JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Blåmåndag og ein militær løyndom

Av og til verkar det som dei ukrainske styres­maktene heller vil at folk skal diskutere falske nyhende enn verkelege problem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Zelenskyj (til venstre) og general Zaluzjnyj (heilt til høgre) ved kransenedlegginga denne veka for soldatar som fall i 1918 ved landsbyen Kruty nær Kyiv.

Foto: Presidentkontoret i Ukraina

11084
20240202
11084
20240202

Sist måndag kveld vart vanskeleg for ukrainarane. Ikkje på grunn av svermar av iransk-russiske dronar som kvar dag flyg over himmelen frå annekterte Krym til ulike regionar i Ukraina. Ikkje på grunn av at Russland sende missil mot Donetsk, Kharkiv, Sumy og andre regionar frå dei okkuperte territoria. Ikkje på grunn av at monotone og trøyttande nyhende har blitt eit deprimerande narkotikum som kvart minutt minner kvar ukrainar om den vedvarande og vanskelege situasjonen ved fronten og i landet.

Måndag kveld rapporterte tre truverdige informasjonskjelder at øvstkommanderande for det ukrainske militæret, general Zaluzjnyj, hadde fått sparken av president Zelenskyj. Dette var nok til å få sosiale nettverk til å koke over og til å overbelaste mobilnettet.

«Kva er det som skjer», spurde ukrainarane. «Seinast i dag tidleg la dei to – Zelenskyj og Zaluzjnyj – ned kransar ved monumentet over heltane som døydde for eit uavhengig Ukraina i 1918 ved landsbyen Kruty nær Kyiv!»

Informasjon som ikkje var stadfesta om avskilet til Zaluzjnyj, vart plukka opp av media i Europa og, sjølvsagt, i Russland, der fjernsynskanalar straks byrja diskutere det. Ein av dei viktigaste propagandistane i Russland, Margarita Simonjan, sa at sjølv om dette ikkje er sant, så framhevar det likevel det kaoset som no rår i Ukraina.

Berre eit par timar seinare sende det ukrainske forsvarsdepartementet ut ei særs kortfatta melding. Dei fem orda «Nei, det er ikkje sant», som departementet la ut på nettsida si, kan ein ikkje sjå på som ei offisiell kunngjering, men dei raste gjennom bølgjene i sosiale nettverk for å lette spenninga som brått hadde oppstått i det ukrainske samfunnet. President Zelenskyj kommenterte ikkje sjølv denne historia. Men pressesekretæren hans stadfesta seinare at Zelenskyj ikkje hadde gjeve Zaluzjnyj sparken.

På den eine sida kan stresset ukrainarane opplevde, sjåast på som resultat av ein vellukka russisk mediepsykologisk provokasjon. På den andre sida ville ikkje offentlege personar og den største nettavisa i landet, Ukrainska Pravda, ha spreidd denne meldinga utan å ha trippelsjekka om ho var truverdig. Utan å ha fått stadfesta informasjonen frå presidentkontoret ville dei neppe ha teke risken på å gå offentleg ut med slike utsegner.

Men same kva, denne historia etterlét seg ein svært vond ettersmak. Og som ei følgje av offentlege og private disputtar og diskusjonar vart den ukrainske kritikken sjølvsagt retta mot Zelenskyj. Folket og delar av det politiske miljøet, inkludert tidlegare president Petro Porosjenko, rykte ut for å forsvare Zaluzjnyj, som ikkje fekk sparken.

«Det er godt nytt at amerikanske revisjons­grupper som granskar militærhjelp til Ukraina, ikkje har funne noko gale så langt.»

I to år har ukrainarane levd ikkje berre i eit land i krig, men også omgjevne av russiske medium og russiske psykologiske operasjonar, og dessutan i ein situasjon med for dårleg kommunikasjon mellom ukrainske styresmakter og det ukrainske samfunnet. Det blir ikkje betre av at ukrainarar ofte gløymer dette.

Målet for dei russiske operasjonane er ikkje berre Ukraina, men heile verda. Likevel er informasjonsåtaka først og fremst retta mot ukrainarar for å bryte ned samhaldet deira og overtyde dei om at leiarskapen i landet er inkompetent og korrupt, at militæret er demoralisert, at soldatane ikkje har nok ammunisjon og mat, og at generalane kjøper seg villaer i Spania og Italia.

Når slik informasjon kjem på toppen av det ukrainarane alt veit om korrupsjon og andre problem i Ukraina, blir det oppfatta som sanning, og ukrainarar blir sjølve kanalar for russisk propaganda og spreier falsk informasjon vidare ut blant vener og kjenningar.

I førre veke organiserte Russland ei masseutsending av e-postar i Ukraina på vegner av det ukrainske presidentkontoret med ei erklæring frå Volodymyr Zelenskyj om at han er klar til å gje okkuperte og annekterte territorium til Russland. Før dette spreidde anonyme brukarar «Zelenskys erklæring om å kapitulere» på ukrainske sosiale nettverk.

Etter to år med iherdig russisk innsats for å skape psykologiske provokasjonar og spreie falsk informasjon skulle ein tru vi hadde lært å identifisere og oversjå dei. Men nei, løgn og meiningsmålingar held fram med å skake det ukrainske samfunnet. Og skulda for dette ligg, i alle fall til dels, hos ukrainske styresmakter, som ikkje har lært å reagere kjapt og effektivt på falsk informasjon. Det går alltid temmeleg lang tid frå falske opplysningar dukkar opp, og til dei blir tilbakevist. Det gjer at den falske informasjonen får dominere den offentlege samtalen altfor lenge.

Det som overraskar mest, er likevel at verkeleg sann og viktig informasjon ikkje blir det sentrale samtaleemnet i Ukraina. Skulda for dette må også liggje hos dei som ikkje veit korleis ein kan bringe denne informasjonen ut til samfunnet – eller ikkje ønskjer å gjere det. Dei har framleis mykje å lære av dei som sit i Moskva og spreier falsk informasjon.

Nyleg vart det gjennomført etterforsking og arrestasjonar i Lviv – den viktigaste byen i Vest-Ukraina. Politiaksjonen gjaldt ei stor sak om korrupsjon knytt til ammunisjonsforsyningar til det ukrainske militæret ved byrjinga av krigshandlingane i februar–mars 2022. Det var da den ukrainske regjeringa løyvde store summar til kjøp av granatar. Den største kontrakten gjekk til selskapet Lviv Arsenal, som tok på seg å skaffe det ukrainske militæret hundre tusen bombekastargranatar. Forsvarsdepartementet forskoterte 97 prosent av «kontrakten».

Det ukrainske militæret fekk aldri desse hundre tusen granatane, men først no, nesten to år seinare, er det sett i verk aktiv etterforsking i denne viktigaste korrupsjonssaka knytt til forsyningar til forsvarsdepartementet. Talet på fengsla embetsfolk i forsvarsdepartementet, inkludert ein av dei tidlegare viseministrane, og forretningsfolk med tilknyting til dei, aukar. Men informasjon om denne og andre kriminalsaker som handlar om korrupsjon under krigen, blir berre kjend for det offentlege i svært tilmålte dosar og, som eg alt har peika på, i ei form som ikkje er særleg eigna til å vekkje merksemd blant folk flest.

Av og til verkar det som dei ukrainske styresmaktene heller vil at folk skal diskutere falske nyhende enn verkelege problem. Kan hende er det slik. Alle falske opplysningar blir jo før eller seinare imøtegått, og alle pustar letta ut. Informasjon om verkelege korrupsjonssaker burde oppdaterast heile tida med nye detaljar og ende med ei rettsavgjerd. I store korrupsjonssaker er rettsavgjerder sjeldne. Det kan vere ei medverkande årsak at folk ikkje følgjer korkje etterforskingane eller rettssakene i det heile teke.

I dag er eit stort revisjonsarbeid i gang i forsvarsdepartementet, og ein har alt funne økonomisk fusk til ein verdi av meir enn ti milliardar hryvnia (om lag 265 millionar amerikanske dollar). Årvakne ukrainarar burde no inspirere styresmaktene til ein enda meir aktiv kamp mot korrupsjon.

Den nye forsvarsministeren, Rustem Umerov, har allereie bytt ut mange embetsfolk i departementet og opprettar no separate avdelingar for innkjøp av dødelege og ikkje-dødelege varer. Aldri før i dei 33 åra med sjølvstende har det skjedd ei slik utreinsking i departementet. Ukrainarane vil gjerne tru at forsvarsdepartementet ikkje lenger kjem til å kjøpe egg og poteter til militæret til tre gonger så høge prisar som på marknaden. Ukrainarane vil gjerne tru at ukrainske forretningsfolk som skriv kontraktar med departementet, er ærlege og held seg til avtalen. Ukrainarane vil gjerne tru at regelverket for «militært hemmeleghald» som departementet opererer innanfor, ikkje hjelper korrupte embetsfolk til å skjule brotsverka for allmenta.

Forresten var det regelverket for «militært hemmeleghald» som opna for tjuveriet av milliardar av hryvnia frå budsjettet til forsvarsdepartementet. I alle land vil våpenkjøp går føre seg under gradert hemmeleghald, og journalistar som freistar finne detaljane i desse transaksjonane, kan lett skuldast for spionasje. Dette er årsaka til at krigstid alltid og overalt har vore rekna som «gyllen» for dei som likar å stele eller tene pengar på militære innkjøp.

Det er godt nytt at amerikanske revisjonsgrupper som granskar amerikansk militærhjelp til Ukraina, ikkje har funne noko gale så langt.

No syner det seg at Ukraina i det minste har fjerna hemmeleghaldet kring undersøkingar av korrupsjon innanfor forsvarsdepartementet. Saman med skifte av leverandørar vil dette betre inntrykket av departementet og evna det har til å forsyne militæret.

Kampen mot korrupsjon i forsvarsdepartementet som er i gang med fornya kraft, har ikkje blitt dei store nyhenda for samfunnet generelt, men han har alt tvinga ukrainarane til uventa konklusjonar.

Historisk har Lviv, som hovudstaden i Vest-Ukraina, vore sett på som vogga til ukrainsk kultur og ukrainsk patriotisme. Mange ukrainarar har levd heile livet med tanken om at Aust-Ukraina er eit område med prorussiske haldningar og mykje korrupsjon og kriminalitet, medan Vest-Ukraina er området for ekte ukrainsk patriotisme, området for det ukrainske språket, for ærlegdom og høg religiøs moral. Nyleg – også som ei følgje av hendingar i det ukrainske forsvarsdepartementet – har desse stereotypiane blitt knuste.

Den austukrainske byen Kharkiv, 40 kilometer frå Russland og mål for dagleg bombing og granatåtak, har no blitt eit nytt symbol for ukrainsk patriotisme og motstandskraft. Og korrupsjonsskandalane har kasta mørke skuggar over Lviv – dei to største korrupsjonssakene om forsyningar til forsvarsdepartementet, er knytte til firma og forretningsfolk frå denne vestukrainske byen. Slik tvingar krigen og krigskorrupsjonen ukrainarane til å sjå på og forstå landet sitt på ein ny måte.

Historia om at general Zaluzjnyj kanskje fekk sparken, som gjorde ukrainarar nervøse sist måndag, held forresten fram. Onsdag offentleggjorde fleire ukrainske medium materiale som stadfesta at presidentkontoret likevel hadde gjort ein freistnad på å sparke generalen. Den ukrainske avisa Dzerkalo Tyzjnja («Vekespegelen») trykte eit kort samandrag av eit intervju med ei anonym kjelde frå presidentkontoret. Av denne samtalen går det fram at presidenten inviterte generalen til å gå av frivillig. Generalen avslo og gjorde det klart at presidenten, som øvstkommanderande, kunne gje han avskil ved dekret.

Det er innlysande at avskil for general Zaluzjnyj ved presidentdekret kunne gje eit popularitetsfall for Volodymyr Zelenskyj. Difor vart ikkje generalen sagd opp. Men det er ikkje lenger nokon tvil om at presidentkontoret førebur viktige endringar i den militære leiarskapen så vel som i den politiske leiinga av landet. Det er berre eit spørsmål om tid.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis