JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Krig, vinter og ski

Det populære skisenteret Bukovel er klart til å ta imot feriegjester.
Og snart vil dei dukke opp i bakkane i Aust-Karpatia. Fjella er alt dekte med snø, og ny snø kjem kvar dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukrainske soldatar og dyrevernarar freistar å få skremde hestar inn i dyretransporten som kan føre dei bort frå den krigsherja byen Avdijivka i Donetsk, der frontlina går.

Foto: Libkos / AP / NTB

10292
20231124

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Kvar morgon blir gatene rydda av små snøplogar, medan restauranteigarane legg siste hand på menyen og tingar med dei som leverer ferske matvarer. Det er den lønsame sesongen som tek til, og sjølv om russiske missil og dronar uvegerleg kjem til å verke inn på planane deira, har dei lokale forretningsfolka sett seg føre å arbeide. Hotellprisane har gått litt ned, og nokre mindre velståande ukrainarar kan ta seg råd til ein vinterferie. Det ser likevel ut til at det er godt med pengar blant folk. Restaurantar i Odesa og Kyiv er fulle, og salet av nye bilar har nesten nådd nivået frå før krigen.

Likevel har dei som driv skisentera, gode grunnar til å uroe seg. I Bukovel er det no nesten katastrofal mangel på arbeidskraft: hotellfunksjonærar, kokkar, kelnerar, reinhaldarar, elektrikarar og røyrleggjarar. Det er 275 ledige jobbar i det vesle skisenteret. Arbeidsgjevarar er villige til å ta imot studentar utan erfaring og trene dei opp sjølve. Arbeidstakarar får fri kost og losji og rimelege løner.

Eg reknar med at kvinner som kan ta desse jobbane, alt er i full gang eller i utlandet. Sesongarbeidarar som jobba i Bukovel før krigen, er skrivne inn i militæret, og det kan vel ikkje vere tvil om at andre menn rett og slett er redde for å dra til denne «musefella i fjella», der folk som driv med militær registrering og innskriving, kan dukke opp kva tid som helst under ein kampanje for pålagd mobilisering. Det skulle ikkje undre meg om somme restaurantar og kafear blir gjorde om til sjølvforsyningsstader denne vinteren.

Det har alt falle snø i Odesa, men der blir han ikkje lenge, nett som i Donbas, der det heller ikkje har lege snø lenge. Det har regna i Aust- og Sør-Ukraina, og vegane utan asfalt har blitt uframkomelege for alt anna enn militært utstyr, som òg sklir hit og dit på dei.

Krigshandlingane held fram. Det har ikkje blitt rolegare kring Avdijivka, ein by dei russiske styrkane har prøvd å erobre i fleire månader. Tusenvis av russiske soldatar har alt døydd der, men leiinga sender stadig inn forsterkingar, ofte utan støtte frå stridsvogner og pansra personellkøyretøy. Og nye lag av russiske soldatar kravlar mot ukrainske stillingar gjennom dei gjørmete markene der det ligg døde russiske soldatar frå før.

Russisk artilleri feiar omhyggeleg byen vekk frå jordoverflata, sjølv om det framleis bur over tusen menneske i kjellarane til bustadblokkene og dei private husa. I førre veke minska folketalet i ruinane med hundre individ som endeleg godtok å evakuere og bli flytta lenger vekk frå fronten av det ukrainske politiet.

Politiet gjennomførte ein annan spesialoperasjon i området, saman med frivillige frå dyrevernorganisasjonen i Kharkiv. I vår bomba russarane eit stutteri i utkanten av Avdijivka, og drap om lag 300 hestar. To hestar kom seg unna i live og sprang inn i byen. Sidan har dei levd blant ruinane. Dei traumatiserte dyra vart ville og redde for folk. Ikkje overraskande vart dei observerte av det ukrainske militæret, som fortalde politiet om desse uvanlege krigsoffera.

Frivillige dyrevernarar dukka opp i Avdijivka med ein stallkar og hesten hans. Som venta gjekk dei ville hestane til møtes med den vitjande hesten, og stallkaren, som reid sin eigen hest, fekk til å leie dei ut av den farlege sona. Det ukrainske militæret ventar no på eit høve til å frakte dei vekk frå fronten.

Ein ny flokk av russiske krigsfangar ventar òg på å bli frakta vekk frå fronten ved Avdijivka. Dei er lettare å transportere enn hestar. Skadde krigsfangar får behandling straks, medan dei som ikkje er skadde, først må gjennom ein serie med spørsmål som skal gje det ukrainske militæret høve til å avgjere om ein soldat har gjort seg skuldig i krigsbrotsverk. Etter granskingsprosessen blir krigsfangane sende vestover. Ei fleire dagar lang reise ventar dei, og til vanleg endar ho i Vest-Ukraina, i den einaste krigsfangeleiren som er i drift, Zapad-1 (Vest-1). Der byrjar dei eit nytt liv – temmeleg trygt, frå ein militær synsstad.

Krigsfangane står opp klokka seks om morgonen, trenar, et frukost. På veg til matsalen går dei forbi portrett av historiske ukrainske personar, inkludert nasjonalpoeten Taras Sjevtsjenko. Dei må høyre på førelesingar om ukrainsk historie. Slik freistar den ukrainske sida å kurere russiske borgarar for propaganda frå Kreml. Denne kuren har varierande suksess. Somme krigsfangar oppfattar det som påtvinga ukrainsk propaganda.

Russland fraus prosessen for fangeutveksling for fleire månader sidan. Difor hopar det seg opp med russiske krigsfangar i Ukraina, til liks med ukrainske krigsfangar i Russland.

Nett no utfører dei russiske krigsfangane enkelt, men nyttig arbeid – snikrar pallar og andre enkle treprodukt. I fritida les dei, ser på ukrainske fjernsynskanalar, inkludert den russiskspråklege statskanalen Dom, og av og til snakkar dei med slektningane sine i Russland på telefon. Det er òg ei boksamling med bøker på russisk der. For det meste publikasjonar frå sovjettida av russiske og sovjetiske skribentar. No ligg desse bøkene på nattbord.

Krigsfangane får ei symbolsk løn for arbeidet – om lag sju euro i månaden. Det er ein butikk i leiren der dei kan bruke desse pengane. Det mest populære produktet i denne butikken er Coca-Cola, som ikkje vert selt i Russland lenger.

Blant dei russiske krigsfangane er det vanlege mobiliserte soldatar, soldatar på kontrakt og kriminelle som vart sleppte ut av fengsel i byte mot å slåst mot Ukraina. Desse «profesjonelle» fangane freista etablere det same systemet i leiren som finst i russiske fengsel, der «profesjonelle» fangar, ikkje administrasjonen, lagar reglane og misbruker «tilgjengelege», tilfeldige fangar. Dei tilsette i leiren måtte arbeide hardt for ikkje å miste kontrollen over situasjonen. Nokre krigsfangar vart overførte til andre, vanlege fengsel, og no kan ein finne dei i 50 ulike fengsel i Ukraina.

Ettersom leiren i Vest-Ukraina er i ferd med å fyllast heilt opp, blir det bygd ein ny krigsfangeleir i Vinnytsia-regionen, i den sørvestre delen av landet, og bygging av enda ein leir blir diskutert. Ingen veit når Russland opnar for utveksling av krigsfangar att.

Ikkje alle russiske fangar er ivrige etter å bli sende attende. Dei veit at dei kjem til å bli sende til fronten på nytt med ein einaste gong. Her i Ukraina er det trygt, i alle fall for dei. Ifølgje informasjon på nettsida til den ukrainske regjeringa, får krigsfangane godt med mat. Sausar, ostar, svinefeitt, røykte kjuklingar og eit tital ulike søtsaker blir kjøpt inn til dei gjennom dei offentlege budsjetta, medan det er prov for at ukrainske krigsfangar i Russland blir sveltefôra. Dei blir mobba og torturerte. Alle ukrainarar hugsar videoen frå fangeutvekslinga da ein tynn, utsliten ukrainsk soldat gret etter at han fekk eit eple av dei som tok imot han.

Anbodet som styresmaktene kunngjorde for innkjøp av mat til russiske krigsfangar, har verkeleg vekt raseri blant mange ukrainarar. Parlamentsmedlemen Serhij Rudyk, historikar og oberstløytnant i det ukrainske militæret, vende seg til justisminister Denis Maliusjka med desse orda: «Vi handla inn drops og sjokolade aleine til ein verdi av 100 tusen hryvnia (om lag 2900 euro). Og eg såg berre på dei første få sidene som handla om regjeringsinnkjøp for september! [...] Titals variantar av dyre sausar, ost, kaffi! [...] Sei meg, er de fullstendig avsindige? Er det slik de før på russiske krigsfangar, eller er det slik at de rett og slett stel på idiotisk og kynisk vis?»

Det har ikkje kome svar frå justisministeren, og Serhij Rudyk venta seg vel ikkje noko svar heller. Dette var eit skrik frå hjartet hans.

For ikkje lenge sidan fekk ein av dei russiske krigsfangane endatil besøk av kona si.

Nokre ukrainarar slår gretne vitsar om at krigsfangane snart blir tekne med på teater og andre utflukter.

Denne leiren er faktisk den tryggaste staden for krigsfangar, og sjølve er dei ikkje mykje lystne på å gå ut av området. I nærleiken finst det jo folk som har mista søner, døtrer og ektemenn i denne krigen. Reaksjonen deira på å sjå russiske krigsfangar i gatene er ikkje lett å føreseie.

Snøen har lagt seg over skisenteret Bukovel i dei ukrainske Karpatane, og turismen tek seg opp, men krigen fører til skort på sesongarbeidskraft.

Foto via Wikimedia Commons

Same kva, livet i ein leir kan ikkje samanliknast med livet i Bukovel skisenter, ikkje eingong når det gjeld klesbunad. Krigsfangane er alle kledde i den same blå uniforma, medan feriefolka i Bukovel ber dyre skibukser og jakker med den glitrande snøen som bakteppe.

I Russland bur skisentera seg òg på å opne. Det russiske skilandslaget byrjar snart å trene ved eitt av dei, med raude jakker pynta med det nasjonale våpenskjoldet – ei keisarleg ørn med to hovud – på det venstre ermet.

Utstyret deira er laga av det italienske merket Vist. Russiske skiløparar er truleg nøgde med den italienske kvaliteten på jakkene. Det dei kan hende ikkje veit, er at desse jakkene vart laga til dei i den transkarpatiske delen av Ukraina. Ein klesfabrikk i nærleiken av Uzjhorod kom for kort tid sidan i vanry for å ha produsert ein ordre frå aggressorstaten. Dei fleste av dei tilsette ved fabrikken visste ikkje om denne «spesialoperasjonen», men informasjon om han vart likevel kjend for politiet og SBU.

Fabrikken er eigd av ein italiensk borgar. Da han fekk ordren, vart fem syersker valde ut på grunn av evna deira til å halde på ein løyndom og sette til arbeid i ein liten verkstad. 40 parti av jakkene var alt sende til Russland via Italia før fabrikken vart saumfaren.

Medan ein del av leiinga i fabrikken er under etterforsking, går drifta vidare med å sy klede til den heimlege ukrainske marknaden og til eksport til Europa.

Samstundes er ukrainarane uroa over den komande vinteren og framtidige russiske åtak på infrastruktur. Meteorologane trøystar med at denne vinteren blir 2–3 celsiusgradar varmare enn den førre. Det skal visst ikkje bli alvorleg frost, men nok snø for feriegjester i Bukovel og for ungar til å køyre kjelke i andre delar av landet.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis