JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Etter kvart som hausten kjem, blir det heitare kring kyrkja

Haustskodde har lagt seg over Ukraina. Det blir kaldare. Førre måndag sende Russland igjen dronar i alle retningar over Ukraina. Dei kunne høyrast i mange delar av Kyiv-regionen, men denne gongen vart alle skotne ned.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Medlemmer av Den ukrainsk-ortodokse kyrkja, som er skulda for å vere knytte til Moskva, ber framfor ei kyrkje i Kyiv.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

10233
20231027

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Oppvarmingssystema er kopla på i bustadblokkene i hovudstaden. Men ettersom Russland har sendt svært få missil mot byane våre dei seinaste månadene, er folk redde for at dronar og missil skal kome flygande med ny kraft mot ukrainske kraftverk og annan infrastruktur no når livet er avhengig av oppvarming, elektrisitet og vatn.

Dei ukrainske leiarane har kunngjort at antiluftskyts er gjorde klare til å møte vinteråtak på byar. Ukraina har til og med leigd ekstra antiluftskytssystem frå europeiske land til den kalde årstida.

«Å leige våpen» er eit nytt omgrep i militær samanheng. På den eine sida fortel dette at europeiske land er redde for å gå tomme for våpen i ei så eksplosiv tid, på den andre framhevar leigeomgrepet det kommersielle ved sambandet med andre land, sjølv om produksjon og sal av våpen alltid har vore sett på som profitabel forretning.

I ukrainske medium er det mindre og mindre snakk om motoffensiven. Det er klart at vinteren frys fast frontlinene, sjølv om Russland framleis freistar ein offensiv no og da i Kharkiv- og Donbas-regionane.

For ei dryg veke sidan starta russiske troppar eit uventa åtak i Avdijivka i nærleiken av Donetsk, med hundrevis av stridsvogner og tusenvis av soldatar. Åtaket skulle falle saman med at president Putin kom til Rostov-na-Donu, nær frontlina, for å treffe stabssjefen til dei russiske styrkane, general Gerasimov.

Det såg ut til at den russiske militærkommandoen håpa å gje president Putin ei gåve da han kom – erobringa av Avdijivka, som har vore kontrollert av Ukraina sidan 2014. Som eit resultat av denne offensiven vart over femti russiske stridsvogner øydelagde, og tusenvis av russiske soldatar drepne eller sakna. Generalane hadde inga «kongeleg gåve» å tilby leiaren sin, og russiske medium tona ned Putins tur til fronten – dei synte berre nokre nattlege foto av general Gerasimov og president Putin der begge likna figurar frå Madame Tussauds i London.

Trass i den mislukka freistnaden på ein offensiv sender den russiske overkommandoen forsterkingar til fronten ved Avdijivka og til Kharkiv-regionen. Samstundes har den ukrainske nasjonalforsamlinga sett i gang ein annan offensiv mot Den ortodokse kyrkja under Moskva-patriarkatet i Ukraina.

I mange månader har kyrkja til Moskva-patriarkatet trassa avgjerder i rettsvesenet og parlamentet og nekta å forlate det viktigaste klosteret i Ukraina – Grotteklosteret i Kyiv. Nokre av bygningane i klosterkomplekset har lenge husa eit statseigd museum, og desse er frie, men munkane og prestane i Moskva-patriarkatet held framleis ut i andre delar av komplekset, og nektar politiet og eigedomsforvaltarane å fjerne dei.

Overraskande nok røysta det ukrainske parlamentet for ei veke sidan over eit lovframlegg som skal forby religiøse organisasjonar som har hovudsete i Russland, eller som er knytte til det landet. Dei ukrainske styresmaktene hadde det openbert ikkje travelt med å leggje fram denne lova, og mange trudde ikkje at ho nokon gong skulle nå fram til parlamentet, men no har 267 representantar røysta for framlegget.

Før lovframlegget var lagt fram til røysting, oppstod det ein rasande konflikt i den største gruppa i parlamentet – Folkets tenar-partiet til president Zelenskyj. Nestleiaren i gruppa, Artem Kultenko, synte seg å vere den mest ihuga forsvararen av Moskva-patriarkatet. Kultenko sende ut ei tekstmelding til representantar som støtta lovframlegget, med orda: «Eg ønskjer å redde sjela di!» Mange representantar oppfatta denne bodskapen som eit trugsmål.

Saman med Artem Kultenko sende Ion Tsjerepanov, som er biskop i kyrkja til Moskva-patriarkatet og abbed i Ionin-klosteret, liknande meldingar som truga representantar: «Berg sjelene dykkar! Vi skal alle forgå!»

Artem Kultenko forsikra partikollegaene sine om at over åtti folkevalde frå Folkets tenar-gruppa ville røyste mot lovframlegget.

I byrjinga trudde representantane på Artem Kultenko. Og nyleg slo parlamentsleiaren Ruslan Stefantsjuk fast at parlamentet ikkje kom til å røyste over lova mot Moskva-patriarkatet. Samstundes sa leiaren for Folkets tenar-gruppa, Davyd Arakhamija, at i ei krigstid blir ikkje slike lovframlegg prioriterte, og at det ville forstyrre arbeidet i parlamentet med å få på plass nøkkelpunkta i statsbudsjettet. Likevel samla representantane sjølve 240 røyster for å tvinge parlamentet til å røyste over lovframlegget. Det trengst berre 226 røyster for å godkjenne ei lov.

Lovframlegget har alt vore gjennom den første høyringa. No skal framlegget gjerast ferdig før ei andre votering, og så står det berre att for presidenten å underteikne – da blir det lov. Det er ikkje klart kor lang tid desse prosedyrane vil ta, men ukrainarane helsa entusiastisk den første voteringa velkomen.

Det er ikkje mange som skjønar kor arbeidsintensiv og kompleks prosessen for å forby Den ukrainske kyrkja under Moskva-patriarkatet er. Det er svært komplisert å oppløyse religiøse organisasjonar som er knytte til Russland, av éi enkel årsak: Den ukrainske kyrkja av Moskva-patriarkatet er ikkje lovleg registrert i Ukraina som éin einskapleg organisasjon.

Det er hovudstadskyrkja i Kyiv, fleire bispedømme og over ni tusen kyrkjelydar som alle er registrerte kvar for seg. Den nye lova vil gjere det naudsynt å undersøkje kvart einskilt tilfelle for å avgjere om det er eit samband til Russland, og så gje kvar og ein av dei høve til å rette opp situasjonen – det vil seie å avslutte sambandet med Russland og Moskva-patriarkatet.

Moskva-patriarkatet kjem ikkje til å gi sjølvstende til dei ukrainske kyrkjene sine utan kamp, så det vil kome langvarige rettstvistar.

Representantar for Moskva-patriarkatet vil ikkje sitje og vente på at denne lova skal bli gjeldande. Dei har alt starta ein forsvarskampanje på internasjonale plattformer, med erklæringar om forfølging av religiøse samfunn i Ukraina. Men dei nemner ingen av dei prestane som synte seg å vere kollaboratørar, og som hjelpte det russiske militæret med å okkupere ukrainsk territorium. Dei nemner heller ikkje den raske omregistreringa av kyrkjene i dei okkuperte områda, der ukrainske kyrkjer under Moskva-patriarkatet vart overførte til Den russisk-ortodokse kyrkja.

Dette skjedde òg på Krym etter annekteringa i 2014, men mange ukrainske politikarar føretrekte å ikkje snakke om kor kvikt det gjekk å overføre dei ukrainske Krym-kyrkjene under Moskva-patriarkatet til Den russisk-ortodokse kyrkja.

Den sjølvstyrte ukrainske kyrkja følgjer denne prosessen forventingsfullt. For Den ukrainsk-ortodokse kyrkja inneber den nye lova at den kyrkja blir den viktigaste i Ukraina. Aktivt patriotiske ukrainarar ser òg fram til dette. For dei har Kyrkja under Moskva-patriarkatet alltid vore ein politisk prorussisk organisasjon. I Ukraina har den sjølvstyrte ukrainske kyrkja heilt frå starten vore sett på som meir progressiv, meir demokratisk og – sjølvsagt – mindre politisert.

Samstundes som parlamentet røysta om Moskva-patriarkatet, dukka det opp ein skandale med religiøse følgjer i Lviv – ein by som trygt kan kallast det kulturelle og åndelege senteret i Ukraina. Denne skandalen er tydeleg ikkje-politisk og rører ikkje ved tryggingsinteressene til staten. Det er berre det at rektoren, den administrative leiaren for ei av dei eldre kyrkjene i Lviv – Sankt Andreas-kyrkja – gav kultpoeten og rockesongaren Serhij Zjadan løyve til å filme ein del av ein video til ein ny song inne i kyrkja.

Den kjende Lviv-artisten Khristina Solovij song i videoen. Sjølvsagt handlar songen om kjærleik, og Serhij Zjadan, som nyleg gjekk rettens veg for å bli skild frå kona si, seiest å ha eit romantisk forhold med Khristina Solovij.

Da videoen vart sleppt, erklærte soknepresten i kyrkja at videoen var umoralsk, og kravde at han ikkje skulle vere offentleg tilgjengeleg. Videoen viser eit par av same kjønn som kyssar kvarandre, men desse klippa vart ikkje tekne opp i kyrkja. Skandalen har likevel gjort at ein heller uinteressant song er sett av svært mange menneske, og den støyande diskusjonen om videoen er moralsk eller umoralsk, har i stor grad overdøyvd kontroversen om Moskva-patriarkatet.

Videoen er ikkje fjerna frå internettet, men Khristina Solovij har uttrykt frykt for at ho blir brend offentleg om ho vender attende til fødebyen Lviv. Ein prest har oppmoda alle om å gløyme dette videoklippet, slik at den strålande byen Lviv ikkje blir gjord til sentrum for ein slags ukrainsk inkvisisjon. Soknepresten har likevel avlyst alle sosiale arrangement som skulle haldast i bygningen, inkludert ein velgjerdsauksjon for det ukrainske militæret.

Eit logisk framhald av denne historia ville vere ei rituell reinsing av heilagdomen etter vanhelginga frå videoklippet.

Alt dette ville vore morosamt om det ikkje var for at det skader pengeinnsamlingar til det ukrainske militæret.

Men Moskva har skaffa ukrainarane noko anna å flire av. Den viktigaste røysta i Moskva-kyrkja, patriarken Kirill – Putins næraste allierte – slo i ein av dei seinaste talane sine fast at sovjetiske vitskapsfolk skapte atombomba med hjelp og vern frå helgenen til Den russisk-ortodokse kyrkja, sankt Serafim av Sarov, og at det berre er takk vere desse atomvåpena Russland framleis eksisterer.

Eg finn denne tilnærminga mellom Den russisk-ortodokse kyrkja og dei strategiske atomstyrkane til Den russiske føderasjonen heller skremmande. Det minner meg om vegen Iran tok før landet vart ein «islamsk republikk».

Vil Russland følgje dømet til Iran og bli ein «ortodoks republikk» der ei gruppe gamle patriarkalske politikarar i nær framtid vil bestemme normene for framferd og klede? Det kan skje. Prosessen tok til i 2012, da medlemmer av gruppa Pussy Riot vart arresterte for å ha sunge ein punksong i Frelsarkatedralen i Moskva.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis