JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Polen og Ukraina: skyldfolk eller berre grannar?

Millionar av ukrainarar vil hugse med takksemd alt det polakkane har gjort for oss under den russiske aggresjonen, skriv Andrej Kurkov.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Monumentet til minne om hetman Bohdan Khmelnytskyj pryder framleis det historiske torget i Kyiv, men ukrainarar unngår å diskutere rolla han spela då Ukraina miste sjølvstendet til Russland på 1600-talet.

Foto: Alexey Beloborodov / Wikimedia Commons

10909
20231006

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Olga Viazenko er ein advokat og journalist som opphavleg budde i Kyiv, men som saman med mannen sin, Olexyi, flytta frå Ukraina til New Zealand for to år sidan. Der vart ho straks ein framståande person i den ukrainske diasporaen.

Da Russland byrja bombardere Kyiv, sat Olga med eit fast grep om mobiltelefonen i dagevis og freista overtyde mor og svigermor si om å forlate landet så snøgt som råd. Til slutt reiste dei begge. Mor til Olga tok favoritthunden sin med seg – ein terrier som heitte Patrick.

Samstundes sat Olga ved datamaskina frå morgon til kveld og bad om hjelp på internettet. For det meste vende ho seg til polakkar, ettersom Polen tok imot hovudstraumen av ukrainske flyktningar. Den polske diasporaen i New Zealand var òg med på å hjelpe ukrainske flyktningar. (Dei fleste polakkane i New Zealand hadde framleis skyldfolk og vener i Polen.)

Dei første som svarte på desse ropa om hjelp, var eit polsk par som budde i USA, Michal og Gosia. Dei kjøpte straks flybillettar og flaug til Polen for å treffe Lyudmila, mor til Olga, og Natalya, mor til mannen hennar. Michal og Gosia møtte Lyudmila og Natalya i Warszawa, og tok dei og hunden med seg til Krakow, der dei plasserte flyktningane i huset dei eig, men som til vanleg står tomt.

I fleire veker budde Michal og Gosia i huset saman med dei ukrainske flyktningane. Dei fortalde alt nykomarane trong å vite om det å bu i Polen. Etterpå betalte dei ein månads hotellopphald for Lyudmila og Natalya og flaug attende til USA. Lyudmila og Natalya var sikre på at dei ikkje ville vere i Polen meir enn nokre få veker, for ambassaden til New Zealand i Warszawa hadde godteke visumsøknaden deira raskt og utan spørsmål.

Dessverre tok det mykje lengre tid å få visum enn nokon hadde venta, og dei to kvinnene laut enda ein gong sjå seg om etter ein stad å bu. Igjen var internettet til hjelp. Ein ung polakk, Pavel, svara på den nye oppmodinga om hjelp. Han henta Lyudmila og Natalya i Krakow og tok dei med til landsbyen sin, Nieperet, førti kilometer frå Warszawa. Han husa dei gratis i sin eigen heim og køyrde dei til butikken og til legetimar. Lyudmila og Natalya måtte bu i huset hans i seks månader.

Til slutt kom det newzealandske visumet, og Lyudmila og Natalya reiste for å vere saman med Olga. No har Pavel ein ukrainsk terrier som heiter Patrick i hagen sin, ettersom hunden ikkje fekk lov til å reise inn i New Zealand. Men i det minste er han ikkje like langt frå heimlandet Ukraina som eigaren.

Det må vere tusenvis av slike historier – døme på hardt arbeid, pågangsmot og solidaritet. Polske forleggjarar samla inn og sende hundretusenvis av euro til kollegaene sine i Ukraina. For eigen kostnad trykte dei barnebøker på ukrainsk og delte dei ut gratis til unge flyktningar.

Over heile Polen samla folk klede, mat, barneleiker og møblar til ukrainarar som er drivne frå heimen sin på grunn av krigen. Denne hjelpa er ikkje avgrensa til flyktningar. Polske frivillige leverer jamt humanitær hjelp til ukrainske byar og landsbyar. Millionar av ukrainarar vil hugse med takksemd alt det polakkane har gjort for oss under den russiske aggresjonen.

