Krig

Krigsfilmar og krigsrøyndom

For nokre dagar sidan vart eg merksam på at den russiske manusforfattaren Leonid Korin var drepen i kamp i Bakhmut.

Røyken vitnar om at ein drone frå Ukraina råka målet sitt, eit russisk oljelager i den okkuperte hamnebyen Sevastopol, 29. april i år.
Røyken vitnar om at ein drone frå Ukraina råka målet sitt, eit russisk oljelager i den okkuperte hamnebyen Sevastopol, 29. april i år.
Publisert Sist oppdatert

Eg gjekk ut frå at Korin hadde vore i Bakhmut som del av ei eller anna TV-gruppe send frå Moskva for å gjere opptak av den «heroiske kampen» til det russiske militæret mot dei «ukrainske fascistane».

Men det vart snart klart at manusforfattaren hadde skrive under på ein kontrakt med den private Wagner-hæren nokre månader tidlegare, og at han var drepen under kamp med dei ukrainske styrkane. Med andre ord: Nett som den illgjetne forfattaren Zahar Prilepin hadde Korin bytta ut pennen eller datamaskina med ei kalasjnikovrifle og drege ut for å drepe ukrainarar. Som eit resultat har han enda livet sitt.

Mellom 2012 og 2015 var Korin ein av manusforfattarane til det ambisiøse filmprosjektet Kampen om Sevastopol, som handla om den legendariske kvinnelege snikskyttaren i den sovjetiske hæren Ludmila Pavlitsjenko. I 1942 var ho med i kampen for å forsvare Sevastopol, og der skaut ho personleg dusinvis av tyske soldatar. Ifølgje sovjetiske militærhistorikarar drap ho 309, og sjølv om desse historikarane ikkje brydde seg meir om sanninga enn dagens russiske propagandistar, er ikkje talet urealistisk.

Det vart laga to versjonar av filmen – ein spelefilm og ein fjernsynsserie. Originalspråket var russisk, men det kom òg versjonar på ukrainsk og engelsk. Hovudrollene vart spela av russiske skodespelarar, medan det var ukrainarar i birollene.

Sytti prosent av budsjettet kom frå Ukraina, inkludert pengar frå det ukrainske statsbudsjettet, Russland investerte 30 prosent. Opptaka vart stort sett gjorde i Sevastopol, men noko av arbeidet vart utført i Kyiv, Odesa og ein liten by på grensa til Moldova.

Det mest interessante ved det heile er at filminga var slutt i juli 2014, altså etter annekteringa av Krym og starten på krigen i Donbas. Premierane på filmen i Russland og Ukraina fann stad same dagen – 2. april 2015. Julia Peresild, som spela snikskyttaren Pavlitsjenko, reiste frå Moskva til Kyiv for å vere til stades på premierane – under ein av dei blodigaste fasane i den russisk-ukrainske krigen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement