Krig
På jakt etter gode nyhende
Det er svært varmt å krige om sumaren. Støv, skotsikker vest, hjelm, tunge våpen. Og, sjølvsagt, først og fremst den ville artilleristormen som aukar temperaturen ytterlegare og sender varmt støv opp i lufta – støv og røyk frå brennande hus og tre.
Når humøret blir dårlegare, leitar ukrainarane desto ivrigare etter nokre positive nyhende, skriv Andrej Kurkov.
Foto: Alexander Ermochenko / REUTERS / NTB
Langs fronten er det få nærkampar, med unntak av gatekampane i enkelte byar. Ukrainske troppar utkjempa intense kampar for å halde Severodonetsk og Lysitsjansk, men har no trekt seg attende. No når Luhansk-regionen er så å seie fullstendig erobra av den russiske armeen, vil kampane flytte seg til den delen av Donetsk-regionen som enno er under ukrainsk kontroll.
Sjølv om militærkommandoen forklarer at dei ukrainske troppane trekkjer seg attende for å berge livet til soldatar, og at dei har som mål å kome attende og frigje dei okkuperte områda, kan ukrainarar som ser det heile på avstand, kjenne seg deprimerte. Sant nok stikk ikkje den ukrainske depresjonen særleg djupt. Når humøret blir dårlegare, leitar ukrainarane desto ivrigare etter positive nyhende. Og dei finn det.
For nokre dagar sidan feia ukrainsk artilleri det russiske militæret vekk frå Slangeøya. Dei som var att av den russiske garnisonen, flykta på to eller tre båtar og lét alle våpena sine etter seg. Dei russiske leiarane melde at soldatane hadde forlate øya for å vise at dei ikkje var noko trugsmål mot dei ukrainske skipa som frakta kveitekorn ut frå hamnene i Odesa og området rundt.
Etter denne kunngjeringa vart øya ettertrykkeleg bomba av russiske bombefly, slik at det militære utstyret der ikkje kunne takast av den ukrainske hæren. No er øya atter under ukrainsk kontroll. Eller, for å vere meir presis, ikkje under russisk kontroll. Det er svært positivt, for da dei var der, kunne russarane truge ein stor del av Svartehavet og Ukraina. Likevel, ettersom øya òg er svært utsett, vil ho truleg ligge aude så lenge krigen varar. Ho er eit for enkelt mål for russiske ballistiske missil og militære fly.
Det andre gode nyhendet kom frå kulturfronten, der kampane òg er harde. Først var det direktøren for det kjende Ermitage-museet i St. Petersburg, Mikhail Piotrovskij, som i eit langt intervju med Rossiyskaya gazeta sa at promoteringa av russisk kultur er det same slaget «spesialoperasjon» som invasjonen av Ukraina. Dette er ikkje akkurat gode nyhende, men er enda eit prov for brotsverk mot menneskeætta i domstolen i Haag.
Så bestemde Unesco at «den ukrainske borsjkulturen» er ein del av Ukrainas immaterielle kulturarv. Gleda over dette nyhendet var mykje større enn raseriet over intervjuet med Mikhail Piotrovskij, og denne gleda fylte heile informasjonsfeltet i Ukraina.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.