Krig
Odesa i krigstid
Sist laurdag var det ei framsyning av Don Quijote i opera- og balletthuset i Odesa. Det var så å seie fullt, sjølv om framsyninga byrja klokka 16. Det kjem av at framsyningar på dagtid vert vurderte som tryggare enn om dei skulle vere på kveldstid.
Don Quijote av Cervantes på Odesa-balletten.
Foto: Odessa National Academic Opera and Ballet Theatre
På plakaten for framsyninga står det framleis at balletten er koreografert av den heidra russiske kunstnaren Jurij Vasyutsjenko. For ikkje lenge sidan var han sjefkoreograf ved Odesa-balletten, men no arbeider han i Kasakhstan, ved Abai-balletten i Almaty. Det er armenske Garry Sevojan som no er sjefkoreograf ved Odesa-balletten. Og den gjestande sjefdirigenten er Hirofumi Yoshida frå Japan. Blant dansarane og musikarane er det mange frå nabolandet Moldova.
Operahuset i Odesa er Odesa i miniatyr. Ein kosmopolitisk by bygd av baskarar, spanjolar og franskmenn. Ein av dei første borgarmeistrane i byen var hertugen av Richelieu. Han har fått sitt monument på toppen av den kjende Potemkin-trappa, som leier ned til passasjerhamna i Odesa, ei hamn som no ikkje er i bruk.
Hertugen av Richelieu var både borgarmeister og generalguvernør i Odesa. Da Bourbon-slekta vann att trona i Frankrike, drog han attende til heimlandet og vart statsminister i regjeringa til Ludvik XVIII. Det var han som sette fart på utviklinga av hamna i Odesa, der det no under krigen vert skipa ut kveite, mais og andre matvarer.
Dei to siste vekene har ikkje Odesa blitt bomba, og livet, særleg det kulturelle og gastronomiske, har blømt nesten som før krigen. Den mest berømte Odesa-basaren, Privoz, er open. Det er berre fiskediskane som er så godt som tomme – det er forbode for fiskarar å dra ut på sjøen. Odesa utan fersk fisk er ein av dei klaraste kjenneteikna på krig i denne byen. Det var det same under andre verdskrigen, da Odesa var okkupert av styrkar frå Romania – allierte med Hitler. Til gjengjeld er det frukt og grønsaker å få, og prisane på dei har auka lite, sjølv om hryvniaen har gått merkbart ned i verdi mot dollar og euro.
Turistar, flyktningar frå Aust-Ukraina og fastbuande har alt funne ut kvar det er meir eller mindre trygt å bade i sjøen ved Odesa. Trass i det offisielle forbodet mot å dra til stranda, og at folk har mista livet på grunn av undervassminer (det siste er at ei mine nær stranda i Zatoga drap to menneske og skadde eit anna), badar folk framleis langs heile kysten i Odesa-regionen. Kysthotell og rekreasjonssenter er i full sving.
Lokale vindyrkarar leverer vin på fat til strandbarar og kafear. Vassmelonar frå den sørlege delen av Odesa-regionen er like søte som dei meir kjende vassmelonane frå Kherson. Og no lyt dei erstatte Kherson-produkta, ettersom russiske styrkar ikkje tillèt bøndene i Kherson å sende noko som helst til dei ikkje-okkuperte områda i Ukraina.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.