Krig, brotsverk og straff
For ei veke sidan gjekk den russisk-ortodokse kyrkja og dei russiske militære styrkane saman om ein spesialoperasjon for å styrke forsvaret av dei russiske grenseområda mot ukrainske dronar.
Helikopterprestane som held bøn for russisk siger og skvettar heilagt vatn over Kozelskyj-distriktet i Kaluga-regionen i Russland.
Det starta i Kaluga-regionen, der to lokale prestar, inkludert fader Mikhail Semenov, i lag med soldatar frå Kozelsk missildivisjon, fór til himmels i eit militærhelikopter. Der oppe heldt dei ei bøneteneste for russisk siger, og dei skvetta 100 liter heilag vatn over området. Det skal verne Kozelskyj-distriktet i Kaluga-regionen mot ukrainske dronar.
Frå Kozelsk til Moskva er det 250 kilometer, og til den ukrainske grensa er det 270. Byen ligg så å seie i midten, og av og til høyrer dei eksplosjonar i Kozelsk, til liks med heile Kaluga-regionen. Det russiske militæret opplyser at det skyt ned ukrainske dronar på veg til Moskva.
Etter å ha dusja byen og omliggjande område med heilag vatn blir det kan hende færre eksplosjonar? Prestane insisterte dessutan på at militærhelikopteret, med dei om bord, skulle signe territoriet med å fly over det i form av ein kross.
Trass i alle desse prosedyrane satsar dei der nede, i Kaluga-regionen, ikkje all si tru på kyrkja, men er aktivt på jakt etter nye soldatar til det russiske militæret. Kampanjen som reklamerer for militærtenestekontraktar, held fram over heile Russland. Språkleg legg kampanjen større vekt på det kontraktmessige enn på sjølve militærtenesteaspektet. Avtalen mellom staten og den verva soldaten blir presentert som eit forhold på aller høgste tillitsnivå mellom individet og militærtenesta, og som noko alle menn bør trakte etter.
Ivan Golovid, som er medlem av samarbeidsorganet mellom stat og borgar (Public Chamber) i Kaluga-regionen, har sagt: «Ein kontrakt er ei form for garanti og vern. Staten lovar å garantere sosiale stønader, økonomiske og materielle godtgjersler og utdanning for borna til militært personell. Dette er eit teikn på sivilisasjonsgrunnlaget staten er bygd på. Den russiske staten har alltid vore basert på tenester til fedrelandet, tsaren og religionen. I ein moderne samanheng viser dette at vi står høgt over det såkalla ’siviliserte Europa’.»
Erklæringa til Golovid vart offentleggjord i både nettaviser og publikasjonar på papir. Ho er berre ein liten del av ein kraftfull propagandakampanje som har til mål å sende så mykje fersk kanonføde til Ukraina som mogleg.
Kan hende var det for å stadfeste «tsarens» omsut for vanlege russarar at Putin den 10. september kunngjorde planar om å forlenge Moskva-metroen til Kaluga, Tula og andre regionale senter kring Moskva. Desse spora kjem ikkje til å gå under jorda, slik den kjende metroen i Moskva gjer.
Avstanden frå Moskva til Kaluga er 190 kilometer. Dersom lovnaden frå «tsar» Putin blir oppfylt, vil denne metrobanen bli den lengste i verda, og det vil gje propagandistane i Moskva ein grunn til enda ein gong å snakke om «den russiske stordomen». Men på den andre sida kan metrospora bli livreddande for innbyggjarane i Kaluga, Tula og andre regionar. Om faren frå ukrainske dronar aukar, kan dei kjapt ta metroen til Moskva og gøyme seg der.
Moskva er retteleg tryggare. Svært få «wagnerianarar» vende attende til Moskva frå krigen. Men 22.000–25.000 tidlegare kriminelle har nyleg returnert til andre regionar og har «vunne» amnesti og fridom.
Det finst rett nok ei lita mengd «wagnerianarar» med ukjend lagnad. Desse er tidlegare ukrainske fengselsinnsette som enda opp i den okkuperte delen av Ukraina. Frå 2015 til 2016 sat over 15.000 ukrainarar inne i territorium kontrollerte av separatistar og russarar.
Først vart dei frakta til russiske koloniar og fengsel saman med det arkiverte rullebladet sitt. Dommane vart av og til vurderte om att, og soningstida auka dersom brotsverket hadde ei høgare strafferamme i Russland.
Ukrainske innsette fekk òg tilbod om å melde seg inn i Wagner-styrken eller andre, mindre kjende private styrkar. Kan hende kjempar dei som ikkje vart drepne, framleis på russisk side. Når alt kjem til alt, har dei ingen stader å vende attende til. Heimen deira er i Ukraina, men dei kan berre vende heim dersom dei overgjev seg.
Ukraina er òg heimlandet til hundrevis og tusenvis av ukrainske innsette som er frakta til Russland, med dommar som har gått ut medan dei var i Den russiske føderasjonen. Det einaste dokumentet dei har no, er ein frisettingsattest. Teoretisk sett kan dei dra attende til Ukraina gjennom Latvia, Estland eller Finland, men EU-landa slepper dei ikkje inn. Europa er redd for tidlegare innsette, først og fremst fordi dei kan ønske å bil verande i Europa som flyktningar, eller, enda verre, som kriminelle.
Ofte set ikkje Russland fri dei ukrainske innsette trass i at dei har sona ferdig. Dei blir overførte til deportasjonssenter. Dette er leirar der tilhøva er litt betre enn i fengsla.
Det ser ut til at desse halvfrie lovbrytarane må bli verande i deportasjonssenter til krigen er slutt, eller inntil det er funne ei løysing på korleis ein kan få dei attende til Ukraina.
Sidan byrjinga av dette året har ungdomskriminaliteten auka monaleg i Kaluga-regionen. Talet på alvorlege brotsverk utførte av tenåringar har auka med nesten 80 prosent, og talet på brotsverk utførte av ungdomsgjengar har auka med 55 prosent. No patruljerer politiet gatene saman med «foreldrepatruljar». Dette kan tyde på at fedrane har reist til Ukraina for å krige, og at tenåringane står igjen utan oppsyn av ein far.
Russisk politi står overfor ei bølgje av ungdomskriminalitet også i andre regionar av landet. Denne krigen skakar samfunnet, til og med i det angripande landet.
Det ukrainske politiet endra – eller snarare forbetra – imaget sitt for om lag sju år sidan, da politifolk av den gamle sovjetskulen fekk sparken eller vart tvungne til å prove kvalifikasjonane sine, og hovudsakleg unge og motiverte menn og kvinner vart rekrutterte for å erstatte dei. Både politiuniforma og opplæringsprogrammet vart fornya, og sidan har tilliten til politiet blitt betre blant ukrainarane.
Under krigen er mange politibetjentar med på evakuere sivile frå territoria ved fronten. Dei har òg ansvaret for å undersøke frigjorde bustadområde, og sjølvsagt skal dei vere merksame på folk som av ein eller annan grunn vekkjer mistanke. Vanleg kontroll av dokument, særleg på kveldstid, kan av og til gje overraskande resultat.
I vår erobra russiske troppar Kherson og fengsla som låg der. Etter å ha sjekka dei innsette, sende dei somme til Rostov og heilt til Dagestan, medan dei heilt enkelt sette fri nokre ukrainarar som sat i fengsel for valdtekt og drap. Ved eitt tilfelle, under ein rutinekontroll, vart ein av dei seinare åras mest avskyelege brotsmenn oppdaga. Han hadde valdteke og drepe ei nabojente, og så teke aktivt del i leitinga etter henne.
For eit par veker sidan stogga to politibetjentar – ein mann og ei kvinne – ein bil i Dnipro, fordi føraren hadde brote trafikkreglar. Det synte seg at sjåføren var full og aggressiv. I tillegg oppdaga dei at han var meister i kampsport og eigar av eit gravferdsbyrå i Dnipropetrovsk. Etter å ha slått ned politimannen gjekk han laus på politikvinna. Han smadra andletet og knuste nasen hennar. Politimannen, som kom til seg sjølv, trekte pistolen, og etter å ha ropt, skaut han tre gonger mot angriparen. Angriparen døydde.
Opinionen i Ukraina tok først parti med den drepne Jaguar-føraren, men da videoar frå kroppskameraa til politifolka og frå tilfeldige forbipasserande dukka opp på nettet, snudde sympatien, og fleirtalet tok parti med dei unge politibetjentane. Det er starta etterforsking, og politibetjentane er suspenderte frå stillinga, men ukrainske borgarar har alt samla inn over ein million hryvnia til ein advokat som skal hjelpe dei. Etterforskinga kjem til å ta tid, ettersom det mest innlysande feilgrepet til politimannen som skaut, var at han ikkje fyrte av eit varselskot over hovudet på brotsmannen.
Anastasia, politikvinna som var utsett for åtaket, meiner at ho ikkje treng nokon advokat, ettersom situasjonen frå byrjing til slutt er dokumentert i videoopptak. Ho har alt overført dei innsamla pengane til det ukrainske militæret.
Anastasia og Jegor liknar på politibetjentar i USA. Kan hende freistar dei til og med å herme etter dei. Det er ingen løyndom at mange ferske ukrainske politibetjentar likar amerikanske politiseriar.
I tillegg har politibetjentar frå Dnipro i over fire år reist regelmessig til kollegaene sine i Portland i Oregon for å utveksle erfaringar og lære av dei. Desse årlege tovekerskursa vart opphavleg stelt i stand av varaordføraren i Dnipro, Volodomyr Miller. Ukrainske politibetjentar har ikkje reist til USA etter at krigen braut ut, men dei har stadig venskapleg og profesjonell kontakt.
I det siste har mange ukrainske politibetjentar blitt meir og meir misunnelege på kollegaene sine i Irpin, ein by som var ille ute under den russiske okkupasjonen. Politiet i Miami sende politiet i Irpin eit parti våpen som var beslaglagde frå amerikanske kriminelle – over 100 pistolar og halvautomatiske rifler og om lag 150.000 patronar. Nye 66 våpen frå Miami er undervegs og skal snart vere framme.
Reglar for politiet i USA krev at våpen som er konfiskerte frå kriminelle, normalt sett skal øydeleggjast, men krigen i Ukraina har endra mange reglar. Dersom røynslene med å overføre konfiskerte våpen til politiet i Ukraina syner seg å vere vellukka og nyttige, vil kanskje fleire politidistrikt i USA vurdere å sende våpen som er konfiskerte frå gangsterar til Ukraina.
Forresten har talet på alvorlege brotsverk utførte av så vel vaksne som tenåringar gått monaleg ned i Ukraina, sjølv om talet på familievaldssaker – og skilsmål generelt – har gått opp. Mange fleire born rømmer heimanfrå. Gutar stikk stundom av for å melde seg til teneste i det ukrainske militæret. Det samla talet på brotsverk er likevel mykje mindre enn det var før krigen. Men sant å seie kan dette til dels forklarast med at det i dei fleste store byane er portforbod frå midnatt til fem om morgonen. I denne tida er gatene og torga kontrollerte av militæret og politiet. At ordensmaktene er til stades, skremmer vekk potensielle nattlege gjerningsmenn.
Det kriminelle elementet som står bak dei fleste brotsverka på ukrainsk jord, er Russland, det russiske militæret og andre offisielle strukturar i Den russiske føderasjonen. Det er dei som drep ukrainske borgarar, kidnappar born, øydelegg den sivile infrastrukturen i landet og held ulovlege val der dei går rundt til folk som bur i dei okkuperte områda, utstyrte med valurner og kalasjnikovar.
Så snart dei russiske styrkane og statlege funksjonærane dreg heim for å ta seg av si eiga kriminalitetsbølgje utløyst av krigen, kan dei ta inn over seg all den institusjonaliserte kriminaliteten og uretten som har gått føre seg i Ukraina.
Andrej Kurkov
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.