JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Krigen om tankane

Kor lenge må ein bu utanfor Russland før ein sluttar å tru på propagandaen frå Kreml? For Dmitrii Griffin tok det seks år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein prorussisk opprørar i Hrabove aust i Ukraina handfer vraket etter det nedskotne malaysiske passasjerflyet MH17 i 2014.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

13830
20230113
13830
20230113

Russland

silje.pileberg@gmail.com

Det var ein myriade av hendingar som gjorde at russiske Dmitrii Bondarenko Griffin (32) begynte å sjå verda på ein ny måte. Forgiftinga i Salisbury var ei av dei.

I mars 2018 vart 66-åringen Sergej Skripal og dottera hans Julia funne bevisstlause i den britiske byen Salisbury. Dei vart lagde inn på sjukehus med teikn på forgifting, mest sannsynleg med ei militær nervegift, ifølgje britisk politi. Sergej Skripal, ein tidlegare russisk dobbeltagent, overlevde berre så vidt.

I ettertid har forskarar ved britiske Kings College undersøkt korleis dei russiske propagandakanalane RT og Sputnik dekte saka. I dei fire første vekene fann forskarane 735 ulike nyhendesaker med til saman 138 heilt ulike forteljingar. For eksempel vart det skrive at etterforskinga var driven av «russofobi». I ein annan versjon var det Julia sjølv som hadde tatt med nervegifta då ho reiste for å besøke faren sin.

På Frogner i Oslo følgde Dmitrii Griffin hendinga nøye, både i russiske og vestlege medium. Han hadde lenge ant at russiske kanalar ikkje var sannferdige, men han kunne likevel ikkje tru det britiske styresmakter hevda: at staten Russland sannsynlegvis hadde prøvd å drepe to av sine eigne borgarar.

I dag les Dmitrii Griffin nyhende på norsk, engelsk, russisk og ukrainsk. Han vel helst originalspråket, og er det ei sak han synest er viktig, prøver han å finne fleire kjelder.

Foto: Silje Pileberg

Fattigdom og optimisme

Når vi treffest i heimen hans på Holmlia i Oslo, der han bur saman med ektemaken, serverer dei den russiske kålsuppa sjtsji. På to vegghyller vitnar små modelltog om ein livslang fasinasjon. I dag er Griffin ingeniør i Bane NOR.

At livet skulle ta han til Noreg, kunne ingen ane. Han vart fødd i Murmansk i 1990, mora var heimeverande, faren var sjømann og døydde tidleg. Griffin vaks opp med fattigdom både heime og ute i samfunnet.

Men under ei sliten overflate pipla optimismen. Lærarar kjøpte tavlekrit for sine eigne pengar. Foreldre spleisa på gardiner til klasseromma. Skulle ein ta ein vaksine, fekk ein dosen av staten og tok med sprøyta sjølv. Planøkonomien skulle vike plassen for marknadsøkonomien – det var mykje å glede seg til, sjølv om mange utnytta kaoset til eigen fordel.

På denne tida var pressefridomen i Russland større enn på lenge. I åra før og etter oppløysinga av Sovjetunionen kunne russarar seie og skrive stort sett det dei ville. Då fridomen etter kvart tok til å skrumpe inn, opplevde Griffin det som små, nesten umerkelege drypp.

– Eg vil seie at det var genialt, måten det vart gjort på. Eg klarte ikkje å oppdage det, seier han i dag.

Frosken i vatnet

Det var fleire grunnar til at russarar opplevde auka levestandard utover 2000-talet; stigande oljepris var ein av dei. Men den nye presidenten Vladimir Putin lukkast med å overtyde både russarar og omverda om at han var den som rydda opp i 1990-talskaoset, fortel Morten Jentoft, som på den tida var korrespondent for NRK.

At pressefridomen vart vengeklipt, brydde dei færraste seg om.

– For folk flest er det viktigaste å kjenne seg trygge på framtida. Russarar hadde levd i uvisse i ti år; då drit ein i pressefridom, seier Jentoft.

Dessutan: Om eit medium fekk ny eigar, skjedde ikkje endringane over natta. Prio-forskar og diktaturekspert Marianne Dahl trur at dette var heilt bevisst.

– Legg du ein frosk i kokande vatn, sprett han opp. Men legg du han i lunka vatn og sakte skrur opp temperaturen, vil han bli kokt. Det er nettopp ei slik gradvis fjerning av frie institusjonar opposisjonelle i mange land fryktar, seier ho.

Fordommar til lunsj

I 2014 hadde Dmitrii Griffin budd to år i Noreg. Han var nettopp ferdig med ein mastergrad i Narvik og hadde fått eit studiestipend han ikkje kunne takke nei til. No hadde han fått jobb i ein by på Vestlandet. Ein dag i lunsjen spurde ein kollega: «Har du høyrt kva ditt Russland har gjort med den Boeingen?»

Griffin hugsar ikkje spørsmålet ordrett, men to ord er han sikker på: «Ditt Russland.» Dette var annleis enn alle dei gongene han hadde blitt spurt om han drakk mykje vodka.

Han var forvirra: Han hadde høyrt at eit sivilt passasjerfly var skote ned over Aust-Ukraina og at det kunne vere Russland som stod bak. Men heimlandet kunne då ikkje ha noka interesse av det? Og dei kunne ikkje vere så dumme, dei måtte då vite at dette var eit sivilt fly? Han svarte at han ikkje kjende saka så godt, hadde mest lyst til å flytte seg til eit anna bord, men ønskte ikkje ein konflikt på jobben. Derfor bad han berre høfleg om få ete i fred.

På denne tida var Griffin skeptisk til russisk innanrikspolitikk. I 2011 hadde han delteke i demonstrasjonar mot valfusk i Murmansk. Han hadde opplevd ei stadig strammare homolovgiving; han var sjølv skeiv. Og han hadde ikkje stemt på Putin ved attvalet i 2012.

Men han trudde også at russarar var eit hata folkeslag. Då det kom rapportar om krigshandlingar i Aust-Ukraina, trudde han at det var russisktalande austukrainarar som kjempa for sin rett til å snakke russisk. Og då Krim vart annektert nesten utan tap av menneskeliv, tenkte han at Russland måtte vere ein sterk stat som tok over eit anna land på den måten.

Eit vendepunkt

Den britiske desinformasjonseksperten Ben Nimmo har kalla nedskytinga av passasjerflyet i Aust-Ukraina eit vendepunkt for den russiske desinformasjonsmaskina. Etter dette var det ingen veg attende, ifølgje Nimmo. Ei mengd kommunikasjonskanalar og -aktørar, som nettroll, hackerar, statsstyrte media og pensjonerte soldatar, vart no brukte for å nå eit felles mål, nemleg å diskreditere alle som hevda at Russland hadde hatt noko med nedskytinga å gjere.

Dette var ein framgangsmåte ein skulle sjå meir av i åra som følgde, og som den finske journalisten Jessikka Aro skildrar i boka Putins troll.

Men det vart også jobba frå andre hald. Aro skriv om korleis motstandsfolk i Ukraina samla inn bevis for Kremls rolle i nedskytinga og leverte dei til internasjonale etterforskingskomitear. Komiteane konkluderte med at to russiske militære og éin ukrainsk, prorussisk militær stod bak nedskytinga, og i november 2022 fall dommen i Haag. Ingen av dei dømde var til stades.

Å lage forteljingar

Det å lage ei mengd alternative historier, slik det vart gjort både etter forgiftinga i Salisbury og etter nedskytinga i 2014, er eit hyppig brukt verkemiddel i russisk propaganda, ifølgje forskar Eskil Grendahl Sivertsen ved Forsvarets forskingsinstitutt.

– Føremålet er å tåkeleggje eigne brotsverk og skape tvil om kva som er sant, gjerne så mykje tvil at folk til slutt resignerer og ikkje lagar motstand, seier han.

Ei mengd aktørar spelar saman for å formidle historiene staten vil fortelje. Til dømes kan ei sak frå RT bli spreidd på sosiale medium, både av ekte og falske brukarar og av botnett, altså nettverk av virusinfiserte datamaskiner. Tilsynelatande uavhengige, men eigentleg statsstyrte ekspertkjelder kommenterer, og sakene blir plukka opp av eit høgt tal Kreml-venlege nettaviser og bloggar. Til slutt kan det vere vanskeleg å vite kvar det starta.

Enkelte narrativ har blitt fortalde til det russiske folket i fleire tiår, i stadig nye innpakkingar: Eitt av dei er at Russland er ein stor, stolt og sterk stat omringa av fiendar. Eit anna er at Russland forsvarer tradisjonelle verdiar, medan Vesten, og Ukraina, er i moralsk forfall. Her har staten den russisk-ortodokse kyrkja som lagspelar.

– For å etablere slike forteljingar må ein bevise dei. Dermed vil Kreml-styrte media velje ut nyhendesaker som skaper inntrykk av at dei er sanne. Historier som tyder på det motsette, blir ikkje fortalde, seier Sivertsen.

Den propagandaen som rettar seg mot andre land, har som mål å skape mistillit til styresmaktene i landa. Dette har dei siste åra blitt stadig viktigare også for Kina, påpeikar Sivertsen. Ifølgje Jessikka Aro tyder kartleggingar i USA på at minst 200 demonstrasjonar har blitt forsøkt sette i gang av trollkontoar, altså falske og russisk-styrte kontoar på sosiale medium.

Lykka på Krim

Dmitrii Griffin kan ikkje vite kvifor han tenkte som han gjorde. Inntrykka kom frå fleire kantar, og særleg frå russiske venner. Det var alltid nokon som kjende eit lykkeleg menneske på det annekterte Krym. Han budde i ein liten by på Vestlandet. Og han var einsam. Det var i Russland han hadde det meste av nettverket sitt; det var der han følte seg heime. Dessutan var ikkje ting openberre:

– I 2014 var det ei blanding av løgn og sanning. No er det berre løgn.

Eit års tid seinare oppdaga han ein feil i ei norsk nyhendesak, i Russlands disfavør. Han kontakta journalisten, men fekk ikkje svar. «Sånn er vestleg propaganda», tenkte han, og rundt same tid slutta han å følgje alle slags nyhende.

– Alle ropar

Cristina Archetti, medieprofessor ved Universitetet i Oslo, meiner at vi lett tenkjer på informasjon som noko alle får med seg, berre det blir tilgjengeleg. Problemet er at det finst altfor mykje. Då konsumerer vi heller det som speglar verdssynet vårt, som i aller størst grad blir påverka av menneska rundt oss.

– Viss du alltid er i same sosiale verd, vil du ikkje ein gong sjå etter informasjon som kan gje deg eit alternativ. Nokre gonger er det til og med ubehageleg om du kjem over det, fordi det krasjar med det du opplever som sant.

Archetti oppmodar til eit nettsøk på orda: «What happens in one minute on the Internet?» Prøver du det, kan du til dømes lese at meir enn 500 timar med innhald blir lasta opp til YouTube og at 695.000 historier blir delte på Instagram.

– Her har du den mengda informasjon vi snakkar om. Alle ropar. Og du er i midten. Kven skal du lytte til? Sjansen er stor for at du vel nokon du kjenner eller er samd med.

Likevel: Alt kan skje, påpeikar ho.

– Er du overtydd om noko, vil ikkje ny informasjon åleine få deg til å endre ei meining. Men nye livserfaringar kan opne deg for nye idear.

Kyrkjetårnet i Salisbury

For Dmitrii Griffin var det interessa for byplanlegging som, etter nokre år, skulle få han til å interessere seg for politikk igjen. Han begynte å følgje russiske lokalpolitikarar på sosiale medium. Algoritmane sende han ut på hans heilt eiga reise, og etter kvart vart omfanget av løgner openbert for han.

I 2017 flytta han til Oslo, der han fekk fleire venner. Han fekk ein kjærast, og draumejobben. Når han kom i prat med andre om Russland, gjekk han mindre i forsvar enn før. Han trur det kom av både eigen livssituasjon og måten folk var på: Dei gjekk ikkje til åtak. Dei stilte spørsmål, dei fortalde noko dei visste om russisk kultur.

– Då mjukna eg opp, eg òg.

Så var det hendinga med Sergej Skripal. I ettertid skulle britisk politi sikte to, seinare tre, russiske borgarar for forgiftinga, og saka skulle føre til ei diplomatisk krise. Griffin meinte derimot først at det verka komisk at russiske spionar skulle gå rundt i Salisbury med eit ulovleg militært giftstoff i sekken.

Men då han såg eit intervju med dei to mistenkte på RT, der dei vart intervjua for å bevise si uskuld, vart han overtydd om at Russland prøvde å skjule noko. Han trudde ikkje på at dei hadde reist heilt til Salisbury for å sjå eit verdskjent kyrkjetårn.

Sjokkbølgjer

Kva skal til for at eit heilt folk vender om? Det har hendt at regime har blitt velta, som under den arabiske våren rundt 2011, der overgrep mot enkeltmenneske trigga breie folkelege opprør.

Ifølgje Prio-forskar Marianne Dahl har propaganda i autoritære regime tre hovudmål: Det skal endre folks tankar om staten, det skal endre det folk trur om naboens preferansar, og det skal vise kor mektig regimet er. I Tunisia og Egypt klarte regima kanskje dei to sistnemnde, trur ho.

– Men når du får slike sjokkbølgjer, har ikkje propagandaen klart å endre tankane folk har om staten; dei trur ikkje på statens prosjekt. Då går dei frå å vise falske preferansar til å vise det dei faktisk meiner, seier ho.

Kva som vil skje i Russland, veit ingen. Morten Jentoft trur at mobiliseringa til krigen har fått mange til å tenkje annleis. Dmitrii Griffin har same inntrykk. Men han meiner at løgnene framleis når fram til ein heil del, også folk i Noreg.

Ein siger uansett

Omtrent alle vennene hans frå Russland har flytta utanlands. Foreldra er døde. Men her i Noreg hender det at han kjem i kontakt med folk som tenkjer annleis enn han sjølv. Då prøver han å finne ut kven dei er, og korleis dei har det. Ein del har få venner og snakkar ikkje perfekt norsk, fortel han.

– Då er det lett å byggje eit skal for å beskytte seg. Den plassen ein kjenner seg trygg, er framfor TV-en heime.

I 2021 vart Griffin med i den nystarta organisasjonen SmåRådina, som jobbar for demokrati i Russland og samlar inn pengar til Ukraina. Og i februar 2022 starta han sin eigen kampanje: Han begynte å telje dagar sidan invasjonen og la ut talet på sosiale medium, saman med bilete av øydelagde hus, døde soldatar, ei kvinne som græt. Fleire frå heimlandet skreiv støttande kommentarar, medan ti eller tjue slutta å følgje han.

Han har halde fram – mest for sin eigen del. For etter som tida går, blandar dagane seg, og nyleg skjønte han at han handterer smerta nærmast rutinert. Det kan ikkje skje.

– Eg må rett og slett vere klar over kor forferdeleg det er, for kvar dag som går.

Men det er ein annan grunn òg. Og det er same grunn som gjer at han fortel historia si til ei avis: Han håper at han ein dag skal få ei tilbakemelding frå nokon på det han kallar «den andre sida». At dei skal fortelje at han, på eitt eller anna vis, har rørt noko i dei.

– Eg har kanskje gjort nokre feil i fortida. No prøver eg å gjere mitt beste. Kanskje vil berre éin person endre meining – då blir det ein siger, uansett.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dmitrii Griffin

– Viss du alltid er i same sosiale verd, vil du ikkje ein gong sjå etter informasjon som kan gje deg eit alternativ.

Cristina Archetti, Universitetet i Oslo

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis