjelp, men no skjønar eg at i tillegg til positive haldningar andsynes oss, var dei òg styrte av eit ønske om å hjelpe oss som «folk frå krigssona», som buande i Ukraina.

Sjølv om USA ligg svært langt frå Ukraina, syner det seg at ønsket om å hjelpe offera for russisk aggresjon rår i bygder og byar i heile landet. I starten av desember viste ei undersøking utført av The Ronald Reagan Presidential Foundation and Institute at 57 prosent av amerikanarane meiner at USA bør halde fram med å sende militær og økonomisk hjelp til folket i Ukraina og kampen mot Russland. 76 prosent av innbyggjarane svarer at dei ser på Ukraina som ein alliert – ei signifikant auke frå 2021, då berre 49 prosent gjorde det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement