JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Trur ikkje F-16 blir avgjerande

Med F-16-fly kan Ukraina forsvare seg betre. Men det blir neppe noko vendepunkt, meiner Nupi-analytikar Per Erik Solli.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norske F-16-fly på oppdrag over Siauliai i Litauen i 2015. No har produsentlandet USA opna for at gamle F-16-fly kan hamne i Ukraina.

Foto: Henrik Skolt / NTB

4874
20230526

Samtalen

Per Erik Solli

forsvarsanalytikar ved Nupi

Aktuell:

Ukraina kan få F-16-fly

4874
20230526

Samtalen

Per Erik Solli

forsvarsanalytikar ved Nupi

Aktuell:

Ukraina kan få F-16-fly

peranders@dagogtid.no

USA har opna for at Ukraina kan få F-16-fly frå vestlege land i krigen mot Russland. Også Noreg vil bidra med opplæring av ukrainske pilotar og bakkemannskap. Men kor stor skilnad kan desse flya utgjere?

Per Erik Solli er analytikar i Forskingsgruppa for tryggleik og forsvar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi). Han er òg pensjonert oberst frå Luftforsvaret og tidlegare F-16-flygar.

– Kva kan eigentleg F-16-fly bidra med i krigen mot Russland?

– Det kjem an på kva fly ukrainarane får, om det er europeiske F-16A frå 1980-talet eller nyare F-16C frå USA eller andre land. Dei flya Noreg, Nederland og Belgia har, har rett nok blitt oppgraderte undervegs, men det er den førre generasjonen jagarfly. F-16C har fått meir moderne radar og anna utstyr. Men skal du verkeleg vere overlegen mot russisk luftvern og kampfly, må du ha F-35, som er eit femtegenerasjons kampfly

– Fleire ekspertar har peika på at det er avgrensa kva F-16-fly kan bidra med i krigen?

– Det viktigaste bidraget er at dei kan hjelpe til med å forsvare luftrommet over Ukraina. Russarane har brukt missil og dronar i åtak over heile landet. Og i samarbeid med ukrainsk luftvern kan F-16 absolutt bidra med noko.

– Men nytten er mindre i område der russarane har sitt eige luftvern?

– Ja. Langs fronten og i dei okkuperte områda i søraust, der russarane har moderne luftvern som missilsystemet S-400, vil F-16 ha problem med å operere.

– Det er ikkje først og fremst i luftkamp mot russiske fly at F-16 kan vere nyttig?

– Det kjem an på kva russiske fly vi snakkar om. Somme av dei russiske kampflya er over 40 år gamle, andre er nye. I kamp mot dei eldre russiske flya kan F-16 definitivt fungere, men ikkje mot dei mest moderne.

– Korleis er tilstanden for det russiske luftvernet? Somme analytikarar meiner dette er den russiske våpengreina som har klart seg best?

– Også der er det ei blanding av gammalt og nytt. Men dei nyaste og mest kapable delane av luftvernet er ganske avanserte.

– Om Ukraina skal lære opp pilotar og bakkemannskap i å bruke F-16, kor lang tid kan det ta?

– Normalt ville det ta kring to år. Men dette er ikkje normale tider. Vi har sett før at når ein verkeleg må, kan ein klare slikt svært raskt. Det sirkulerer no ein rapport som hevdar at det kan gå på fire månader, men det anslaget er svært usikkert. Og ein skal ikkje berre lære opp pilotar, men også eit stort støtteapparat på bakken. Eg har før sagt at det er urealistisk å innføre F-16 i det ukrainske luftforsvaret samtidig som krigen går føre seg. Men etter å ha fått meir kjennskap til korleis ukrainarane har tenkt å gjere det, er eg meir positiv.

– Kor er det mest truleg at Ukraina kan få F-16-fly frå?

– Dei lettast tilgjengelege no er dei danske og nederlandske flya som er utrangerte på grunn av innfasinga av F-35. Når det gjeld Noreg, er det alt teikna kontrakt om å selje dei 44 brukbare F-16-flya, dei fleste til Romania. Om den kontrakten kan bli heva for å sende flya til Ukraina, er eit politisk spørsmål. Truleg er det intens diskusjon mellom USA og europeiske land for å lage ein felles strategi.

– Russland seier at leveransar av F-16-fly vil vere ei alvorleg eskalering. Er det noko du blir uroa av?

– Nei, nei. Dette er ikkje ei eskalering. Da krigen starta, var kanskje forholdet mellom russisk og ukrainsk flyvåpen ti til éin. Dette er berre ei lita justering som gjer styrkeforholdet litt mindre skeivt. Russarane har protestert mot alle våpenleveransar frå Vesten til Ukraina, men det blir med protestane.

– Ingen av partane har klart å få luftherredøme i Ukraina-krigen. Eventuelle F-16-fly kjem neppe til å endre det store biletet?

– Nei. Dei kan gje Ukraina betre evne til å forsvare seg mot dronar og missil, i alle fall i dei områda som er eit stykke frå fronten. Men F-16-fly er ikkje noko som vil vere avgjerande for krigen.

– Men ukrainske styresmakter legg stor vekt på at dei treng desse flya?

– Det er forståeleg. Dei kampflya Ukraina har, er veldig gamle. Dette er det svake leddet i forsvaret til Ukraina, medan hæren og andre delar av luftforsvaret har fått meir moderne utstyr.

– Jagarfly er òg sårbare: Dei må ha ein stad å lande, og dei er ikkje så lette å gøyme?

– Det er sant. Men etter snart halvtanna år med krig har ikkje Russland klart å øydeleggje heile det ukrainske flyvåpenet. Fastmonterte radarar og andre stasjonære mål er øydelagde, men ukrainarane har vore flinke til å flytte rundt på jagarflya og det mobile luftvernet. Dei har brukt vegar og sivile rullebanar som rullebanar. Og russarane er dårlege på taktisk etterretning, så dei har ikkje klart å finne alle flya.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis