Fleire om beinet
Kva er viktigast for USA: å støtte Ukraina, Israel eller Taiwan?
Mange land ønsker seg same våpen som dei Ukraina treng til kampen sin mot Russland. To av dei er særleg interessante. Israel og Taiwan er båe i utsette posisjonar, og båe vil ha store mengder amerikanske våpen til å forsvare seg med. Men ikkje eingong USA er i stand til å levere alt utstyret i slike volum som desse tre landa til saman ønsker.
Israel først: USA har i mange tiår vore ein militær garantist for landet, dels gjennom avtalar og dels gjennom etablert praksis som botnar i den sterke sympatien for Israel i USA. Sidan 1948 har USA gjeve våpenhjelp til Israel verd nærare 1400 milliardar kroner, ifølge offisielle tal frå det amerikanske forsvarsdepartementet.
Patriotar
I sjølve Gaza-krigen er det ikkje stor overlapping mellom våpena den israelske hæren brukar, og dei våpena Ukraina treng mest, men Israel nyttar mellom anna Abrams-panservogner og Himars-rakettar. I tillegg inkluderer det israelske luftforsvaret våpensystem som òg er livsviktige for ukrainarane. Israel lagar sjølv mykje av rakettforsvaret sitt, men bidraga frå USA er viktige for å forsvare seg mot rakett- og droneåtak frå Iran. Eit døme er Patriot-systemet, som vart verdskjent da israelarane brukte det mot rakettåtaka frå Irak under Golfkrigen i 1991.
Patriot-rakettar vart seinast nytta da Iran sende ei skur av missil og dronar mot Israel i april. Men systemet skal no vere i ferd med å bli fasa ut av israelarane, og det skal ha vore samtalar mellom USA og Israel om å overføre Patriot-batteria til Ukraina.
Om dette skjer, er det kjærkome. Bestillinga til USA er klar: «Gje oss dei jævla Patriotane» sa den ukrainske utanriksministeren Dmytro Kuleba udiplomatisk i eit intervju med Politico i mars. «Vi kunne verne ikkje berre livet til folket vårt, men òg økonomien vår mot øydelegging.»
Kvart Patriot-batteri er sett saman av ei rekke utskytingsramper. President Zelenskyj har sagt at Ukraina treng åtte batteri for å kunne forsvare seg mot russiske luftåtak. I dag har landet berre fire slike, to av dei donerte frå USA.
Taiwan først
Når det gjeld Taiwan, er overlappinga med behova til Ukraina langt meir omfattande. Øystaten rustar opp forsvaret sitt for å kunne stå imot eit kinesisk åtak og bur seg på å møte ein bakkeinvasjon. Taiwan treng dermed mange av dei same våpena som ukrainarane nyttar. Det gjeld mellom anna Abrams-stridsvogner, Himars-rakettar, antitankvåpenet Javelin og Stinger-rakettar, og lagera av dei to siste våpena er slunkne i USA, ifølge ein oversikt frå Center for Strategic and International Studies.
Ordrelista frå Taiwan til USA var lang alt før februar 2022. Sidan da har ho svulma opp fordi leveransane til Ukraina vart prioriterte opp. No skal restordrane til Taiwan utgjere våpen for 200 milliardar kroner, ifølge Cato Institute.
Dette set eit strategisk dilemma på spissen for USA. Kva er viktigast: å stagge Russland i Europa eller å styrke Taiwan for å førebygge ein kinesisk invasjon? Fleire republikanske politikarar har sagt at det er langt viktigare å demme opp for Kina enn å hjelpe Ukraina, og meiner våpena som no går til Ukraina, bør sendast til Taiwan i staden. Ein av dei er visepresidentkandidat J.D. Vance. Også leiande demokratiske politikarar ser på Kina som det store trugsmålet for USAs strategiske interesser. Spørsmålet blir da: Korleis kan USA avskrekke Kina mest effektivt? Ved å levere meir våpen til Taiwan, eller ved å halde lovnadene sine i Ukraina og levere det som skal til for å slå attende russarane?
Det einaste sikre er at USA ikkje kan gje alle sine vener alt dei vil ha.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.