Det same kan seiast om den polske staten, som har organisert senter for militærhjelp til det ukrainske militæret, og enda fleire senter der humanitær hjelp frå heile Europa blir lagra før varene blir sende til Ukraina. Polen har òg gjeve Ukraina store mengder ammunisjon og våpen. Landet opna grensene sine for ukrainsk eksport og transitt for korn og andre varer.

Polske politikarar og regjeringsmedlemer risikerer stadig missilåtak når dei gjestar Kyiv og målber støtte til den ukrainske regjeringa og presidenten. Men fleire kornskandalar dei seinaste månadene har forkludra bilaterale relasjonar og skapt ei bølgje av ukrainsk kritikk mot eiga regjering.

I mars i år organiserte polske bønder demonstrasjonar og blokkerte vegar i protest mot importen av ukrainsk korn til Polen. Offisielt vart korn importert berre for transitt til polske hamner på austersjøkysten, fordi Russland hadde gjort det uråd å nytte hamner ved Svartehavet. Men da transitten av ukrainsk korn tok til, byrja kornprisen for polske bønder likevel å svinge og falle. Det tydde på at ein del av det ukrainske kornet, i staden for å bli eksportert til tredjeland, fann vegen inn på den heimlege polske marknaden.

Sjølv da, i byrjinga av april 2023, kunngjorde ein talsperson for den polske regjeringa, Piotr Müller, at det var utvikla eit nytt system for transitt av det ukrainske kornet, og at kornet skulle leverast direkte til hamner, utan omlasting og lagring i Polen. Den polske regjeringa lova dessutan bøndene at polske kornsiloar skulle tømmast for ukrainsk korn før ei ny skurdonn tok til. Likevel gjekk jordbruksministeren Henryk Kowalczyk av, ettersom han ikkje makta å handtere «kornkrisa», som han sa.

Transitt og eksport av ukrainsk korn vart òg nekta av Slovakia og Ungarn. Bulgaria følgde eksempelet, og EU-kommisjonen gjekk med på at desse landa kunne stogge importen av ukrainsk korn og andre jordbruksprodukt. Den 15. september tillét EU-kommisjonen igjen kontrollert import frå Ukraina, men Slovakia, Ungarn og Polen ville halde fram med å blokkere ukrainsk korn.

Som svar på dette lova den ukrainske statsministeren Denys Sjmyhal å nekte import av varer frå desse landa. I Ukraina vart den polske ambassadøren kalla inn til utanriksdepartementet, og i Polen vart den ukrainske ambassadøren kalla inn.

Spenningane knytte til dette syner ingen teikn på å slakkast. Det komande parlamentsvalet i Polen kan vere avgjerande. Røystene til bøndene er viktige og kan påverke utfallet av valet.

Den politiske «føre valet»-komponenten i denne skandalen er peika på av medlemer av den ukrainske regjeringa og av president Zelenskyj sjølv. I talen Zelenskyj heldt i FN i august, skulda han temmeleg krast den polske regjeringa for å «gjere scenen klar for ein skodespelar frå Moskva».

Det tok ikkje lang tid før det kom ein reaksjon frå Polen. Den polske statsministeren Morawiecki kravde offentleg at Zelenskyj «aldri skulle krenke polakkane igjen!». I tillegg slo han fast at Polen ikkje lenger forsyner Ukraina med våpen av noko slag, ettersom Polen må ruste seg sjølv.

«Det kan ikkje vere slik at ukrainske oligarkar kan få ta hand om kornmarknaden i Polen», sa han. «Korntransport – ja, eksport – ja, men destabilisering av den polske (korn)marknaden – nei!»

Samstundes vedgjekk Morawiecki at Russland er nøgd med forverringa av tilhøva mellom Warszawa og Kyiv, og at russarane ved hjelp av «troll» freistar utvide splittinga mellom dei to landa. I tillegg har det dukka opp artiklar i mest alle nasjonale russiske medium som freistar overtyde lesarane om at den polske «anti-ukrainske» politikken kjem av at Polen har mista håpet om ukrainsk siger i denne krigen, og at Polen har slutta å sende eigne våpen til Ukraina og byrja styrkje sine eigne militærstyrkar.

I dag freistar regjeringane i Polen og Ukraina å sløkkje brannen i kornskandalen, men flammane vart lagde merke til i Brussel, Moskva og Washington.

Ukrainsk korn er faktisk ikkje det einaste problemet i tilhøvet mellom Polen og Ukraina. Eit langt større problem for framtida er mangelen på historisk forsoning mellom dei to landa, om Volyn-massakren og andre dramatiske og tragiske episodar i polsk og ukrainsk historie.

Volyn-massakren er det blodigaste kapittelet i dei polsk-ukrainske relasjonane. Frå våren 1943 gjekk den ukrainske opprørshæren inn for å utrydde etniske polakkar som levde i Volyn. Dei polske heimestyrkane øydela ukrainske landsbyar og drap innbyggjarane der.

Når det gjeld brutalitet, overgår denne massakren mange krigar, for i Volyn, der dei polske landsbyane låg side om side med dei ukrainske, vart alle drepne: gamle, kvinner og små born. Landsbybuarar vart somtid stuva inn i hus og kyrkjer og brende levande. Korkje Polen eller Ukraina ønskjer å innrømme skuld i denne massakren. Difor er det slik at kva skandale eller konflikt som helst får fram ymsesidige historiske skuldingar i begge landa.

Av og til kan det sjå ut som om ukrainske embetsfolk og politikarar er styrte av historiske klagemål når dei overser oppmodingar frå polsk side om samarbeid, eller skuldar Polen for synder landet ikkje har gjort seg skuldig i. Oftast blir historiske traume i begge land utnytta av nasjonalistiske politiske krefter. Men med dagens problem som ramme er desse trauma effektive våpen i den politiske kampen.

Rett nok er det ein episode det aldri blir tala om i Ukraina, sjølv om det er denne episoden som har spela den mest dramatiske rolla i Ukrainas historie. I 1654, under den polsk-ukrainske krigen, hadde den ukrainske hetman Bohdan Khmelnytskyj forhandla med Moskva i fleire år. Han bad den russiske tsaren om å ta Zaporizjzja kosakk-armé og ukrainske landområde under sine venger. I Russland ser dei på dette året som den viktigaste datoen for gjenforeininga av Ukraina med det russiske kongedømmet.

Monumentet over hetman Bohdan Khmelnytskyj, reist under det russiske imperiet, prydar framleis den viktigaste historiske plassen i Kyiv – Sofia-plassen. Ukrainarane unngår å diskutere rolla til Khmelnytskyj da Ukraina tapte sjølvstendet sitt i det 17. hundreåret.

Det bør seiast at historia om tilhøvet mellom Polen og Ukraina ikkje alltid har vore skriven i blod. Det er mange positive episodar som politikarar ser ut til å ha vanskar med å hugse. Ein av dei første ukrainske forfattarane og tenkjarane, Meletius Smotrytsky (1577­­–1633), skreiv verka sine berre på polsk. Den polske forfattaren Vjatsjeslav Lypynskyj (1882–1931) skreiv på ukrainsk, og den klassiske ukrainske forfattaren Ivan Franko (1856–1916) skreiv på ukrainsk, polsk og tysk.

I dag, som før krigen, er Polen den viktigaste marknaden for ukrainsk litteratur. Der sel bøker av ukrainske forfattarar i polsk omsetjing betre enn i Ukraina. Dette paradokset kan ikkje forklarast berre av ein svak ukrainsk bokmarknad, men ein må òg ta med den enorme interessa for Ukraina som eksisterer i Polen.

I Ukraina er ikkje interessa for polsk litteratur like høg og stabil, men dette støyter ikkje polakkane. Det store fleirtalet av dei har ei svært positiv haldning til ukrainarar. Dette er nettopp årsaka til at Polen var heilt i front av landa som rekte ut ei hjelpande hand til Ukraina i byrjinga av krigen.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis