JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Kva er ein ruin ved havet verd?

Ein amerikanar som eg pla prate med i Washington, sa i mai i fjor at amerikanarar berre er interesserte i geografi når det bryt ut krig ein stad der det amerikanske militæret er med.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nye bustadblokker vert i hast reiste frå ruinar i den okkuperte hamnebyen Mariupol.

Foto: Anton Novoderezhkin / Tass

12620
20230818
12620
20230818

Året som har gått sidan da, har synt at samtalepartnaren min ikkje hadde heilt rett. Amerikanarar er òg interesserte i geografi når det går føre seg ein krig i eit land dei støttar og heiar på, også politisk og militært.

Av alle krigar det siste tiåret har krigen i Ukraina synt seg å vere den lettaste for amerikanarane å forstå: ein sterk aggressor invaderte eit svakare, men fridomselskande land for å grafse til seg territoriet og assimilere innbyggjarane til landet.

Aggressoren tok som medskuldige dei kjeltringlanda som er utsette for sanksjonar frå den siviliserte verda – Iran og Nord-Korea. Det angripne landet har kjempa desperat for å halde aggressoren unna i eit og eit halvt år, og ved å gjere dette motiverer dei alle som støttar det, til å støtte det ytterlegare. Og sjølvsagt mottek Ukraina mykje militær assistanse frå USA, noko som skaper auka interesse blant amerikanarane for krigen i Ukraina og for ukrainsk geografi.

«Kherson er frigjord! Gratulerer!» skreiv ein amerikansk ven til meg på Facebook i fjor haust. «Korleis går det i Bakhmut», spurde ein annan kjenning frå austkysten. «Trur du det ukrainske militæret vil vere i stand til å frigjere Mariupol», spurde ein amerikansk professor frå California meg da eg underviste ved Stanford i vår.

I USA, som i heile verda, harr folk godt kjennskap til kartet over Ukraina. Det er mange kjende stadnamn der, og bak kvart namn er historia til ein by eller ein landsby, historia til tusenvis av menneske, historia om okkupasjon og frigjering.

Sidan februar i år har også russiske skuleborn sett på kartet over Ukraina og kartet over Den russiske føderasjonen i geografitimane. Sant nok er karta som er utgjevne i Russland av Atlas Print, annleis enn dei karta ein finn i amerikanske og europeiske bokhandlar. På kart utgjevne i Russland høyrer den søraustre delen av Ukraina alt Den russiske føderasjonen til. Inkludert byane Liman og Kherson, frigjorde av det ukrainske militæret, og byen Zaporizjzja, som aldri har vore erobra.

Det er mange nytrykte kart og atlas over Den russiske føderasjonen der «dei nye territoria» er tekne med, men dei største trykkseriane av slike kart er betalte av staten til bruk i skular og andre utdanningsinstitusjonar. Putin vil at russiske born tidleg skal bli kjende med resultata av denne krigen, slik han ser dei, sjølv om planane hans for okkupasjonen av Ukraina enno ikkje er gjennomførte og neppe vil bli det.

Formuleringa «nye territorium» kan høyrast i russiske massemedia tusen gonger kvar dag. Russisk fjernsyn og vanlege journalistar sender dagleg reportasjar og nyhende frå «dei nye territoria». Ved å sjå russisk fjernsyn og høyre på russiske politikarar kan ein få inntrykk av at det går føre seg eit «gullrush» i dei «nye territoria».

Titusenvis av menn dreg dit for å bli rike, kledde i militæruniform. Titusenvis av arbeidsmigrantar frå Tadsjikistan dreg dit gjennom Russland for å få betre løn enn i Moskva eller St. Petersburg. I dag er det om lag 30.000 bygningsarbeidarar frå Sentral-Asia i Mariupol. Det er mange asiatiske kafear i byen der dei kan kjøpe mat dei kjenner – plov og shurpa (fåresuppe) – for ein billig penge. Samstundes står lokale innbyggjarar i lange køar kvar dag for å få brød eller varm graut.

Russiske popstjerner og lokale parlamentarikarar frå heile Russland syner seg òg fram i Mariupol – dei vil gjerne bli lagde merke til i dei «nye territoria» på eit historisk tidspunkt. Dei blir fotograferte med ruinane som bakgrunn, men òg med dei nybygde husa i bakgrunnen, for å syne at dei tek del i «utviklinga av nye territorium», og for å bli ein del av historia om russiske Mariupol.

Ja, i dag er denne byen på mange lepper i Russland. Dei skriv og snakkar mykje meir om Mariupol enn til og med om Donetsk, og, utruleg nok, enda meir enn om Bakhmut! Mariupol er gjord til eit symbol på russisk siger i denne krigen.

Den russiske viseforsvarsministeren Timur Ivanov besøkte Mariupol for kort tid sidan og tala til journalistar i utkanten av byen, i nærleiken av det nye «Nevskij»-bustadkomplekset. Sjølve namnet på komplekset syner at byen ved Neva, St. Petersburg, er knytt til denne bygningsmassen, men dette er òg ein del av propagandaen.

Dei seier at heile den russiske føderasjonen byggjer opp att dei øydelagde «nye territoria». Timur Ivanov viste journalistane ein nybygd skule for 1100 elevar som alt har fått datamaskinar og skuleutstyr. Undervegs er nye geografibøker om Russland, med nye kart, der elevane får stadfesta at Mariupol er i Russland.

«Dette er den mest moderne, og, meiner eg, ein av dei beste skulane i Russland», sa han. Og så sa han at 700 arbeidarar jobbar samstundes med bygginga av skulen, og at over 50 anleggsmaskinar er brukte i arbeidet – gravemaskinar, bulldosarar, kraner og så bortetter.

Viseforsvarsministeren skrytte òg av 1800 husvære i «Nevskij»-komplekset som det russiske ingeniørvåpenet fullfører raskt for familiar med barn som snart kjem til å gå på denne skulen. Rett nok er det ikkje klart kva for familiar som vil få eller få kjøpe husvære i dette komplekset. Viseforsvarsministeren hadde ingen spesifikke erklæringar om den saka.

Ja, i Mariupol riv dei russiske ingeniørsoldatane ned hundrevis av bustadblokker som er øydelagde eller skadde av russisk artilleri, samstundes som dei byggjer nye hus i full fart, men ikkje etter særleg strenge spesifikasjonar, etter det dei fastbuande sjølve seier.

Det viser seg at dei ikkje berre blir bygde for å huse innbyggjarar som er blitt heimlause. Mange husvære i nye bygningar er alt til sals, og nokre er selde. For å kvalifisere til eit nytt husvære som vederlag for eit øydelagt må innbyggjarar i Mariupol ha russisk pass og ikkje eige datsja eller landsbyhus. Folk som sit att med noko eigedom – om det så er ein garasje eller ein låve nær ei øydelagd hytte – har ikkje krav på full kompensasjon for tapt husvære.

Det er vanleg at dei russiske reglane for å få kompensasjon bli endra kvar månad, og dei blir endra berre i éi retning: Det blir stadig vanskelegare å få kompensert noko som helst.

Og om nokon frå Mariupol får nytt husvære, skjer dette offentleg med journalistar og fjernsynskamera til stades. Mottakarane av eit slikt husvære vil sjølvsagt vere ein ung barnefamilie som syner fullstendig takksemd til Putin for den nye bustaden og for den russiske okkupasjonen.

For det første tek det seg godt ut. For det andre kan unge familiar hyllast på russisk fjernsyn som framtidas russarar i dei «nye territoria».

Alt nytt som det bli reklamert for på TV, dreg til seg mykje merksemd. Og nye eigedomar i Mariupol blir populære blant folk i Det fjerne austen, Sibir, Sentral- og Nord-Russland. Men ettersom storparten av den russiske folkesetnaden ikkje har råd til å kjøpe ny eigedom, byrjar dei sjå etter delar av gamle eigedomar som er mykje billigare.

Dei trur på reportasjane på russisk TV og er klare til å flytte til «dei nye territoria» for å nyte livet ved havet. Russiske journalistar har intervjua vanlege oljearbeidarar frå Surgut som erklærer at draumen deira er ein heim i Mariupol. Dette stimulerer den underlege eigedomsmarknaden i dei okkuperte territoria.

Det stemmer at prisane på eigedom er svært låge her. Eit eittroms husvære kostar 10.000 dollar, eit toroms kostar 20.000 dollar, og ein treroms bustad kostar mellom 25.000 og 30.000 dollar. Dette gjeld dei husa som overlevde bombinga eller vart berre litt skadde.

Nokre moglege kjøparar annonserer at dei er villige til å kjøpe ein forfallen bustad eller eit hus som er øydelagt av eksplosjonar, så lenge det er svært billig. Husvære i nybygde hus er mykje dyrare, men dei er meinte for middelklassen, rikare folk som ikkje er interesserte i eigedom som ligg 100 kilometer frå frontlina.

Det er ei anna gruppe kjøparar som ein kunne ha skrive ein roman om. Det er folk som kjøper eigedom som ikkje lenger eksisterer, frå lokale innbyggjarar. Det vil seie, dei kjøper dokument for eigedom som vart øydelagd under krigen, og blir dei nye eigarane av denne virtuelle eigedomen. Alt dei har i handa, er skøytet.

Kvifor desse russarane treng dokument for ikkje-eksisterande eigedom, kan ein berre gjette på. Kan hende ser desse menneska for seg at dei skal få reell kompensasjon gjennom å nytte dette dokumentet i ei rettssak. Eller skal dei skaffe seg eit banklån med denne eigedomen som tryggleik i nær framtid? Det er ikkje godt å seie, men denne typen transaksjonar er ikkje uvanlege i Mariupol-området.

Ein lokal notarius med russisk lisens vil enkelt og utan store kostnader omregistrere eigedom til ein ny eigar, utan å spørje om dette husværet eller dette huset i det heile teke finst.

Her om dagen kunngjorde dei russiske okkupasjonsstyresmaktene i Donetsk-regionen at opninga av Mariupol lufthamn er utsett til 2026. Dei russiske styresmaktene lovar å reparere og gjenopne Donetsk lufthamn i 2025. I mellomtida ligg begge flyplassane i ruinar.

Dei lokale innbyggjarane, som òg lever i ruinar og har høyrt slike erklæringar frå russarane før, ler berre litt sørgmodig, og utan å uroe seg for mykje sel dei dokument for tapte hus til alle som kan vere interesserte.

Det russiske virtuelle livet i «happy Mariupol» og eigedomane der utgjer berre ein liten del av det virtuelle livet i denne byen ved havet.

Mariupol har òg sitt eige ukrainske «virtuelle liv». Byens ukrainske leiarskap, og endatil byrådet, held fram med å arbeide i eksil, på territoriet til det frie Ukraina i Zaporizjzja, ein by som Putin òg ser på som del av «dei nye territoria».

Det ukrainske byrådet og borgarmeisteren, Vadim Boytsjenko, får pengar til å halde Mariupol og byadministrasjonen i gang og til å møtast regelmessig for å diskutere korleis byen skal byggjast opp igjen etter at han er frigjord. Desse møta blir tekne opp på video frå tid til anna og lagde ut på YouTube som prov på ukrainsk liv i den okkuperte byen.

I Ukraina finst det 22 «Eg er Mariupol»-hjelpesenter og fem hjelpesenter for hushald opna for innbyggjarar som har flykta frå Mariupol. Der kan dei få billig eller gratis hårklipp, bli behandla av tannlege, få lappa eller vaska klede og ta imot humanitær hjelp.

Eg må seie at desse sentera, som finst i alle dei større byane, arbeider aktivt og lukkast med å samle migrantar frå Mariupol. Bebuarane i det øydelagde Bakhmut kan på si side ikkje skryte av arbeidet til bystyresmaktene sine «i eksil» eller av særleg merksemd frå humanitære organisasjonar.

Eg kan ikkje seie at internt fordrivne flyktningar frå Mariupol er i ei privilegert stilling, det ville vore urettferdig. Å vere flyktning i eige land, same kvar ein kjem frå, er svært hardt både fysisk og mentalt. Men det faktum at ein stadig høyrer om Mariupol, i både Ukraina og Russland, er teikn på at det lagar seg ei legende som vil kunne dominere korleis vi ser på denne krigen: ei legende om forsvaret, okkupasjonen og den framtidige frigjeringa av denne byen.

Det er alt laga mange ukrainske dokumentarfilmar som tek for seg slaget om Mariupol. Nett no, med verkelege ruinar og utbrende bilar som bakgrunn, gjer russarane opptak til spelefilmen 2022. Sidan mai i fjor har heile Russland lytta til den melodramatiske propagandalåten til den kjende russiske songaren Aleksandr Rosenbaum, «Mariupol – byen ved havet», der vestlege seksuelle minoritetar blir framstilte som ei av årsakene til krigen.

Frå august i år vil heile verda kunne sjå ein svært annleis versjon av hendingane i den nye dokumentarfilmen Mariupolis-2, produsert av Litauen, Frankrike og Tyskland. Den litauiske regissøren til denne filmen, Mantas Kvedaravichus, vart drepen i Mariupol av det russiske militæret under opptaka til den siste episoden i filmen.

Medan eigedomsmyten om Mariupol får merksemd berre i Russland, har ei kulturell legende om Mariupol gått verda rundt. Mange ukrainarar har no ei kjensle av at det store og avgjerande slaget i denne krigen ikkje vil handle om Krym, men om Mariupol, for retten til å eige – ikkje verkeleg eller virtuell eigedom i denne byen, men for retten til ei heroisk legende, som før eller seinare vil bli til ei kommersiell/historisk merkevare. Kan hende ei av dei mest attkjennande ukrainske merkevarene i den framtidige verda vår.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis