JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Krig, sopp og vassmelon

Den første snøen fall på fjella Pip Ivan og Dragobrat i Karpatane. Han vart liggjande, og det vil han gjere til seint på våren 2023.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukrainske sivilistar lagar haustfarga kamuflasjenett for hæren på dugnad i grensebyen Lviv, målet er to tusen rutemeter. Men vinteren står for døra, og då trengst det atter nye nett, i kvitt. Har ukrainarane nok sengety å klippa opp, undrast Andrej Kurkov.

Foto: Pavlo Palamarchuk / Reuters / NTB

10570
20220923
10570
20220923

Men nedanfor, i dalstroka, skin sola frå tid til anna, og temperaturen stig til 17 gradar celsius.

Transkarpatia lever sitt vanlege liv, livet til regionen som ligg lengst frå fronten. I september kom soppsesongen, og titusenvis av menneske gjekk ut i skogane. Smakfull steinsopp (Boletus edulis) finst det nok av til alle plukkarar i Transkarpatia.

Under vanlege tilhøve kan soppsankinga – i tillegg til å vere ei fin tidtrøyte – gje eit tilskot til inntekta, ettersom regionen til vanleg er full av turistar som gjerne betaler for tørka sopp til suppe og marinert sopp til festbordet.

No er det nesten ikkje turistar der, og folk som er førebels fordrivne, har gjeve seg med på jakta etter sopp for å få variasjon i ernæringa og spare litt pengar. Å plukke sopp er billigare enn å kjøpe han på marknaden.

Men nykomarane kjenner ikkje dei lokale skogane særleg godt og går seg ofte bort. Somme lyt til og med sende bod etter hjelp. Førre helg laut hjelpemannskap i tillegg ta seg til fjells fire gonger for å finne fastbuande som hadde klart å tulle seg vekk eller skade seg.

Soppsesongen skaper òg nokre alvorlegare problem for dei lokale legane. Kvar haust blir fleire titals menneske – lokale og besøkjande – forgifta av sopp. Av og til er det fatalt. Og oftast på grunn av dei populære men uvitskaplege metodane for å teste om soppen er etande – metodar som har vore uendra i fleire hundre år. Ein må først koke soppen, av og til i to vatn, og så steike han eller stue han med poteter. Når ukrainarar koker sopp, kastar dei ein skrella lauk oppi vatnet og trur at om han blir mørk på let, er det minst éin giftig sopp i gryta.

Den andre metoden går ut på å sleppe ei sølvskei i vatnet soppen blir kokt i, for å sjå om ho mørknar. No er det ikkje så mange familiar som har sølvskeier liggande, så denne metoden er mindre populær. Men sanninga er at ingen av metodane er effektive.

Det er mykje sopp i skogane ved fronten i Sør- og Aust-Ukraina no, særleg etter dei siste regnskurene. Men ingen plukkar dei – korkje dei lokale innbyggjarane som ikkje evakuerte, eller dei ukrainske soldatane. Skogane i frontsona er fulle av miner og andre ueksploderte gjenstandar. All rørsle i underskogen er livsfarleg.

Men snart vil snøen falle i desse skogane òg, og teppet av sopp vil rotne under han og vende attende til jorda.

I ein krig skaper snø alltid tilleggsproblem. Mot den kvite bakgrunnen er det lett å sjå ting med litt annleis farge. Difor er ukrainske soldatar no opptekne av å gjere seg sjølve usynlege.

Ukrainske friviljuge, i alle regionar i Ukraina, har vove hundretusenvis av kamuflasjenett til armeen, for det meste av gamle klede. Netta dekkjer militære posisjonar, slik at dei ikkje kan sjåast ovanfrå av russiske rekognoseringsdronar.

Den ukrainske offensiven inneber at fronten er svært dynamisk. Soldatane må finne stadig nye posisjonar, grave nye skyttargraver og kamuflere dei. Når ei gruppe er nøydd til å omposisjonere seg, blir kamuflasjenetta forlatne, der dei heng over dei gamle skyttargravene – soldatane har ikkje tid til å fjerne dei frå tre og buskar. Difor trengst det ei stor mengd nye nett.

Snart, når snøen fell, vil militæret trenge kvite kamuflasjenett. Folk går ikkje ofte i kvite klede. Difor vil netta hovudsakleg vere laga av sengeklede, av laken, putevar og dynetrekk. I seinare år har det blitt moderne å kjøpe farga sengeklede, så å samle nok gamalt kvitt stoff til tusenvis av kamuflasjenett til vinteren, er problematisk.

Likevel vil ukrainarane finne ein utveg. Det er eg viss på. Om det er naudsynt, vil dei kjøpe nye, kvite sengeklede til å klippe i stykke. Eller kan hende vil ein av Nato-venene våre hjelpe til. Dei har truleg alt mogleg, også kamuflasjenett til vinterbruk.

Medan traktorar og lastebilar med militære forsyningar dreg frå dei vestlege grensene til Ukraina mot frontlina i aust på hemmelege vegar, går det òg ei rad med lastebilar frå aust mot vest. Dei fraktar utstyr frå fabrikkar nær krigssona. Kvar transport av dette slaget er òg ein militær operasjon.

Nyleg stogga fleire lastebilar dekte med presenningar midt på natta i Tsjernivtsi, ein gamal by på grensa mot Romania. Under portforbodet, medan dei freista lage minst mogleg lyd for ikkje å vekkje innbyggjarane, og med politi kring seg, vart ein heil del pakkar lossa frå lastebilane i sentrum av byen, like ved det tidlegare Offisershuset på Teaterplassen 6, og lempa inn i bygningen. Ganske snart opna kafeen Kasha Maslom (Graut med smør) her. Kafeen hadde flytta til Tsjernivtsi frå Kharkiv, med kokkar, designarar og kasserarar.

Før krigen var dei ei kjede av Kasha Maslom-kafear i Kharkiv. Dei var populære både fordi menyen var slik du ville vente det i ein storby, og fordi maten var rimeleg. No er det berre éin kafé att i Kharkiv, og han er nytta mest som eit hjelpesenter drive av friviljuge.

For folk i Tsjernivtsi var Kharkiv-menyen litt eksotisk, og mange kom til kafeen for å finne ut kva folk i Kharkiv liker å ete. Slik synte relokaliseringa av kafeen seg samstundes å vere eit eksperiment i eksport av «det kharkivske kjøkkenet».

Eigaren av restaurantkjeda, Denis Gavrilitsjenko, er svært nøgd med den første månaden av drifta og seier at kafeen kjem til å bli i Tsjernivtsi etter krigen.

Opphavleg hadde han ikkje tenkt å opne restaurantar og kafear utanfor Kharkiv, men krigen endra planane hans. Finansdepartementet hjelpte til med flyttinga og skipa eit hjelpeprogram for verksemder som var tvinga til å flytte frå ei krigssone. Dei lokale styresmaktene har også vore til hjelp for å finne lokale og løyse administrative problem. No har migrantar frå Donbas og Kherson fått arbeid i verksemda.

Å flytte forretningar og restaurantar er vanskeleg, men ikkje så vrient som å flytte ein gard. Likevel er det mange bønder som forlèt mange tusen hektar med leigd jord i dei okkuperte områda eller nær fronten og flyttar til ein annan region der det finst nokre mål landbruksjord til overs. På det viset vert store landbruksverksemder som flyttar til fredelegare strok, til mindre einingar.

Dette skjedde med garden Yest Vse (Vi har alt) frå Kherson-regionen, som i mange år spesialiserte seg på dyrking av vassmelon. Kherson-regionen dyrka vassmelon til heile Ukraina. I vår nekta dei russiske okkupantane bønder å sende produkta sine til det frie Ukraina. Da slutta mange bønder å dyrke jorda, og dei byrja tenkje på å flytte. Garden Yest Vse flytta til Transkarpatia, der det ikkje er mykje dyrka jord, men etter å ha analysert nokre jordprøver bestemte bøndene seg for å freiste å dyrke vassmelonar i nærleiken av Azhgorod på fire hektar leigd mark.

Den første avlinga deira – over hundre tonn vassmelonar – var ikkje så verst. Rett nok kunne dei dyrke éin og ein halv gong så mykje i Kherson-regionen, men der er klimaet annleis, og det er jorda òg. Slik trong ikkje Transkarpatia vente på at den globale oppvarminga skulle akselerere, for å bli ein «vassmelonregion». Alt dette «takk vere» den russiske aggresjonen.

Vassmelonar har no blitt billigare i Transkarpatia, ettersom ein ikkje lenger treng betale for transport frå Kherson-regionen, som er 1200 kilometer unna.

Tsjernivtsi-regionen grenser til Transkarpatia-regionen, så vassmelonar frå Transkarpatia vil også ende opp i supermarknadene i Tsjernivtsi – endatil i Kasha Maslom-kafeen.

Landbruksverksemda Yest Vse er framleis registrert i Kherson og Kakhovka, byar som er under okkupasjon. Men eg trur at til liks med Kharkiv-kafeen vil ein del av verksemda bli verande i Transkarpatia også etter krigen, og dyrke vassmelonar til den vestlegaste regionen i Ukraina.

Mange utdanningsinstitusjonar i dei okkuperte områda har dukka inn i «skya», inn i internettet. Mellom dei er den tekniske høgskulen Nova Kakhovka, som fysisk er lokalisert på Pobeda Aveny 2 – ei adresse som no er kontrollert av okkupantane og kollaboratørar. Nett no eksisterer høgskulen i to former: Den eine er kontrollert av okkupasjonsstyresmaktene, og her utdannar studentane til å bli gassveisarar, frisørar og bygningsentreprenørar under det russiske utdanningsprogrammet. Den andre ligg under den ukrainske administrasjonen som evakuerte frå Nova Kakhovka.

Den ukrainske administrasjonen har annonsert opptak til den same høgskulen og dei same profesjonane, men med nettundervisning. Dei ukrainske styresmaktene åtvarar om at høgskulen som er kontrollert av okkupantadministrasjonen og kollaboratørar, er ulovleg, og at vitnemål derfrå ikkje vil bli godkjende.

Det er ikkje kjent kor mange som har bestemt seg for å skrive seg inn ved den «russiske» versjonen av høgskulen, og kor mange som vel den ukrainske.

Eg har vanskar med å sjå for meg korleis ein kan lære ein student å bli frisør eller gassveisar gjennom nettundervisning. Men kan hende vil det bli halde praktiske kurs i gassveising og frisering i all løyndom på dei okkuperte områda. Vi veit at det finst hemmelege opplæringsval, for dei russiske spesialtenestene arresterte nyleg to ukrainske lærarar i Kherson-regionen som underviste i samsvar med det ukrainske undervisningsopplegget. Det er sant at dei gjorde det på nettet, men dei var der, i dei okkuperte territoria.

Skuleborna som hadde halde fram med å lære ukrainsk pensum på nettet i det okkuperte området, vart òg arresterte.

Det store talet på pro-ukrainske innbyggjarar i dei okkuperte områda kom som ei stor overrasking på russarane. Russland sender fleire og fleire politi- og etterretningsoffiserar frå ulike delar av Den russiske føderasjonen til dei okkuperte delane av Ukraina for å hanskast med situasjonen. Dei går frå husvære til husvære, leitar gjennom bustader og hus og ser på bilda og meldingane folk har på mobiltelefonen sin, for å sjå kva politisk syn dei har. Men det er opplagt at dei ikkje vil vere i stand til å oppdage alle pro-ukrainske borgarar.

Motoffensiven til den ukrainske armeen i den austlege og sørlege delen av Ukraina gjev håp og mot til dei som framleis lever under okkupasjon. Stadig oftare, i ly av mørket, henger dei opp ukrainske flagg eller proukrainske flygeblad og plakatar.

Kampen for frigjeringa av Ukraina held fram på begge sider av fronten.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis