JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Kherson – by utan musikk

Byen Kherson feira for nokre dagar sidan det første året med frigjering frå russisk okkupasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På årsdagen for frigjeringa 11. november vart det arrangert eit forum for militære skribentar i Kherson. Det var møte og bokpresentasjonar både over og under jorda.

Foto: Olexander Kornyakov

10630
20231117
10630
20231117

Datoen vart markert meir på nettet enn med personleg frammøte, og det var ikkje noko fyrverkeri. Men president Zelenskyj kunngjorde heider til forsvararane av Kherson og til dei innbyggjarane som vart verande i byen under den russiske okkupasjonen og med det gjorde patriotismen sin synleg ved å hjelpe det ukrainske militæret og medborgarane sine så langt dei kunne.

Ein av dei som vart hylla, var Igor Dryuk, ein kirurg ved sjukehuset i byen. Under okkupasjonen heldt han fram med å utføre operasjonar på innbyggjarar frå Kherson, men nekta å behandle russisk militært personell.

Korleis han var i stand til å overleve og halde fram med arbeidet på sjukehuset, er det ingen som veit. Vi veit at russiske militære ikkje stolar på ukrainske legar, særleg kirurgar, og at dei freistar bruke tenestene til legar frå Russland, som blir lokka til dei okkuperte territoria med svært høg løn og reiseløyve.

President Zelenskyj besøkte ikkje Kherson til den første åremålsdagen etter frigjeringa. Frå den venstre breidda av Dnipro bombarderer russisk artilleri Kherson og nabobyane kvar dag og kvar natt. Å seie at det er feststemning der, ville vere usant.

På overflata var frigjeringsdagen i Kherson ikkje annleis enn andre dagar, med unntak av fleire ukrainske flagg i gatene. Men under bakken, i bomberom, var det likevel litt feiring.

På denne dagen dukka det opp ein ny, underjordisk møteplass, Svoye (Vårt folk), i Kherson. Det er lokale forretningsfolk, sosialarbeidarar og aktivistar som står bak. Svoye er er eit velutstyrt bomberom, utforma meir som ein klubb. Treningssamlingar og andre tiltak vil gå føre seg her. Likesinna og frivillige kjem til å møtast i lokalet. Senteret har eit stort undervisningsprogram for born, som først og fremst vil vere konsentrert om tryggingsspørsmål.

Tryggleik er nøkkelspørs­målet for Kherson. Før krigen hadde byen ein folkesetnad på 350.000. No er det mellom 50.000 og 60.000 innbyggjarar att, men blant dei er det mange born. All skuleundervisning går føre seg på nettet, både fordi mange skular er øydelagde, og fordi det er bombeåtak kvar dag. Til og med barnehagane blir drivne på nettet, men som barnehagelærarane sjølve seier, er det ikkje mykje fornuft i dette. I hovudsak tek dei del i pedagogiske konferansar på nettet, medan foreldra tek vare på ungane. Undervisningspersonell får to tredjedelar av løna for å vere med på konferansane, såpass at dei har noko å leve av.

Sidan frigjeringa er over 800 menneske, av dei meir enn 30 born, drepne av russiske granatar og missil i eller kring byen.

På årsdagen for frigjeringa vart det arrangert eit forum for militære skribentar i Kherson. Det var møte både over og under jorda. Til dømes var det seminar i Boris Lavrenev-biblioteket i sentrum av Kherson. Deltakarane måtte registrere seg på førehand på ei spesiell nettside. Kort tid før det heile tok til, vart alle registrerte informerte om den nøyaktige staden for arrangementet. Trass i risikoen var det temmeleg mange som ønskte å vere med på møte med militære skribentar.

Det finst ikkje mykje intellektuell underhaldning i byen. Teateret har framsyningar berre i den underjordiske teatersalen med plass til 50 tilskodarar. Kinoane er stengde.

Stjerna på årets forum for militære skribentar var utan tvil Olena Mokrentsjuk, som er major i det ukrainske militæret og presse­offiser i operasjonskommandoen til den nordukrainske gruppa. Før krigen budde ho i Donbas, men etter at byen hennar, Snizhne, vart okkupert, flytta ho til Vest-Ukraina og slutta seg til dei militære styrkane. Før det hadde ho arbeidd som journalist, lærar og dirigent for kyrkjekor. No, når ho har litt fritid mellom pliktene, skriv ho barnehistorier om krigen. Ei av bøkene hennar, «Aliska – reven frå fronten», vart utgjeven i to versjonar: ein for småskulen, ein annan for eldre elevar. Soldaten Oleksandr Olshinsky nytta tida mellom trefningar til å skape eit dataspel for born basert på denne boka.

Møtet med Olena Mokrentsjuk i Kherson vart i hovudsak besøkt av vaksne, inkludert militært personell stasjonert nær Kherson, som fekk særleg perm til å møte skribentane.

Russland overvaker tett alt som skjer i Ukraina. Dei er spesielt interesserte i det som hender i Kherson. Elles er det vanskeleg å forklare kvifor dei på sjølve konferansedagen sleppte ei fjernstyrt bombe på det viktigaste biblioteket i byen, regionsbiblioteket Oles Gontsjar. Dette biblioteket hadde alt blitt bombardert av russisk artilleri fleire gonger, men kvar gong, etter reparasjonar og skifte av vindauge og dører, opna det og var i verksemd att.

Denne gongen øydela russarane det meste av bygningen. Titusenvis av bøker brann opp.

Russarane angreip biblioteket igjen og freista drepe brannkonstablane og øydeleggje utstyret deira. Denne gongen var brannkonstablane heldige – dei vart berre lettare skadde og var i stand til å sløkke brannen etter nokre timar. Oles Gontsjar-biblioteket vil ikkje bli opna att på lenge. Bygningen treng ei kraftig restaurering og eit heilt nytt lager av bøker.

På venstre breidda av Dnipro, som framleis er okkupert av dei russiske styrkane, freistar administrasjonen òg å organisere litteraturfestivalar.

Nesten samstundes med eittårsdagen for frigjeringa av Kherson feira dei dagen til Ivan Turgenjev, den russiske klassikaren, i biblioteka på dei okkuperte områda. Samankomstar og utstillingar vigde til Turgenjevs liv og verk var utstyrte med pompøse titlar som «Strengar til den russiske sjela», «Alle mine tankar er om Russland», «Det russiske ords songar».

Foto nytta i pressemeldingar syner berre bøker av Turgenjev. Det er visseleg ingen flokkar av deltakarar. Kan hende var ingen inviterte, eller kan hende var det ingen som ønskte å bli fanga av kameraet av frykt for å kompromittere seg sjølve.

Russland har allereie byrgt kunngjort at landet har skaffa over 3 millionar bøker av russiske klassikarar som Dostojevskij, Pusjkin og Turgenjev til dei okkuperte områda.

Ukrainarane kunngjer på Facebook og Instagram at dei er klare til å gje bort russisk klassisk litteratur frå biblioteka sine til dei som vil ha dei. Det er openbert mange fleire som vil kvitte seg med desse bøkene, enn det er som vil ta imot dei. Lesande familiar har truleg frå før dei utgåvene i mange bind av Tolstoj, Tsjekhov og Dostojevskij som stammar frå sovjettida.

Om morgonen og tidleg om ettermiddagen ber sivile ein treffer på gatene i Kherson, skotsikre vestar. Det er hovudsakleg offentlege tenestefolk på alle nivå som har strenge instruksjonar om å ha på ti ekstra kilo med «klede» kvar dag. Dette omfattar gatefeiarar, folk som arbeider med gassystemet, og elektrikarar. Det er mange ledige stillingar for denne typen tenestepersonell. Lokale folk seier at det er nettopp på grunn av den obligatoriske bruken av verneutstyr at folk ikkje vil ha desse jobbane. Å bere det tunge utstyret kan vere meir slitsamt enn arbeidet i seg sjølv.

Det er portforbod frå klokka 20.00, men etter klokka fem vil ein knapt sjå nokon i gatene i Kherson. Byen lever eit aktivt liv til i tre–firetida; da stansar offentleg transport. Drosjesjåførar arbeider berre til lunsj, og nektar til vanleg å køyre til forstadene, der det oftare blir skote granatar frå venstre breidda. Med alle desse omsyna er det ein tendens til at innbyggjarane i byen i det store og heile held seg heime og går ut minst mogleg.

Marknader og butikkar er opne, og mange forlèt heimen berre når dei treng å kjøpe noko. Trass i stadig bombardering er butikkar gjenopna både i Kherson og i nyss frigjorde landsbyar.

I løpet av dei ti siste månadene har næringsdrivande frå den frigjorde delen av Kherson-regionen fått over 800 lisensar frå dei regionale skattestyresmaktene til å omsetje alkohol og tobakk. Alle basisvarer er tilgjengelege for innbyggjarane i regionen. Det er truleg bra at dei «tvungne» stovegrisane no kan sitje heime med ei flaske øl framfor fjernsynet eller datamaskina og slappe av litt, fråkopla den heller lite freistande røyndomen kring dei.

Kort sagt er livet i frigjorde Kherson langt frå normalt eller vanleg, ulikt livet i byar som ligg lenger borte frå fronten.

Men sjølv i Vest-Ukraina, i Bukovina, er lokale styresmakter opptekne av korleis dei skal kunne avleie innbyggjarar og flyktningar frå tankar om krigen. Ordførarane i fjellbyane Putyla og Vizhnitsa har gått temmeleg langt for å få til dette. Dei avgjorde at dei måtte tilføye livet til innbyggjarane litt musikk. Klokka tolv kvar dag kjem den lokale musikaren Petro Semasjko til det sentrale torget I Putyla og spelar på trembita, eit hutsulisk folkeinstrument som liknar på eit alpehorn. Trembitaen kan vere opptil åtte meter lang, og lyden kan høyrast opptil ti kilometer unna. No samlar mange menneske seg i sentrum klokka tolv. Det musikalske mellomspelet er særleg interessant for nykommarar som ikkje kjenner til dei musikalske tradisjonane i dei ukrainske Karpatane.

I nabobyen Vizhnitsa kjem Igor Lutsjik, som er fiolinist og lærar ved den lokale musikkskulen, til det sentrale torget klokka tolv kvar dag og spelar ein song om dei karpatiske fjella som er godt kjend for alle ukrainarar.

– Så lenge vêret er godt, er det ingen problem. Men om det regnar eller snør, må eg sjå etter ein annan stad å spele. Fiolinen er eit kjensleg instrument, seier han.

– Det var nokre kommentarar om at det ikkje var rett tid til slikt, ettersom det var krig, seier kollegaen til Igor Lutsjik ved musikkskulen, Ganna Vatamanyuk.

– Men det verkar for meg som kultur, historie og kunst alltid er høveleg. Dessutan er det gudskjelov roleg her.

Diverre er det aldri rolig i Kherson. Dei som bur i byen no, saknar verkeleg musikk, dei vanlege konsertane med kammer- eller symfoniorkester. Så synd at det ikkje finst konsertplakatar i byen.

Den einaste musikalske hendinga dei to siste vekene i Kherson var at det vart laga ein videosnutt der ein elev ved den no nedlagde musikkskulen i Kherson, byens best kjende musikalske vedunderbarn Kirilo Boridko, spela piano inne i den øydelagde historiske gymnastikksalen nummer tjue.

No sender innbyggjarar i Kherson ei lenke til videosnutten til vener og slektningar som har forlate byen. Så græt dei saman over ei fortid som aldri kjem att.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Russarane angreip biblioteket igjen og freista drepe brannkonstablane og øydeleggje utstyret deira.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis