JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Kven og kva trur ukrainarane på?

Over 600 dagar har gått sidan det nye åtaket frå det russiske militæret. Om nye tre månader vil tre triste datoar vere prenta inn i den moderne historia til landet: ti år sidan annekteringa av Krym og starten på krigen i Donbas, og to år sidan starten på den nye russiske aggresjonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Volodymyr Zelenskyj vitjar og poserer med soldatar på ein ikkje namngjeven stad ved fronten i Ukraina 3. oktober i år.

Foto: Pressetenesta til presidenten / Reuters / NTB

10247
20231020

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Eg trur ikkje desse datoane kjem til å bli markerte på noko spesielt vis i Ukraina, men for dei fleste ukrainarar vil februar 2024 gje ein ny grunn til tenkje over den ferske fortida, notida og framtida.

Før krigen grunda ukrainarane ofte over kva retning landet deira tok: «Kor går Ukraina? Har landet valt den rette vegen?» Det nye spørsmålet ukrainarane vil freiste å finne svar på, vil vere enklare, men ikkje mindre viktig: «Korleis vil denne krigen ende? Kva er det som ventar Ukraina etterpå?»

Det er ingen løyndom at optimismen blant ukrainarane når det gjeld ein snarleg slutt på krigen, har minska sidan i fjor. Da var det slik at sjølv dei som ikkje hadde røysta på Zelenskyj i presidentvalet, trudde at den uhemma energien hans ville hjelpe Ukraina til å skaffe seg dei våpena som skulle til for å jage fienden frå dei okkuperte territoria. Det verka ikkje som det uroa nokon at sigermeldingane hans alltid nemnde berre nokre små våpenforsyningar: «Slovakia gav Ukraina to Zuzanna-kanonar, og Tyskland gav to Iris luftforsvarssystem.»

Det gjekk rykte i Ukraina om at dei allierte i røynda gav mykje meir, men i løynd, for ikkje å irritere Russland. Storleiken på militærhjelpa vart oppfatta som noko teoretisk. Så kom det rapportar om 50 pansra køyretøy frå Australia, og så ti stridsvogner frå Belgia. Somme ekspertar var djupt krenkte, og sa at slik hjelp er verdlaus på ein front som strekkjer seg over 1300 kilometer.

Eg tenkte at mykje av denne praten var eit spel – for å styrke moralen både blant fredsæle ukrainarar og blant soldatar ved fronten. I utgangspunktet trur folk at dei ukrainske styrkane kjempar med Nato-våpen. Det kjem berre ein og annan sjeldan rapport om våpen som no blir produserte i Ukraina, og om planar for samproduksjon av våpen og ammunisjon på ukrainsk territorium, men dette er svært ømtolig informasjon som russisk etterretning ikkje bør få kome under vêr med.

Om ukrainarane tidlegare venta seg mirakel frå vestlege våpen, har både Himars- og Storm Shadow-missil no blitt noko velkjent, nesten daglegdags. No ventar ukrainarane på F16-fly frå Vesten, men desse forventingane er ikkje lenger overdrivne. Alle skjønar at sjølv om det er viktig å kunne forsvare luftrommet over Ukraina med vestlege kampfly, vil ikkje F16 avgjere utfallet av denne krigen.

Alt no er mange uroa over kva som vil skje om Ukraina frigjer dei okkuperte territoria, og Russland held fram med å nytte missil og dronar over heile det ukrainske territoriet. Kan ein sjå på det som ein siger eller ein delvis siger? Kva bør Ukraina gjere for å svare på slike åtak? Bombardere russisk territorium? Vil Ukraina måtte bruke like mykje pengar på våpen når det er så mykje å byggje opp att?

Ingen ventar seg rasjonell tenking frå den russiske leiarskapen. Dersom det hadde vore mogleg, ville ikkje denne krigen ha eksistert. Det er svake voner om endring i den russiske eliten, men dei er flyktige og slett ikkje grunna på den aktuelle russiske røyndomen. I Russland er den einaste eliten som finst, antiukrainsk og antivestleg.

Denne innsikta kan ikkje anna enn skape triste tankar om dei komande månadene eller til og med år av denne krigen. Dei seinaste vekene verkar det som om dette får den ukrainske leiarskapen til å konsentrere seg einsidig om nasjonal einskap og sams haldningar.

Før krigen gjekk den viktigaste splittinga i det ukrainske samfunnet mellom «Porosjenko-supporterar» og «Zelenskyj-supporterar». Denne splittinga finst framleis. «Zelenskyj-supporterar» leiar over «Porosjenko-supporterar» med 75 prosent oppslutnad mot 25 prosent.

Andre splittingar er langt mindre tydelege og difor ikkje så skadelege for det ukrainske samfunnet.

Ulikskap i tankar og oppfatningar blant ukrainarane blir overvaka av samfunnsforskarar. Dei gjennomfører stadig rundspørjingar som syner korleis meiningane om den eine aller andre saka, har endra seg. Desse rundspørjingane gjev inntrykk av at det ukrainske samfunnet er noko ute av balanse, og det er ikkje overraskande. Vi er verkeleg eit krigstraumatisk samfunn, rive mellom trua på eit mirakel og ein ikkje-så-inspirerande røyndom.

I fjor skåra president Zelenskyj 90 prosent på tillit, men i dag har talet falle til 75 prosent. Han er likevel på førsteplass når det gjeld tillit på lista over politikarar og offentlege figurar. Likevel, sommaren 2023 var det 78 prosent av ukrainarane som heldt president Zelenskyj personleg til ansvar for korrupsjon i regjeringa og i militæradministrasjonen i ukrainske regionar.

I «tillitsmålinga» er det ukrainske militæret på førsteplassen blant samfunnsinstitusjonar, med 93–94 prosent tillit, følgt av frivillige militære grupperingar og andre frivillige. Presidenten er berre på sjuandeplassen med 72 prosent tillit.

Likevel, på førsteplassen blant dei som utmerker seg med låg skår på tillit, kjem dei politiske partia. 74 prosent av ukrainarane har ikkje tillit til dei. 72 prosent av dei som svara, har ikkje tillit til ukrainske embetsfolk. Regjeringa manglar tillit hos 60 prosent av ukrainarane. Blant dei noverande politikarane i Zelenskyj-leiren er det sjefen for presidentkontoret, Andrij Jermak, leiaren for parlamentet, Ruslan Stefantsjuk, og statsminister Denis Sjmygal som har minst tillit.

Dette syner at ukrainarane ikkje ser med roseraude briller på den røyndomen Ukraina er i. Sjølv om det er ei vilkårslaus støtte til det ukrainske militæret, er ikkje dette ein styrkande faktor for det ukrainske samfunnet. Difor vil all diskusjon om eit mogleg presidentval, som ein høyrer stadig oftare i ukrainske medium, splitte det ukrainske samfunnet ytterlegare.

Zelenskyj sa nyleg i eit intervju med utanlandske journalistar at om krigen held fram, vil han stille til ein ny presidentperiode. Om krigen tek slutt, vil han ikkje stille til fem nye år som president. Dette er truleg det mest konkrete signalet om kva planar han har.

Når alt kjem til alt, er det klart for dei fleste ukrainarane at krigen vil halde fram. Eit val under ein krig, når om lag åtte millionar ukrainarar er flyktningar i utlandet og over ein halv million er ved fronten, kan knapt bli vurdert som rettferdig og legitimt. I alle tilfelle finst det ingen internasjonale institusjonar som kan avgjere graden av legitimitet til slike val. Det er tydeleg at ukrainarane ikkje er klare for val, og at dei har ei negativ haldning til tanken på val i ein krig. Men av ukjende årsaker er det ingen sosiologiske institutt som gjennomfører meiningsmålingar om denne saka.

Åtaka på presidentleiren frå motstandarane har likevel styrkt seg. På tradisjonelt vis er ein av leiarane av desse åtaka den tidlegare rådgjevaren til sjefen for presidentkontoret, Oleksyj Arestovitsj. I fjor, da Arestovitsj – bloggar og tidlegare militær etterretningsoffiser – arbeidde for Zelenskyjs gruppe, sprengde den personlege populariteten hans alle moglege rekordar. I dag, ifølgje dei sosiologiske tenestene til Razumkov-senteret, er det 71 prosent av ukrainarane som ikkje har tillit til Arestovitsj. Dette uroar han likevel ikkje. Han har openberre presidentambisjonar og er fullt ut i stand til å vinne att mesteparten av dei tapte popularitetspoenga ved å kritisere Zelenskyj og hans folk.

Det er berre å kunngjere presidentval, så vil den politiske kampen i Ukraina flamme opp att med ny styrke. Dette vil sjølvsagt kunne ha den verste innverknaden på situasjonen ved dei militære frontane.

I seinare tid har Zelenskyj provosert fram enda meir misnøye blant ukrainske journalistar. Han samla ein mindre krins av lojale journalistar på kontoret sitt og bad dei, under ein uformell prat, om ikkje å skrive om korrupsjon i Ukraina før krigen er slutt. Blant dei inviterte var sjefar for sosiale kanalar der det av og til har dukka opp informasjon bestilt av representantar for presidentkontoret.

Det er ikkje kjent kva andre saker som vart diskuterte under tête-à-tête-en. Det er lite truleg at journalistane stilte spørsmål på dette møtet. Mest sannsynleg lytta dei rett og slett til presidenten og dei næraste rådgjevarane hans, og nikka.

Men det er ei anna rundspørjing som kunne vere av interesse for objektive journalistar: ei undersøking av kor mange ukrainarar det er som kan vere villige til å akseptere tap av territorium i bytte for ein slutt på krigen. Talet på slike ukrainarar har auka med 4 prosent i løpet av dei seks seinaste månadene, og utgjer no 14 prosent av heile folkesetnaden. 80 prosent av ukrainarane set seg framleis imot kompromiss om landområde. Dersom vi ser på resultatet av denne undersøkinga regionvis, vil vi sjå at sør i Ukraina har talet på dei som er villige til å inngå kompromiss, auka frå 8 prosent til 21 prosent, og i Aust-Ukraina frå 13 til 22 prosent.

Sjølvsagt omfattar ikkje dette meiningane til dei åtte millionar ukrainske flyktningane som vart tvinga til å forlate Ukraina. Dessutan kan det hende nokre av respondentane skjuler den personlege meininga si og seier det same som det patriotiske fleirtalet. Å ikkje tru på siger til dei ukrainske styrkane ville vere ei tydeleg framsyning av manglande patriotisme. Å snakke om territoriale kompromiss inneber a priori ein idé om at det er uråd for det ukrainske militæret å vinne denne krigen.

I mellomtida går den ukrainske motoffensiven i sør svært langsamt fram. Og i aust har russiske troppar igjen sett i gang ein offensiv i områda med byane Avdijivka, Marjinka og Kopjansk. Det ser ut til at vinteren ved fronten vil bli hard, og at ukrainske soldatar igjen kjem til å feire nyåret i skyttargraver og under eld.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis