JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Mobilisering i Ukraina: gøymeleiken

No er det offisielt 200.000 ukrainske menn i vernepliktig alder berre i Tyskland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukrainske soldatar på sjølvstendeplassen i Kyiv ber kista til endå ein fallen våpenbror. Serhii Yarmolenko blei drepen i kamp mot russiske styrkar i Donetsk-regionen.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

11723
20230922

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Ein bil som høyrde til eit kontor for militær registrering og innrullering, nærma seg nyleg ei gruppe unge menn som stod og venta på bussen i Lviv. Dei militære hoppa ut av køyretøyet, greip tak i en av mennene og byrja dra han inn i bilen. Han gjorde motstand. Dei militære gav seg til å slå han, og han datt om på asfalten.

Andre ungdommar og forbipasserande ropte til dei militære og kravde at dei skulle la mannen vere i fred. Til slutt klarte han å rive seg laus, og sprang nedover gata. Dei militære følgde ikkje etter han.

Eg har ein mistanke om at liknande scener utspelar seg i andre byar òg. Eg kjenner til ei hending som fann stad i Odesa for eit par månader sidan. Nokon festa det som skjedde på video. Videoen gjekk viralt i Ukraina og sette i gang sterke diskusjonar om mobiliseringspraksisar.

Slike videoar har skremt mange ukrainarar som ikkje ønsker å dra til fronten. Dei har slutta å syne seg på offentlege plassar og har unngått å reise til andre delar av landet, fordi dei fryktar å bli mobiliserte i samband med dokumentkontroll ved sjekkpunkt.

Litt etter litt innser ukrainarane at mobilisering til militæret kjem til å gå føre seg nett på dette viset i ei nær framtid.

Det har dukka opp eit paradoks: Ukrainske soldatar som slåst ved fronten, blir beundra og erklært som heltar, medan dei tilsette i kontora for registrering og innrullering, som òg er militært personell med ansvar for å mobilisere folket, blir overhøvla, ofte hata og til og med utsette for fysiske åtak.

Russisk etterretningsteneste har sett i gang sin eigen internettkampanje i Ukraina for å stikke kjeppar i hjula for mobiliseringa og skape frykt blant potensielle vernepliktige. Frå spesielle kontoar på Facebook, TikTok og Instagram lærer russiske robotar ukrainske menn korleis dei kan kome unna mobilisering og unngå å ende opp ved fronten.

Samstundes klagar offiserar ved fronten stadig oftare over mangel på personell. Det er klart for alle at motoffensiven har kravd store tap. Det er mange drepne og skadde, og dersom det ikkje kjem nye styrkar til, kan motoffensiven stogge.

Denne krigen er ein slitasjekrig der det røyner på mannskap, artilleri, missil og dronar. Dersom det ukrainske militæret skaut opptil eit par tusen granatar som svar på 50.000 granatar frå Russland i starten av krigen, har landa no jamverdig artillerikraft, og kvar side fyrer av 40.000 granatar kvar dag mot fiendtlege stillingar.

Den 19. september kunngjorde den ukrainske generalstaben at dei russiske tapa per dag var over 500 menneske. Dei fleste av desse var offer for artillerigranatar, ein mindre del var drepne i nærkampar. Vi veit ikkje kor mange ukrainske soldatar som døyr per dag, og kjem ikkje til å finne ut av det på ei god stund. Men russiske generalar kjenner seg trygge, sjølv om dei trekkjer seg attende med store tap. Dei seier at Russland har 40 millionar menneskelege ressursar å setje inn i krigen, og Ukraina har berre 4 millionar.

Den ukrainske nasjonalforsamlinga er òg uroa for mobiliseringa og diskuterer no fleire lovframlegg. Om framlegga blir vedtekne, vil dei få innverknad på forsvarsevna til landet.

Den viktigaste lova, som over 100 representantar har arbeidd med, handlar om elektronisk registrering av militært personell. Etter at Zelenskyj kom til makta, har temaet elektroniske dokument blitt svært populært, særleg blant unge. Ein app kalla «Action» vart utvikla, og fleirtalet av unge ukrainarar la han inn på smarttelefonen sin. Med denne appen kan ein skaffe seg ulike dokument utan å oppsøkje offentlege kontor. «Action» gjer det råd å få elektronisk førarkort og pass på telefonen.

Lova om elektronisk registrering inneber først og fremst innsamling av all informasjon om menn som er forplikta til militærteneste, frå 18 til 60 år, frå alle offentlege databasar, inkludert skatteetaten og migrasjonsdepartementet. Slik vil den nye superdatabasen innehalde ikkje berre namna og adressa til dei som er aktuelle for militærteneste, men også all annan informasjon om dei, inkludert mobilnummer og e-postadresse. Og her melder spørsmålet seg: Vil «Action»-systemet, som ukrainarane er så glade i, bruke GPS-en på smarttelefonen for å fortelje dei militære kontora for registrering og innrullering kor dei vernepliktige oppheld seg?

Registrering av personlege adresser er noko som heng igjen etter sovjetæraen, og som er ført vidare av dei ukrainske regjeringane. Men det er vanleg for ukrainarar å ikkje bu på den adressa som er offentleg registrert og som innrulleringskontora kan sende mobiliseringsordre til.

No har styresmaktene innført større bøter for dei som ikkje bur på den offisielle adressa si og ikkje har meldt frå om den nye til kontora for registrering og innrullering.

Vil innkallingar bli sende til ukrainske borgarar via «Action»-appen? Offisielle talspersonar seier at det ikkje vil skje. Eg trur ikkje på dei. Dersom mobiliseringssituasjonen blir kritisk, vil denne måten å kontakte kvar vernepliktige på, direkte gjennom smarttelefonen, også bli brukt.

Blant lovframlegga som ligg til diskusjon i parlamentet, er det eitt som er etter måten humant. Framlegg 9566, som er lagt fram av ein representant frå Zelenskyj-partiet Folkets tenar, Georgiy Mazurashu, vil gjere det mogleg for ukrainarar som ikkje vil ut i krigen, å nekte mobilisering og i staden arbeide i sivile forsvarsverksemder. Han meiner at ei slik lov vil minske den sosiale spenninga i samfunnet.

Ei slik lov kunne nok redusere talet på menn som ønsker å forlate landet lovleg eller ulovleg, men ho vil etter alt å døme ikkje bli vedteken av parlamentet, ettersom ho strir mot politikken for alminneleg mobilisering. Den tidlegare sportsjournalisten og parlamentarikaren Georgiy Mazurashu vil difor neppe få til å «redusere sosial spenning» – og aller minst blant dei som ikkje vil gå inn i militæret.

Etter ei massiv utreinsking av korrupte sjefar for militære kontor for registrering og innrullering arbeider no dei militære medisinske kommisjonane i Ukraina under strengt oppsyn. Det er desse kommisjonane som avgjer om ein potensiell vernepliktig er skikka eller ikkje skikka til militærteneste, etter ei vurdering av helse og fysisk tilstand.

Undersøkingar har vist at sjefar og tilsette ved desse kommisjonane selde «uskikka»-attestar til dei som ikkje ville til fronten og var villige til å betale 4000–5000 dollar for ein falsk diagnose. Nokre av sjefane for desse kommisjonane hadde liggande 90.000–100.000 dollar i kontantar heime.

No set styresmaktene saman lister over borgarar som kan ha fått ulovleg fritak frå militær­tenesta. Desse mennene vil bli innkalla til nye medisinske undersøkingar. Eg kan berre fantasere om den «sosiale spenninga» dei kjenner på nett no.

For ei veke sidan offentleggjorde ukrainske aviser og nettpublikasjonar ei liste over 372 frivillige organisasjonar som mot betaling har hjelpt desse som nektar frontteneste, til å reise til utlandet. Desse organisasjonane utarbeidde brev som gjorde det mogleg for menn å forlate Ukraina i nokre dagar for å drive med arbeid knytt til humanitær og annan hjelp til det ukrainske militæret, for flyktningar og for internt fordrivne. Tusenvis av menn som forlét Ukraina takk vere desse breva, kom aldri attende. I staden søkte dei om førebels vern i naboland.

«Det er eit spørsmål om korleis ein skal få dei som alt har fare av garde, for retten. Dei kjøpte desse dokumenta, og ved hjelp av falske papir (...) drog dei til utlandet», seier den ukrainske parlamentarikaren David Arakhamia. «No er det ikkje mogleg for politiet å få tak i dei. Men vi styrker internasjonalt juridisk samarbeid. På den måten kan politiet be om utlevering av slike folk frå alle land i verda, med unntak av Russland, slik at dei kan hentast attende til Ukraina og få ei rettmessig straff.»

Trass i optimismen til David Arakhamia har representantar for styresmaktene i Austerrike, Tyskland og Ungarn alt gjort det klart at dei ikkje kjem til å utlevere til Ukraina dei som kom inn i landa på illegalt vis fordi dei ikkje ønskte å ende opp i det ukrainske militæret. No er det offisielt om lag 200.000 ukrainske menn i vernepliktig alder berre i Tyskland, og det er lite truleg at tysk politi vil gjere noko for å finne ut kven av dei som forlét Ukraina illegalt.

Frå 1. oktober i år vil også kvinner mellom 18 og 60 år som arbeider i helsevesenet, bli registrerte for militærteneste. Dei kan bli utkommanderte til militæret som legar og sjukepleiarar. Berre helsearbeidarar som er gravide eller i barselpermisjon, er fritekne frå militær registrering.

Kvinner i andre yrke som kan nyttast i militæret, kan sjølve melde seg til militær teneste.

Ved eitt høve reiste nokre politikarar spørsmålet om verneplikt for alle ukrainske kvinner, etter mønster frå det israelske militæret, der kvinner og menn gjer teneste på like vilkår. Men denne tanken fekk inga støtte i det ukrainske samfunnet.

I dag er det over 60.000 kvinner som tenestegjer i det ukrainske militæret, blant dei er det om lag 7500 offiserar. Det er to og ein halv gong fleire enn det var i 2014, da krigen med Russland tok til.

Oberst Larisa Jakobtsjuk er kvinna med høgst rang, som visebrigadesjef. «Først av alt er eg offiser, deretter kvinne, og berre etter det blondine,» seier ho smilande om seg sjølv.

Sidan februar i fjor har over 100 kvinnelege soldatar døydd ved fronten, og fleire enn 500 er skadde.

Heller langsamt byrjar det ukrainske militæret å endre seg frå ein totalt mannleg til eit kjønnsblanda etablissement. Først laut kvinnelege soldatar tilpasse mennenes uniformer til sin eigen fysikk. No er problemet løyst.

Problemet med motivering for ny mobilisering av menn gjeld framleis. Det er eit mykje større problem enn kvinnelege uniformer med dårleg passform. Det ukrainske forsvarsdepartementet fekk ordna med fleire motivasjonsvideoar til bruk i sosiale nettverk. Utdanningsdepartementet tilbyr gratis universitetsutdanning til unge menn etter militærtenesta. Men det er framleis ikkje nok til å endre haldninga til mobilisering hos dei som enno ikkje har vore inne til teneste, og som slett ikkje har det travelt med å opplyse kontora for registrering og innrullering om den nye adressa si.

Mange ekspertar meiner at den beste motivasjonen ville vere høgare løn til militært personell – frå 5000 til 10.000 dollar i månaden. No får militært personell stort sett 3000–4000 dollar i månaden, pluss tillegg for deltaking i kamphandlingar. Men det ukrainske budsjettet, som vi trygt kan kalle «internasjonalt» på grunn av talet på sponsorar, vil ikkje tole ein slik auke i militærløner.

I Russland er løna for militært personell 2000–3000 dollar, og det er nok til å motivere russiske menn til å bli soldat. Ein stor prosentdel av russiske soldatar går inn i militæret på grunn av pengeproblem og ubetalt gjeld. Samstundes har Russland, trass i internasjonale sanksjonar, finansielle reservar til å halde ved lag dei høge lønene. Ukrainarar har gjerne mindre gjeld, og den ukrainske staten fungerer først og fremst takk vere støtte frå EU og USA.

Vi skal vente og sjå om regjeringa kan finne ein måte å motivere vernepliktige på, samstundes som ho held fram med allmenn mobilisering dei neste to–tre månadene.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis