Krig
Sommaren med tagale drosjesjåførar
Eit heitt tema den siste veka har vore tilstanden og tilgangen til bomberom. Men så overskygga eksplosjonen av Kakhovka-demninga alt anna.
Folk samlar seg kring eit bomberom i påvente av eit russisk droneåtak på den ukrainske hovudstaden 28. mai.Folk samlar seg kring eit bomberom i påvente av eit russisk droneåtak på den ukrainske hovudstaden 28. mai.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTBFoto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
No ser heile Ukraina på at landsbyar og øyer i Sør-Ukraina ligg under vatn. Samstundes kan også bomberom på høgre breidda av Dnepr bli sette under vatn.
Men enno blir tilfluktsrom i heile Ukraina kontrollerte. I mai vart heile landet utsett for harde missilåtak igjen, etter 15 månader med samanhengande russisk aggresjon, og 1. juni, som tilfeldigvis er den internasjonale barnedagen, vart ei ung kvinne og barnet hennar drepne i Kyiv – ved inngangen til eit stengt bomberom.
Det vart gjeve ordre om grundige undersøkingar, og resultatet er ikkje oppmuntrande. Trass i at det vart løyvt rikeleg med pengar til bygging og reparasjon av bomberom, synte det seg at mange er i dårleg stand eller stengde eller begge delar.
Dei to siste dødsfalla i Kyiv har ført til kraftig kritikk av borgarmeisteren i byen, Vitalij Klitsjko, også frå administrasjonen til Zelenskyj. Men kritikken har òg slege attende, ettersom ansvaret for bomberom er delt mellom den sivile administrasjonen og byens militæradministrasjon, som får leiarane sine utpeikte direkte av presidentkontoret.
Bomberom under skular og andre utdanningsinstitusjonar blir ekstra nøye undersøkte. Ifølgje regelverket skal desse bomberomma gjere det råd å halde fram med undervisninga under luftåtak. For eit år sidan, i Uzjhorod, var det i bomberommet til Statsuniversitetet opptaksprøvane vart haldne. Men det er altså ikkje alle utdanningsinstitusjonane som er så nøye med bomberomma. Påtalemakta trugar no med å bruke lovverket mot leiarane for skular og andre utdanningsinstitusjonar for å tvinge dei til å rydde opp i kjellarane.
I Tsjernihiv gav retten ordre til ein rektor i Kozeletsky-distriktet om å reparere bomberommet på skulen. Dommaren tok ikkje omsyn til at rektoren sa det mangla pengar til reparasjonen. Det blir utført mange tryggingstiltak for folk utan at det finst pengar til arbeidet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.