Prigozjin og vindauget hans

Kan det no sjå ut som om ein ny æra har byrja i Russland – æraen med ein svak Putin og ein sterk Lukasjenko?

Wagner-leigesoldatar er utplasserte i ei gate nær hovudkvarteret til det sørlege militærdistriktet i byen Rostov-na-Donu.

Krig

Publisert Sist oppdatert

I det minste er det dette synet ein får presentert i nyhendesendingane i belarusisk fjernsyn, der det vart opplyst at Lukasjenko sjølv tilbaud seg å stogge oppstanden, og at han etter ein dags telefonsamtalar med Prigozjin, berga Putins Russland frå å skli inn i borgarkrig.

Dei første dagane etter den brått avslutta marsjen til den private Prigozjin-hæren mot Moskva var det ingen i Moskva som sa noko mot desse påstandane. Men her om dagen kom russiske journalistar med ein versjon som sa at det var Putin som instruerte Lukasjenko om å tinge med Prigozjin, og at Lukasjenko slik berre utførte det den russiske presidenten kommanderte han til å gjere.

Detaljane om avtalen med Prigozjin er ikkje kjende. I staden for å halde fram marsjen mot Moskva fekk Prigozjin tilbod om å dra til Minsk, og til slutt gjekk han med på det.

I ein kommentar Prigozjin gav til tilhengjarane sine nokre dagar seinare, sa han at «fridomsmarsjen» – som han kallar oppreisten sin – var provosert fram av konflikten hans med forsvarsminister Sjojgu og generalstabssjefen Gerasimov, og av ønsket til det russiske forsvarsdepartementet om å øydeleggje den private kampgruppa Wagner fysisk og legalt. Men at Lukasjenko hadde garantert overfor han at Wagner-gruppa skulle haldast intakt, og at dei ville kunne halde fram med aktivitetane sine med same legale status som grupper med leigesoldatar har i Russland.

Det merkelegaste med denne saka er, kan hende, at ifølgje russisk lov kan den private Wagner-hæren ikkje ha nokon legal status, ettersom leigesoldatar er forbodne ved lov i Den russiske føderasjonen.

Russiske lover gjeld openbert ikkje for Wagner-gruppa, slik dei heller ikkje gjeld for dusinvis av andre private militære grupper, inkludert Gazprom, som i februar kunngjorde opprettinga av sin eigen private hær «for å verne gassleidningar og andre verdiar».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement