JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Kor fullt er det i himmelen over Ukraina?

Om du gjev bort eit gamalt piano eller sel det billig, og militæret kjem og hentar det, er det eit dårleg teikn. Ikkje fordi militæret heller skulle kjempe enn å spele på musikkinstrument. Grunnen er ein heilt annan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit brennande piano på flystripa har sidan andre verdskrigen vore del av gravferdsritualet for drepne pilotar.

Foto via Wikimedia Commons

12810
20230901
12810
20230901

Pianoet har nyleg blitt ein viktig del av ritualet knytt til at kameratar seier farvel til døde militærflygarar. Det ukrainske militæret tok opp denne tradisjonen frå USA. Tradisjonen kjem opphavleg frå andre verdskrigen.

For nokre dagar sidan var det ein slik avskilsseremoni der eit piano vart brukt, på ein hemmeleg stad. Kameratane til tre militærflygarar som døydde i ein kollisjon under trening i Zjytomyr-regionen, samla seg. Blant pilotane som døydde i kollisjonen, var den legendariske unge offiseren med kallenamnet «Juice». Han tok noko av flygarutdanninga i USA, og ettersom han ikkje drakk alkohol, vart han kalla Juice av dei amerikanske kameratane sine.

Eit gamalt piano vart frakta til seremonien på ein militær lastebil og plassert på rullebanen. Kallesignala til dei døde flygaressa var skrivne med store bokstavar på pianoet. Så spela ein mann i sivil ein melodi til farvel på pianoet, og det vart sett fyr på instrumentet. Både musikken og sjelene til dei døde flygarane forsvann opp i himmelen saman med flammar og røyk. I det minste er det slik militærflygarar skildrar seremonien.

Himmelen har alt blitt som eit slags Ukraina nummer to. Det blir sagt at dei døde soldatane fer til himmelen og finn saman med kameratane sine, og ettersom det ukrainske ordet for den religiøse himmelen kjem frå same rot som ordet for den atmosfæriske himmelen, høyrest det ut som om himmelen er blitt ein annan ukrainsk røyndom.

Ingen veit kor mange ukrainarar denne krigen har «omplassert» til den ukrainske himmelen. Det ukrainske forsvarsdepartementet kjenner til eit meir eller mindre eksakt tal på tapte soldatar, men dette talet vil bli halde hemmeleg til krigen er slutt. Det vil bli halde hemmeleg – og vekse kvar dag.

Det same forsvarsdepartementet informerer ukrainarane om at det ukrainske militæret drep mellom 450 og 560 russiske soldatar kvar dag. Under ein offensiv mistar ein militærstyrke fleire enn den styrken som forsvarar eit territorium, og no driv ukrainarane forsvar i Kharkov-regionen og Donbas, samstundes med offensive operasjonar i sør. Ein kan dermed gå ut frå at våre militære tap er minst like store som dei russiske.

Men det ukrainske forsvarsdepartementet opplyser stadig at tapa for dei ukrainske styrkane er langt mindre enn tapa for det russiske militæret. Sjølv vil eg gjerne tru på desse tala, sjølvsagt, men stundom har eg mine tvil. I det første krigsåret, ifølgje rapportane, drap dei ukrainske styrkane gjennomsnittleg mellom 800 og 1000 russiske soldatar per dag, og så fall talet brått. Kunne det hende at ukrainarane plutseleg hadde byrja å slåst så mykje mindre effektivt i den andre året av krigen?

Kan hende kom det reduserte dødstalet på russisk side av ukrainske tiltak for å minske talet på drepne ukrainske soldatar, men eg lurer på om alle desse tala ikkje så mykje er krigsstatistikk som dei er del av propagandaen og motpropagandaen vår og freistnader på å motivere det ukrainske samfunnet.

Det vil seie at alle tapstal i krigen må handsamast med varsemd. Det er ingen tvil om at dei verkelege tala på offer i denne krigen kunne demotivere samfunnet og gje grunnlag for pasifistiske kjensler – få slutt på krigen på kva vis som helst.

Dei same grunnane får det russiske forsvarsdepartementet til å melde om latterleg låge tal på døde og skadde – «opptil 10.000 soldatar drepne», seier dei. Andre russiske kjelder seier at tala er 43.000 drepne og 120.000 skadde. Det ukrainske forsvarsdepartementet hevdar at det alt er over 260.000 døde russiske soldatar, dette nektar sjølvsagt dei russiske militære styresmaktene for.

Men i ein krig kan ein ikkje få tak i eksakt informasjon. Ingen veit kor mange krigsfly Ukraina har nett no. Etter samanbrotet til Sovjetunionen gav Ukraina alle dei strategiske bombeflya sine til Russland. Det er desse bombeflya som no bombarderer Ukraina med rakettar kvar dag. Berre nokre dusin sovjetiske Mig- og SU-jagarfly vart att i Ukraina.

Andrij Pilsjtsjykov, «Juice», var ein av dei tre ukrainske pilotane som døydde i ein kol- lisjon vest for hovudstaden i førre veke. Han var ein av dei mest effektive talsmennene for å få Nato-land til å donere F-16-fly til Ukraina.

Foto: Det ukrainske forsvaret

Sidan byrjinga av krigen har militærflygarar brent ein god del gamle piano. For det meste er det berre når kjende flygarar døyr, at det blir offisielt kunngjort. Truleg blir det ikkje snakka om dei andre tilfella for ikkje å gjere skade på den ukrainske opinionen. Russiske fly gjer no opptil 100 tokt dagleg. Ukraina gjer av og til fem, nokre gonger femten tokt. Men sjølv om det russiske flyvåpenet er klart overlegent, held motoffensiven i sør fram, takk vere motet og motivasjonen til ukrainsk infanteri og artilleri.

Likevel er det klart for alle at krigen dreg ut i tid. Det er ikkje råd å sjå når og korleis han vil ende. Det som er kjent, er korleis dei fleste ukrainarar og den ukrainske leiarskapen meiner han skal ta slutt.

I dagens Ukraina er det mindre snakk om planar for ei fornying etter krigen. Når folk snakkar offentleg om det, er det meir i form av pretensiøse erklæringar enn ei pragmatisk tilnærming til spørsmålet.

For nokre dagar sidan sa visestatsminister Mykhailo Fedorov, som har ansvaret for innovasjon, dette: «Vi kjem definitivt til å vinne, og så må vi få meir ambisiøse mål. Som for eksempel ein økonomi på en billion dollar per år eller eit utdanningsnivå som det i Finland eller Singapore eller enda betre... Slik at vi kan bli det mest attraktive landet i verda, ikkje berre når det gjeld levestandard og tryggleik, men òg på grunn av skattesystemet, farten på pengeoverføringar, teknologi og alt anna.»

I slutten av juni gjennomførte Kyiv International Institute of Sociology ei undersøking av haldninga blant ukrainarar til krigen som trekkjer slik i langdrag, og moglege måtar å avslutte han på. Over 83 prosent av dei spurde sa at krigen bør ende med frigjering av alle dei okkuperte ukrainske territoria, inkludert Krym og Donbas. Berre 4 prosent var villige til å avstå Krym og delar av Donbas til Russland i byte for ein slutt på krigen.

Desse tala fortel både om kor målmedvitne det ukrainske folket er, og om det vellukka arbeidet regjeringa har gjort for å støtte opp under optimisme i landet. Optimismen kviler i sin tur sjølvsagt på ei selektiv tilnærming til offisiell informasjon om suksessar og fiaskoar til det ukrainske militæret.

Det same, berre omvendt, skjer i Russland, der den militære leiarskapen så å seie aldri rapporterer om fiaskoar, medan dei overdriv eller finn på suksesshistorier.

Same kva er den ukrainske eliten stadig uroa om framtida til Ukraina dersom krigen dreg ut i tid.

Den tidlegare visefinansministeren og nestsjefen i den ukrainske nasjonalbanken, professor Oleksandr Savtsjenko, sa følgjande som svar på spørsmålet mitt om farane ved å forlenge krigen: «Det er to frontar for Putin i denne krigen. På den eine er Russland i krig mot dei ukrainske styrkane, og på den andre mot dei sivile ukrainarane og sivil og industriell infrastruktur – skular, universitet, sjukehus, bustadhus, fabrikkar, hamner og energiforsyning.

Kvar dag, med missil og dronar, øydelegg det russiske militæret 60–110 sosioøkonomiske anlegg som ligg langt frå frontlina – i Kyiv, Kharkiv, Odesa, Lviv og andre byar. Dei neste tusen dagane kan nye 60–110 tusen sivile anlegg bli øydelagde.

Ifølgje mine berekningar er krigen kvar dag årsak til tap på ein milliard dollar for Ukraina – på grunn av øydelegginga, på grunn av fallet i BNP på 35 prosent. I tillegg kjem problemet med at over fem millionar ukrainarar har flykta til Vesten. Di lenger krigen held fram, di større blir talet på personar som ikkje vender attende. Å hale ut krigen er farleg for både Ukraina og for den vestlege verda.»

Den gamle kjenningen min frå Kyiv, Natasja, forlét Kyiv og drog til Tyskland heilt i byrjinga av krigen. I den første månaden budde ho saman med hundrevis av andre flyktningar på ein gjenopna britisk militærbase. Etterpå vandra ho mellom herberge i seks månader, og først etter det fekk ho eit sosialt husvære i ein liten by nær Düsseldorf. Ho har ein toroms bustad i Kyiv, og no bur ho i eit pent og komfortabelt loftshusvære i Tyskland.

«Eg dreg ikkje attende», seier ho. «Det er roleg her. Dei hjelper oss mykje, og helsetenesta er god.»

Fleire enn 200 flyktningar frå Ukraina bur i den byen. Dei har temmeleg tett kontakt med kvarandre, og ofte er dei saman om å samle inn ting til det ukrainske militæret frå brukthandlar: soveposar, madrassar og anna.

På spørsmålet «Korleis ser dei fleste flyktningane for seg slutten på krigen, så snart som mogleg eller heilt til ‘the bitter end’?», seier Natasja at svara deira kan avhenge av kven som spør. Dersom det er ein tysk journalist som spør, svarar ukrainarane at krigen bør vare heilt til alle dei okkuperte territoria er frigjorde. Om samtalen er mellom kjende eller med vanlege tyskarar, kan svaret vere: «Om krigen berre kunne ta slutt så snøgt som råd!» Denne utsegna inneber alle moglege kompromiss med Russland med omsyn til Krym og Donbas.

Eg trur at i sjølve Ukraina er den delen av folkesetnaden som gjerne vil at krigen tek slutt så snøgt som råd, større enn dei 4 prosentane som rundspørjinga viser. Men ukrainsk patriotisme har ikkje forsvunne heller. Av og til er det upatriotisk å seie det ein meiner, så folk seier det som er «rett» å seie, og det andre kan ønskje å høyre frå dei.

For eldre ukrainarar som levde i Sovjetunionen, er dette lett og akseptabelt. Slik var det i Sovjet: Ein tenkte éin ting og sa noko anna. Yngre generasjonar av ukrainarar er meir ærlege og likeframme, og til vanleg meir patriotiske enn besteforeldra sine.

I alle fall er talet på ukrainarar som meiner at Ukraina skal vinne attende alle landområde innanfor grensene frå 1991, det same som talet på dei som støttar president Zelenskyj i dag. Det må vere minst 60–65 prosent. Desse folka høyrer på det presidenten seier, og dei trur på han. Eg undrar meg på kva som vil skje dersom han brått bestemmer seg for å skifte meining. Men eg trur det er lite truleg at det kjem til å skje, i alle fall i nær framtid.

Dei som meiner at Ukraina bør frigjere alle dei okkuperte områda, omfattar mor til den døde legendariske flygaren Andrij Pilsjtsjykov med tilnamnet Juice. Andrij Pilsjtsjykov tok aktivt del i lobbyverksemda for å skaffe Ukraina F-16-fly, og han drøymde om å vere den første i Ukraina til å fly dette jagarflyet. Under avskilsseremonien for flygaren i Den patriarkalske katedralen for Kristi oppstode i Kyiv vende mor til piloten seg til kommandøren for det ukrainske luftvåpenet, general Olesjtsjuk, med ein førespurnad: å bli teken opp i himmelen med den første F-16 som kom til landet. General Olesjtsjuk lova å oppfylle ønsket hennar.

Eg kan forsikre om at denne framtidige flyturen til mor til den døde helten, i eit amerikansk jagarfly, vil gje ein monaleg auke i prosenten av dei som er klare til å vente på den fullstendige frigjeringa av Ukraina frå russiske invasjonsstyrkar.

Men sjølv med gode nyhende frå fronten er talet på ukrainske menn som ikkje ønskjer å slåst, stabilt. På den vestlege grensa blir ukrainarar no og da tekne med falske dokument om ulike funksjonshemmingar. På grunn av dette har dei ukrainske styresmaktene byrja å sjekke aktivt dei militære helsetenestene som har rett til å skrive ut fritaksdokument til innkalla menn – det gjev dei rett til fritak frå tenesta på grunn av sjukdom og rett til å reise utanlands.

Alt den første kontrollen av desse kontora synte at graden av korrupsjon hos dei er temmeleg høg. Prisen på eit slikt dokument er frå 3.000 til 10.000 dollar. Det seier seg sjølv at det berre er velståande folk som har råd til å «kjøpe» eit slikt sertifikat. Dei fleste som er aktuelle for militærteneste, særleg i landlege strok, seier at dersom ei innkalling kjem, så vil dei dra til fronten. Om det ikkje kjem innkalling, dreg dei ikkje. Det vil seie at tida for aktiv teneste er over, men desse folka, som ikkje skundar seg til fronten, men som er villige til å dra dit, held fram med aktiv hjelp til det ukrainske militæret som frivillige.

Forsvarsminister Reznikov, som ser ut til å forstå situasjonen, erklærte nyleg at det er nok soldatar ved fronten. Dette gjer han i ei tid da militæret sjølv klagar over at dei ikkje har tilstrekkeleg med mannskap til ein vellukka motoffensiv.

Dersom det same spørsmålet blir stilt berre til ukrainske flyktningar i utlandet eller internt fordrivne personar, vil talet på dei som er villige til å gje frå seg Donbas og Krym, auke til minst 15 prosent eller meir.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis