JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Sovjetnostalgi i «folkerepublikken» Luhansk

Frimerka til dei såkalla separatistrepublikkane tyder på at det ikkje finst talentfulle kunstnarar der, skriv Andrej Kurkov.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit Putin-portett mellom russiske flagg helsar dei hjelpetrengande i den ukrainske småbyen Toshkivka i Luhansk-regionen, som er under russisk okkupasjon.

Foto: Alexander Ermochenko / Reuters / NTB

10341
20231215
10341
20231215

Natta mellom måndag og tysdag utveksla Russland og Ukraina internettåtak. Ukrainske hackarar forstyrra det russiske skattestellet. Russiske hackarar stogga verksemda til ein av dei tre viktigaste mobiloperatørane i Ukraina, Kyivstar. Eit åtak av russiske hackarar på Monobank internettbank vart slått attende av bankens eigne spesialistar på nettforsvar.

Men aksjonen mot mobiloperatøren var svært alvorleg. Telekommunikasjonen til operatøren vart lamma over heile landet, og det same gjaldt betalingssystemet som Kyivistar-abonnentane nyttar for å betale frå nettbanken sin.

På grunn av hackaråtaket slutta mange minibankar og betalingsterminalar over heile landet å fungere. Mange millionar ukrainarar var utan kommunikasjon. I tillegg var mange regionar i Ukraina utan flyalarm, inkludert byen Boryspil i nærleiken av Kyiv. I staden køyrde politiet rundt og brukte høgtalarar til å åtvare om moglege flyåtak.

Dei russiske kyberåtaka kom etter eit anna uhell som Russland ikkje hadde noko med å gjere. På grunn av eit trykkfall i ein undergrunnstunnel har ei grein av Kyiv-metroen vore delvis kutta ut. Reparasjonane vil ta fleire månader. Store delar av sørsida i byen har praktisk tala vore utan samband med resten av metrosystemet, noko som gjer at det straks danna seg enorme trafikkorkar.

I Kyiv stilte Kyivstar-abonnentar seg i kø ved utsala til andre mobiloperatørar for å kjøpe startpakker. Lett som det var å spå, var alle pakkene til dei andre to store operatørane utselde tysdag. No har eit anna mobilselskap problem etter ei bølgje av nye brukarar.

Mange ekspertar freistar forstå kvifor Kyivstar synte seg å vere så sårbar. Andre prøver å finne eit samband mellom åtaket på selskapet og oppdaginga av SIM-kort frå Kyivstar i målsøkjarsystemet på russiske angrepsdronar som nyss vart skotne ned.

Så, for eit par veker sidan, ymta ekspertar om at SIM-kort frå den ukrainske operatøren var bygde inn i styringssystemet til dronen for å kunne bruke GPS meir nøyaktig til åtak på eit valt mål gjennom bruk av det ukrainske mobilnettet.

Fleire nødtenester som brukte Kyivstar-nummer, inkludert politiet, kunngjorde andre telefonnummer dei kan nåast på. Den ukrainske delen av Facebook kan òg overraske utanlandske brukarar: I nyhendemeldingane legg brukarane ut dei nye telefonnummera sine i staden for verbale meldingar.

Ukrainske facebookbrukarar som ønskjer å fortelje venene sine om det nye nummeret sitt, innser truleg ikkje at dei samstundes røper nummeret sitt til uvedkomande i og utanfor Ukraina.

Samstundes utstyrer Russland dei okkuperte territoria med betalingstelefonar og installerer eit kabelsystem for telefon i byane i Luhansk-området. Mange innbyggjarar som vart verande i dei okkuperte regionane, er gamle nok til å hugse dei sovjetiske telefonautomatane. Dei treng ikkje lære korleis dei skal brukast.

Det einaste problemet er at det ikkje er klart kva myntar betalingstelefonen vil godta. Det andre spørsmålet er: Kvar kan du ringje til frå desse telefonane? Det er klart at ein ikkje vil kunne ringje til slektningar i eit fritt Ukraina, men vil det vere mogleg å ringje frå ein telefonkiosk i til dømes Lysytsjansk til ein annan telefonkiosk som ligg i Donetsk? Og om det er mogleg, korleis skal ein sikre seg at vener og slektningar i Donetsk kan kome seg til denne telefonkiosken til rett tid?

Telefonautomatar blir no installerte i gatene i det okkuperte Severodonetsk, der det er berre 15.000 innbyggjarar att, mot tidlegare 100.000. Men kvar dag flyttar militære og sivile frå Russland inn i dei tomme bustadene, og husa som står att etter folk som flykta, og som framleis ikkje er til å bu i.

Det er no fleire russarar i Severodonetsk enn innfødde innbyggjarar. I den ein gong store industribyen har okkupasjonsstyresmaktene opna ein barnehage der eit portrett av Putin vart hengt opp i samband med «den offisielle opninga», men ingen reparasjonar var sette i verk.

Og i bygningen til den tidlegare trolleybusstallen bur dei seg på å opne «USSR-kantina». Den komande kantina ser etter ein kokk og andre medhjelparar. Menyen vil omfatte «heimelaga retter» som skal serverast i eit rom i «retrostil». Kva slags «retrostil» dette kan vere, kjem tydeleg fram av namnet på kantina.

Fleirtalet av innbyggjarane i Severodonetsk er pensjonistar. Dei har alt fått russiske pass, og dei mottek russiske pensjonar. For pensjonistar i «Folkerepublikken Luhansk» er dette den einaste måten å overleve på.

Éin gong i månaden kjem dei til postkontoret til «FRL post» for å hente pensjonen sin. Etterpå går dei vanlegvis for å kjøpe matvarer i ein av supermarknadene som er i drift.

«Luhansk-posten» er ein annan rest av tidlegare sovjetliv. Her kan du abonnere på aviser og blad som er trykte i Lugansk. Det er hovudsakleg aviser og magasin med kryssord, og aviser med råd til jordbruksentusiastar. Men den mest interessante vara på postkontoret er FRL-frimerke.

Den separatistiske Folkerepublikken Luhansk så vel som den separatistiske Republikken Donetsk har ferda ut eigne frimerke sidan 2015. Desse frimerka er svært like sovjetfrimerka frå 1960-åra, men har ikkje så lyse fargar.

Frimerka flottar seg med bilete av sovjetheltar frå andre verdskrigen, sovjetiske kosmonautar, poetar og andre forfattarar. Sjølvsagt finst det òg patriotiske frimerke med bokstaven «Z» og bilete av russiske soldatar og stridsvogner. Det er til og med ein serie frimerke med fuglar som held til i skogane i Luhansk.

«Separatist»-frimerka er svært populære blant samlarar i Russland og Belarus, og dei blir kjøpte opp for å bli selde vidare av russisk militærpersonell eller av bygningsarbeidarar og funksjonærar på tenestereiser.

Heile lager av frimerke ferda ut i Luhansk frå 2015 til 2021 har alt forsvunne frå postkontora i separatistrepublikkane. Ein kan berre kjøpe dei i russiske nettbutikkar for filatelistar. Ein kan sjølvsagt kjøpe enkelte nye frimerke på postkontoret, men berre den typen som er utan bilete, men med pris.

Det kan sjå ut som desse frimerka er så lite tiltalande for at samlarane ikkje skal jakte på dei. Men ettersom desse designfrie frimerka liknar så mykje på sovjetiske frimerke frå 1920- og 1930-åra, er dei interessante for samlarar same kva.

Hovudkonklusjonen ein kan trekkje etter å ha granska alle frimerka frå separatistrepublikkane, er at det ikkje finst ein einaste talentfull eller i det minste profesjonell kunstnar igjen i den okkuperte delen av Luhansk-regionen.

Kan hende er dette det mest særmerkte trekket ved frimerka frå «Folkerepublikken Luhansk», og det som skil dei frå frimerka til verkelege land.

I den frie delen av Ukraina starta sivile aktivistar prosjektet «I live. Verkelege kjærleikshistorier» for koner og mødrer til falne ukrainske soldatar. Det er masterklassar i kunstnarleg kreativitet, eller meir presist, kunstterapi, der profesjonelle kunstnarar lærer deltakarane å kommunisere om dei kjære som har døydd i krigen – med måling og pensel som språk.

Kunstnarane heldt den siste av desse masterklassane i kunstterapi i Lutsk, ikkje langt frå grensa til Belarus. Ein av deltakarane i masterklassen var Lyudmila Kaminska, mor til soldaten Maris Kaminsky, som døydde i Donbas. Ho kom for å måle eit bilete som gåve til kona etter den døde sonen, Yana, og den vesle dottera deira, Samira. Maris var den yngste sonen til Lyudmila Kaminska. Den eldste, som òg er soldat, er no ved fronten.

«Eg veit av eiga erfaring at kunst lækjer», sa kunstnaren Zoryana Ruban-Golovtsjuk, som leidde masterklassen i Lutsk.

Zoryana Ruban-Golovtsjuk trur at gjennom prosessen med kunstnarleg kreativitet kan ein frigjere seg sjølv frå smerte, fri seg frå vanskelege erfaringar og samstundes fylle måleriet med ei historie som uttrykkjer kjærleiken du har til dei som ikkje lenger lever.

Dei fleste måleria skapte av konene og mødrene til falne soldatar utmerkar seg med lyse fargar og positive bilete. Dette verkar peike mot at for desse kvinnene er døde søner og ektemenn framleis i live og elska.

Fleire utstillingar av verk som er blitt til i «I live»-prosjektet har alt blitt haldne i ulike byar i Ukraina. For tida er det ei slik utstilling i Vinnytsia.

Etter kvart som jula nærmar seg, er det fleire som gjestar museum og kunstutstillingar i Ukraina. Folk er på jakt etter positive kjensler og ønskjer å få merksemda vekk frå otte for framtida.

I tillegg til utstillingar, konsertar og museum kan ein god stad å slappe av i dag vere jernbanestasjonen. Juleflammen frå Betlehem, som tidlegare vart levert til Kyiv frå Israel med fly, kom med tog denne gongen, med mange omlastingar.

Det var på grensa til Slovakia at flammen frå Betlehem vart overlevert til ukrainske speidarar, som frakta han vidare med tog i heile Ukraina, slik at truande kunne tenne lysa sine frå elden og ta dei med heim, slik at flammen kunne hjelpe dei med å oppfylle alle håp og draumar.

Flammen har nett nådd Kramatorsk i Donbas, ein by der eit russisk missil drap fleire titals menneske som venta på eit evakueringstog nær den same stasjonen i fjor.

No spring folk til jernbanestasjonane i store og mellomstore byar, ikkje med koffertar, men med stearinlysa sine, for å ta med seg ein bit av den heilage flammen heim, der han skal brenne til jula er over.

Eg ser for meg at denne flammen også vil brenne i heimen til mange tilsette i Kyivstar mobilselskap, medan dei må bruke mykje meir tid på å fjerne konsekvensane av det russiske hackaråtaket.

Dette var verkeleg det alvorlegaste hackaråtaket i heile historia til Ukraina. For første gong var heile område der Kyivstar var aleine på marknaden, avskorne frå all kommunikasjon med omverda. Medan arbeidet med å gjenopprette tenestene gjekk føre seg, var dei lokale styresmaktene snøgge med å få på plass Starlink-systemet i desse områda.

Så trass i dei av og til underlege utsegnene til oppfinnaren av Starlink er ukrainarane takksame overfor Elon Musk og ønskjer han alt godt og – sjølvsagt – fred i jula og det nye året.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis