Krig
Er du god i hurtigsjakk?
Di oftare representantar for dei ukrainske styresmaktene informerer om at det ikkje vil kome nye åtak frå Belarus, di meir engstelege er ukrainarane når dei ser mot den nordlege naboen sin.
Sjakkturnering ved Zjytomyr Ivan Franko-universitetet til inntekt for hæren i Ukraina, med 44 deltakarar mellom 4 og 72 år.
Foto: Ivan Franko-universitetet
Grensa mellom Ukraina og Belarus er lang, om lag 1100 kilometer. Ho går gjennom fire ukrainske regionar. Volyn-regionen – den nordvestlegaste – grensar samstundes til Polen og Belarus. Militæret og politiet går no rundt i landsbyane og besøker alle husstandar og fortel dei kva dei skal gjere ved ei evakuering.
Til no er det roleg i Volyn-regionen, men desse instruksjonane skremmer landsbybuarane langs grensa ytterlegare.
På grensa mellom Zjytomyr-regionen og Belarus skjer det underlege ting no og da. Ein nattpatrulje langs denne grensa fann fotspor av fleire par føter i snøen. Snart etter vart seks personar frå Pakistan og Bangladesh arresterte.
Før krigen tok til, terroriserte Belarus Den europeiske unionen ved å bruke flyktningar frå Sør-Asia. Belarus tilbaud dei fritt tilgjenge til landet, og flaug hundre- og tusenvis av dei til Minsk. Derfrå vart dei hjelpte til den polske grensa av belarusiske grensevakter og militære, som stod der som ein vegg for å hindre dei i å vende attende til Belarus. Kvar natt kryssa flyktningar den polske grensa. Denne historia verkar gamal no, men når det har dukka opp nye flyktningar på ukrainsk side av grensa, har det reist mange spørsmål.
Kvifor må flyktningar frå fjerne Pakistan fly og reise ti tusen kilometer for å komme til eit land i krig og til og med gå inn i territoriet til eit krigførande land frå eit land der militære grupper frå den russiske hæren er stasjonerte langs grensa? Ifølgje dei arresterte flyktningane var det folk i militæruniform som køyrde dei til den ukrainske grensa og gav dei retningsinformasjon.
Flyktningane gjekk gjennom den snøkledde skogen utan peiling på kor dei var, men dei hadde fått ordre om å rapportere GPS-data på telefon, og melde frå når dei nådde ukrainsk territorium.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.