JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Pensjonistar i luftkrig

Noreg donerer kasserte F-16-fly til Ukraina. Kva inneber det for Ukraina – og kva inneber det for Noreg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg har avtale om å selje F-16-fly til Romania og det amerikanske selskapet Draken International. Dei flya som er til overs, går til Ukraina. Biletet er teke på Rygge flystasjon i 2002.

Foto: Ida von Hanno Bast

5105
20230901

SAMTALEN

Lars Peder Haga

førsteamanuensis ved Luftkrigsskolen (LKSK)

AKTUELL

Noreg donerer F-16-fly til Ukraina

Christiane@dagogtid.no

– Førre veke vart det klart at den norske regjeringa vil donere F-16 kampfly til Ukraina, etter at Danmark og Nederland gjer det same. Konkret, korleis ser du for deg at Ukraina vil nytte dei norske F-16-flya?

– Det kjem litt an på kva for F-16-fly dei får. I første omgang vil det vere snakk om å bruke dei til opplæring og opptrening. Så vil dei kunne bruke dei til dei same oppdraga som dei i dag nyttar dei gamle sovjetiske kampflya sine til. Dei fyller gap i luftforsvaret ved til dømes å skyte ned russiske kryssarmissil, og til nålestikkåtak på bakkemål ved fronten, der dei greier å komme seg imellom russiske kampfly. Når F16-fly vert operative, vil dei kunne avskrekke russiske kampfly frå å fly innover ukrainskkontrollert territorium.

– Noreg har skrota F16-flya fordi dei er utdaterte samanlikna med kampflya F-35. Korleis kan F-16-flya vere gode nok for ukrainarane?

–?Ukraina har ikkje så mange ideelle løysingar å ta av. F-16 var tilgjengelege, det finst kompetanse til å drifte dei, og blir framleis produsert våpen til dei. Flya vil ha teknisk support i fleire tiår enno, og Ukraina vil på sikt kunne få tak i fleire. No bruker ukrainarane sovjetiske fly som er godt over 30 år gamle og tvilsamt vedlikehaldne. Dei slit på flya, og dei mistar fly, så skal dei halde fram med å ha eit luftvåpen om to–tre år, må dei over på eit nytt system. Den store fordelen med F-35 er at flyet er bygd spesielt for å overleve i miljø med dei nyaste russiske luftvernsystema, dei er lite synlege på radar og har gode informasjonsdelingssystem. Noreg brukte F-16 i 40 år, og det er ikkje utenkjeleg at vi vil nytte F-35 like lenge. Ukraina har ikkje den luksusen det er å kunne tenkje så langsiktig.

– Korleis vil ukrainarane kunne nytte kampflya offensivt?

– Dei kan nytte dei til å levere våpen nær fronten og kanskje etter kvart til å lage mellombels opningar i det russiske luftvernet ved å gå til åtak på sårbare punkt bak fronten, typisk kommandoplassar, bruer eller våpenlager, som Ukraina alt har hatt suksess med. Russland har då måtta trekkje desse punkta lenger tilbake, og på den måten legg kampflya til rette for kampane på bakken.

–?Vi kallar ofte kampfly for bombefly. Kan vi sjå for oss norskdonerte F-16-fly bombe mål på russisk territorium?

– F-16 er eit fleirrollekampfly som kan levere bomber. Det har vore eit politisk spørsmål om det skal setjast avgrensingar på langt­rekkande våpensystem. Vil norske styresmakter seie at ukrainarane ikkje får gå til åtak på mål på russisk territorium? I første omgang er det kanskje ikkje aktuelt, for F-16-flya er sårbare for det mest avanserte russiske luftvernet.

– Så det vil vere vanskeleg reint praktisk?

– Ja, men militært er det klart at det vil gje Ukraina eit handikap om ein seier at dei ikkje får gå til åtak på russisk territorium med dei mest langtrekkande våpensystema. For i Russland er det mange logistikknutepunkt, treningsleirar og så bortetter, som er mål det gjev stor effekt å gå til åtak på.

–?Inneber F-16-donasjonen slik du ser det ein tryggings­risiko for Noreg, som er nabo til Russland?

– På den staden vi er no, trur eg ikkje det utgjer ein stor skilnad. Noreg har ikkje vore den som har gått først, men vi har vore bortimot nummer to i å levere følsame system, som artilleri, stridsvogner og no kampfly. Det ser ikkje ut til at russarane gjer anna enn å kjefte og smelle på bakgrunn av det. Men det er klart at stemninga mellom Russland og Noreg ikkje har vore kaldare sidan den kalde krigen, og det å levere kampfly hjelper ikkje på stemninga.

– Debatten om våpenbidrag til Ukraina har utvikla seg drastisk frå starten av krigen og fram til i dag. Då stridsvogner vart donerte, vart det hevda at kampfly burde komme som ei nødvendig følgje. Kva vert det neste steget i militære bidrag?

–?Det Ukraina masar om, er jo fleire langtrekkande presisjons­våpensystem, som tyske Taurus og amerikanske ATACMS. Kanskje går det i den retninga. Ukraina er avhengig av å ha ei jamn etterforsyning av ammunisjon, ikkje minst av våpensystema dei har fått, for dei nyttar enorme mengder, ikkje minst til luftvernsystema. Om ikkje Ukraina har eit bakkebasert luftvern som fungerer, vil kampflya verte øydelagde på basane sine.

– Kva konsekvens ville det hatt for krigføringa om Noreg og andre allierte ikkje ville gje Ukraina F-16?

– Då ville jo luftforsvaret etter kvarte vorte ete opp. Ukraina seier ikkje mykje om tapa sine, men det er stadfesta tap av meir enn 60 kampfly – halvparten av det dei hadde då krigen starta. Det er ikkje sikkert at F-16 er ein «game changer», men om ikkje denne prosessen vart sett i gang, ville dei etter kvart mista fly­våpenet. Når vestlege land no støttar Ukraina med F-16, er dette eit klart signal til Russland om at vi ikkje er leie, og at vi har tenkt å støtte Ukraina med det som trengst på lang sikt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis