JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Russlands nye papirvåpen

Erobringa av ukrainsk territorium og innbyggjarane der er berre det første stadiet i aggresjonen. Det neste stadiet følgjer ein algoritme som gjer ukrainarar til «russarar».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein funksjonær for Sameint Russland-partiet i den russisk-okkuperte provinsen Donetsk i Ukraina sankar 16. januar i år underskrifter for Vladimir Putin som kandidat i det komande russiske presidentvalet.

Foto: Alexander Ermochenko / Reuters / NTB

11523
20240126
11523
20240126

Den russiske økonomien er no ein krigsøkonomi. Det er ikkje lenger nokon løyndom. Russiske fabrikkar produserer krut, rakettar, granatar og stridsvogner 24 timar i døgnet, i tre skift.

Russisk propaganda arbeider òg i tre skift over heile verda. Og det ser ut til at trykkeria som produserer offisielle dokument, også arbeider døgnet rundt med å trykke spesielle meldingar om døde russiske militære og søknader om russiske pass.

Rakettar, granatar, patronar og nye våpen blir leverte til fronten med alle tenkjelege transportmiddel. Nyleg mobiliserte soldatar blir av og til frakta nærare fronten med sivile fly. Men ingen veit korleis russiske pass-skjema blir transporterte til fronten og vidare inn på okkupert territorium. Truleg blir dei leverte i pansra køyretøy med spesialvakter.

Russiske pass er òg eit våpen, med langvarig verknad. Erobringa av ukrainsk territorium og innbyggjarane der er berre det første stadiet i aggresjonen. Det neste stadiet følgjer ein algoritme som gjer ukrainarar til «russarar», ein algoritme der det russiske passet spelar ei nøkkelrolle. For det første blir det ferda ut til alle i dei okkuperte områda som ønskjer å bli russiske borgarar. Ope prorussiske innbyggjarar er til vanleg i mindretal, men det blir lagt press på dei som ikkje ønskjer eit russisk pass.

Ukrainske pensjonistar som lever under okkupasjon, kan ikkje ta imot ukrainsk pensjon, og blir ståande utan pengar. Så blir dei fortalde: Ta imot eit russisk pass, så vil vi gje deg russisk pensjon.

Bileigarar får ikkje ferdast på vegen med ukrainsk førarkort eller med ukrainsk registreringsskilt på bilen sin. Om du ønskjer å bruke bilen: Få eit russisk pass og eit russisk førarkort, og så byter du ut registreringsskiltet med eit russisk. Dersom du blir sjuk i Melitopol eller Mariupol eller ein annan okkupert stad, får du ikkje helsehjelp før du har skaffa deg eit russisk pass.

Dei som bur i dei okkuperte områda, skjønar risikoen som kjem med russisk statsborgarskap. Det er særleg farleg for menn under 60. Slike menn blir samstundes registrerte av militære registrerings- og innskrivingskontor, som byrja verke rett etter okkupasjonen. Saman med det russiske passet får ukrainarar stundom innkalling til det russiske militæret, og endar opp ved fronten.

Blant dei soldatane som slåst mot Ukraina, er det mange ukrainarar frå Donbas som tok imot russisk statsborgarskap. Kan hende fekk dei passet for fem–sju år sidan, medan innkallinga til det russiske militæret er av nyare dato.

Den offisielle ukrainske haldninga til påtvinga russisk statsborgarskap vart kunngjord lenge før invasjonen i 2022. Dei ukrainske styresmaktene vurderer ikkje som forrædarar dei innbyggjarane på Krym og i Donbas som tok imot eit russisk pass for å overleve. Ukraina ser på kollaborasjon og frivillig samarbeid med okkupantane som illegalt, men å ha eit russisk pass er ikkje kriminelt i seg sjølv.

Men denne snikande passpraksisen overfor ukrainarar held fram, og han gjer situasjonen verre ved fronten og i dei okkuperte områda. Sjølv om ein person vart tvinga til å ta imot eit russisk pass, er han eller ho redde for at dei står til ansvar overfor Ukraina.

Dei ser alt på seg sjølve som forrædarar på eit visst nivå, og denne kjensla av skuld kan få dei til å frykte sitt eige heimland, nett slik dei fryktar Russland.

Da ukrainske troppar frigjorde Kherson i november 2022, var det nokre av innbyggjarane som forlét byen saman med okkupantane. Blant dei var både kollaboratørar som frivillig kollaborerte med dei russiske okkupasjonsstyresmaktene, og folk som rett og slett kjende seg skuldige i ha teke imot russiske dokument.

Til no har ikkje Ukraina godteke dobbel statsborgarskap, og etter lova er det forbode å ha pass frå eit anna land. Før februar 2022 kunngjorde president Zelenskyj at ein førebudde eit lovframlegg som ville gjere det lovleg med dobbel statsborgarskap, til liks med europeiske land som tillèt det. Motivet bak lovframlegget var behovet for å legalisere ein situasjon som allereie eksisterte – mange forretningsfolk, politikarar og embetsfolk hadde pass frå andre land illegalt.

Medan pass frå Israel, USA og Kypros var «populære» blant politikarar og forretningsfolk, var pass frå Den russiske føderasjonen vanlegare blant embetsfolk. Dette vart klart da tidlegare ukrainske embetsfolk vart russiske embetsfolk rett etter okkupasjonen av byane deira. Dette skjedde på Krym etter annekteringa i 2014, og det skjedde igjen i 2022.

Nyleg la president Zelenskyj fram for parlamentet ei lov om dobbel statsborgarskap. Den lova han presenterte for parlamentet i 2021, vart ikkje eingong diskutert. Ein paragraf i den første lova, som òg er med i det nye lovframlegget, handlar om at ukrainske borgarar som har pass frå eit anna land, ikkje kan ta del i den politiske prosessen, arbeide som embetsfolk, ha tilgjenge til statsløyndomar eller administrere statseigedomar.

«Flyktningane mistar evna til å forstå dei ukrainarane som blir att i landet.»

Det verkar som det var på grunn av dette punktet at den første versjonen av lova aldri vart diskutert i parlamentet før krigen. I eit anonymt intervju med Forbes Ukraine sa ein av juristane i presidentkontoret at 2021-lova ikkje nådde fram til ordskifte i parlamentet fordi det i Folkets tenar-partiet og i dei indre sirklane kring president Zelenskyj var for mange med ulovleg dobbel statsborgarskap.

Om denne lova var blitt godkjend, ville dei ha mista posisjonane sine. Men no er partiet til presidenten klart til å røyste for denne lova. Lova slår fast at dobbel statsborgarskap med Den russiske føderasjonen vil vere forbode, men ukrainarar vil kunne få pass frå andre land, og statsborgarar i andre land vil kunne søkje om ukrainsk pass utan å gje frå seg den primære statsborgarskapen sin. Denne paragrafen vil særleg appellere til statsborgarar i USA og Canada med ukrainsk opphav.

Men kvifor har president Zelenskyj funne det for godt å vende attende til dette lovframlegget no, under ein fullskalakrig?

Ei årsak kan vere den noverande og den framtidige demografiske krisa i Ukraina. I 1991, da Ukraina vart uavhengig, var folkesetnaden på 50 millionar. Da krigen tok til, synte offisiell statistikk at det var 40 millionar innbyggjarar i Ukraina. Dette talet inkluderte underleg nok fleire millionar ukrainarar som budde og arbeidde i Europa.

Sidan februar 2022 har millionar av flyktningar forlate Ukraina. No er talet på ukrainske flyktningar i andre land mellom seks og åtte millionar, ifølgje ulike kjelder. Det finst ingen eksakte tal, slik det heller ikkje finst eksakte opplysningar om innbyggjartalet i Ukraina før krigen. Den siste folketeljinga i Ukraina vart gjennomført i 2001.

Ekspertar i demografi inkluderer heimvende flyktningar i reknestykka sine om den ukrainske etterkrigsdemografien. Dei kan ikkje vere sikre på noko, men meiner at innbyggjartalet i Ukraina vil vere mellom 25 og 35 millionar etter krigen.

I røynda veit vi ikkje kor mange flyktningar det er i spesifikke land. Alle tilgjengelege data er omtrentlege. Det er jo slik at flyktningar flyttar omkring, og nett no er det ein straum av ukrainske flyktningar frå Polen til Tyskland. Somme ukrainske flyktningar som er registrerte i Europa, freistar no å flytte til USA og Canada.

Same kva Tyskland har slått fast at det er 1.100.000 ukrainske statsborgarar på tysk jord no, om lag 120.000 er offisielt registrerte i Canada, rundt 60.000 i Noreg, og om lag ein million i Polen. Di lenger krigen varar, di færre noverande flyktningar er det som vil vende attende til Ukraina. I rundspørjingar lovar to tredjedelar av flyktningane å kome heim, men demografar og sosiologar meiner at desse svara syner eit ønske om å vere patriotisk. Dei trur at berre ein tredjedel faktisk vil vende attende.

Nyleg har polske styresmakter ymta om at det kan kome ei ytterlegare opptrapping av krigshandlingane og nye offensivar frå det russiske militæret mot Kyiv, Kharkiv og andre byar, og at landet må vere budd på å ta imot ei ny bølgje av flyktningar frå Ukraina. Europa ser at krigen langt frå er over, og at det gjer demografiske spådomar nokså unyttige.

Likevel, framtida til Ukraina kjem til å avhenge av vala til dei som no er ukrainske flyktningar. I dag er det slik at ein halv million ukrainske born som forlét Ukraina med mødrene sine, er elevar og studentar ved europeiske skular. Dei tilpassar seg livet i europeiske land, snakkar framande språk og blir del av europeiske samfunn.

For kort tid sidan gjorde den tyske regjeringa viktige endringar i reglane for å få tysk statsborgarskap. Naturaliseringsperioden vil bli kortare og enklare, og det vil ikkje vere naudsynt å gje avkall på andre statsborgarskap. Når lova er vedteken, vil utlendingar kunne søkje om tysk statsborgarskap etter å ha vore fem år i landet, og i somme høve berre tre år. Tidlegare var statsborgarskap avhengig av at ein hadde budd i Tyskland i minst åtte år.

Desse nyhenda har truleg oppmuntra ukrainske flyktningar. Eg trur mange av dei vil søkje om tysk statsborgarskap etter tre år i Tyskland, og at Tyskland vil gje dei tyske pass.

Det kan godt hende at det i nær framtid vil bli lettare for ukrainske flyktningar å få statsborgarskap i andre europeiske land. Den nye lova om dobbel statsborgarskap for ukrainarar vil kome dei til nytte. Dei vil vite at ved å ta imot ein andre statsborgarskap, bryt dei ikkje ukrainsk lov eller gjer seg skuldig i noko slags forræderi.

Samstundes med framlegget til parlamentet av ei ny lov om dobbel statsborgarskap, byrja presidentkontoret å oppmode europeiske land om å redusere hjelpa til ukrainske flyktningar. Serhij Lesjtsjenko, som er politikar, journalist og rådgjevar ved presidentkontoret, bad i eit intervju regjeringane i vestlege land om å gjere det lettare for ukrainske flyktningar å vende attende til Ukraina. Han sa at flyktningane mistar evna til å forstå dei ukrainarane som blir att i landet. «For folk som forlét Ukraina, vil aldri forstå dei folka som vart att. Eg meiner at vertslanda bør slutte med å hjelpe flyktningar, slik at flyktningane reiser heim», sa han.

Desse orda frå ein representant for dei næraste venene til president Zelenskyj vart sikkert ytra ved eit uhell. Den demografiske krisa til Ukraina har verkeleg blitt eit problem for landet, for mobiliseringa og for økonomien i det heile. Å utstyre utlendingar med ukrainsk pass er berre ein av mange reiskapar som kan betre situasjonen. Likevel, etter godkjenninga av lova om dobbel statsborgarskap vil framgangsmåten utlendingar må nytte for å få ukrainsk pass, framleis vere komplisert og trekkje ut i langdrag. Trykkeria som lagar statlege dokument, treng ikkje arbeide i tre skift. Den vanlege rytmen deira er tilstrekkeleg.

Samstundes kan det tenkjast at den minskinga av økonomisk støtte til ukrainske flyktningar som alt har blitt ein realitet i nokre europeiske land, kan oppmuntre flyktningane til å sjå etter betre betalte jobbar og bli økonomisk uavhengige. Det treng ikkje presse flyktningar til å returnere til Ukraina, der musikken frå gravferdsorkester og eksplosjonar framleis høyrest kvar einaste dag.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis