JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Bier og forrædarar

Ei fersk historie om internt fordrivne bier frå området kring Bakhmut vekte interessa mi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Byen Bakhmut hadde 70.000 innbyggjarar før det russiske åtaket på Ukraina. No er det berre om lag 15.000 att.

Foto: Ammar Awad / Reuters / NTB

11845
20220902
11845
20220902

Førre veke kom friviljuge til Kyiv med heimlause kattar frå dei øydelagde byane ved fronten i Donbas, Bakhmut og Soledar. Nyhende om evakuering av kjæledyr frå krigssona er ikkje lenger eksotiske.

Før krigen var det tusenvis av birøktarar i Donbas. I tillegg til kol har Donbas alltid vore kjent for honningen sin. For to år sidan, trass i tapet av ein del av Donbas og Krym, eksporterte Ukraina over 80.000 tonn honning i året. I dei komande par åra kan vi dessverre gløyme å oppleve ein slik suksess i honninghandelen.

Vi er alt vande med tanken på at kjæledyr kan bli heimlause på grunn av krigen. Men no lyt vi venje oss til tanken på at titusenvis av biekoloniar er blitt heimlause i Donbas og den sørlege delen av Ukraina.

Vanlegvis er det slik at om ein kube vert øydelagd av granatar, vert biene ville og «vender attende» til naturen. Dei svermar frå stad til stad og slår seg ned på veggene til øydelagde bygningar eller på tre, til dei finn ein meir permanent stad i holrommet på eit gamalt tre eller på loftet i eit forlate hus.

Når dei er på utkikk etter ein ny heim, freistar dei samstundes å flykte frå krigen og bråket og øydelegginga som følgjer av han. Dei flyktar ikkje berre fordi pollen som luktar krut, ikkje er særleg freistande, men hovudsakleg fordi bier liker stille – som gjer det råd å høyre summinga frå dei andre.

Men av og til, av gamal vane, hender det at bier som har mista kuben sin på grunn av krigen, trekkjer mot menneska igjen. Dei er vande med å leve nær menneska og med hjelp frå menneska. Om dei ikkje er opphavleg ville, overlever dei ikkje vinteren utan påpasselege birøktarar.

Tidleg i sumar, ved frontlina nær byen Bakhmut, hadde ein bisverm som flaug vekk frå ein krigsskadd kube, slått seg ned i nærleiken av nokre ukrainske militærstillingar.

Blant soldatane var det ein birøktar, Oleksandr Afanasijev, som hadde forlate kubane sine heime i Tsjerkasy-regionen. (Det halve året eller vel så det han har vore i hæren, har friviljuge birøktarar sett etter kubane hans.) Da han såg ein bisverm, tok Oleksandr ein tom ammunisjonskasse av tre, laga dei nødvendige hola i han og freista nytte han som kube. Biene gjorde seg nytte av dei primitive tilhøva i den nye heimen sin og gav seg straks til å utforske floraen i dei nye omgjevnadene.

Mot slutten av sumaren fekk Oleksandr ordre om å flytte til ei anna avdeling i ein annan del av fronten. Våpenbrørne hans, som ikkje hadde forstand på birøkt, våga ikkje ta ansvaret for biene og bad han ta kassen med bier med seg. Men det er ikkje meininga at soldatar skal ta kjæledyr med seg til fronten, og slett ikkje ein bisverm. Til alt hell dukka det opp ein friviljug ved avdelinga til Oleksandr. Det var Igor Riaposjenko som leverer brukte pickupar og jeepar til soldatane ved fronten. Han gjekk med på å frakte biene heim til seg i Tsjerkasy-området.

Biene reiste over 700 kilometer i ammunisjonskassen som var blitt den nye kuben deira. Dei overlevde reisa og har no slått seg til ro i hagen til Igor. For å unngå å uroe dei ytterlegare bestemte Igor seg for ikkje å flytte dei til ein skikkeleg bikube og lét dei vere i den provisoriske heimen sin.

Heldigvis bur det fleire birøktarar i nærleiken, så Igor har nokon han kan spørje om råd når han steller med biene. Han skal snart låne ein honningseparator frå naboane for å få ut honningen, og litt av honningen vil han sende til staden ved fronten der biene fann den militære innkvarteringa si.

Posisjonane til desse ukrainske militære stillingane har ikkje endra seg i det siste, sjølv om dei russiske troppane har rykt nærmare den andre sida av byen Bakhmut og held fram med å bombardere byen kvar natt med artilleri og multirakettbatteri. Byen hadde over 70.000 innbyggjarar før krigen. No er det om lag 15.000 att. Det ukrainske militæret har ikkje særleg tillit til dei innbyggjarane som har valt å bli verande i byen eller i nabolandsbyar trass i tilbod om hjelp til å evakuere.

Mange av desse «attverande» seier: «Vi ventar. Lat oss sjå kva som skjer!» Ukrainske soldatar kallar slike folk «ventarar». Det vil seie at dei ventar på at området skal bli okkupert av russarane, sjølv om nokre av innbyggjarane som avslår å evakuere, har ei positiv innstilling til ukrainske soldatar.

Av og til kjem dei med grønsaker og frukt til soldatane. Likevel er dei ikkje sette på som fullt ut til å stole på. Det kunne jo tenkjast at dei kjem for å sjå kvar det militære utstyret er, for å kunne sende denne informasjonen til dei russiske styrkane.

Av dei innbyggjarane som vart verande i dei okkuperte områda i Melitopol og Mariupol, var det somme som bestemte seg for å samarbeide med dei russiske okkupantane. Til og med nokre tidlegare politifolk hadde valt å arbeide for russarane.

Temaet forræderi er ikkje særleg populært i Ukraina, og absolutt ikkje triveleg å diskutere. Men i det siste har det kome fram stadig meir informasjon om ukrainarar som hjelper den russiske hæren og dei russiske spesialstyrkane i ulike delar av landet, endatil i Kyiv. Medlemer av regjeringa og det nasjonale handelskammeret, leiarar av det prorussiske partiet Opposisjonsblokka, nokre påtalejuristar og dommarar er arresterte og skulda for forræderi. Men det er langt færre arresterte Kreml-agentar enn dei som gjekk over til okkupantane tidleg i dei okkuperte områda.

Det første sjokket for ukrainarane var talet på påtalejuristar, SBU-offiserar, politifolk og domarar som gjekk over til å tene Russland på Krym etter annekteringa i 2014. Det var eit masseforræderi, men synte seg òg å vere resultatet av eit langvarig og mødesamt arbeid av dei russiske hemmelege tenestene på Krym.

Det var ei følgje av svikt hos dei ukrainske spesialtenestene. Ikkje eingong i Donbas er forræderi no like utbreidd som det var på Krym. Dei fleste attverande innbyggjarane ønskjer ikkje å samarbeide med okkupantane. Men russarane har nokre reiskapar til å tvinge ukrainarar til å godta okkupasjonsmakta, i det minste passivt – gjennom humanitær hjelp, trongen for å få orden på offentlege tenester, at det er uråd å få utbetalt ukrainsk pensjon, og så bortetter.

Dei som har bestemt seg for å støtte dei russiske styrkane aktivt, er likevel ikkje trygge på dei okkuperte områda. I løpet av dei seinaste få vekene har fleire toppforrædarar som tok på seg jobbar i okkupasjonsmakta som politi eller funksjonærar, blitt drepne eller skadde av partisanar eller grupper frå dei ukrainske spesialstyrkane. Det nyaste dømet på dette var drapet på Oleksij Kovaljov, ein tidlegare medlem av president Zelenskyjs parti Folkets tenar, som vart utpeika av russarane som «landbruksminister» i den okkuperte Kherson-regionen.

Temaet forræderi er likevel som eit arr i landsbyane og byane nær Kyiv som var under russisk okkupasjon i byrjinga av krigen. I kvar landsby og i kvar by fanst det Moskva-tilhengjarar som tilbaud okkupantane lister over patriotar og proukrainske aktivistar, adresser til deltakarar i Maidan-demonstrasjonane og til veteranane frå antiterroristoperasjonane i Donbas.

I landsbyen Andriivka, ikkje langt frå Borodjanka, synte det seg at ein slik forrædar var ein lokal innbyggjar, ein tidlegare munk i eit kloster under Moskva-patriarkatet. Ikkje berre husa han fleire av invasjonssoldatane i heimen sin, men han synte dei òg kva hus i landsbyen dei kunne plyndre, og kven som kunne takast til fange og bytast mot løysepengar.

Da landsbyen vart erobra attende, rakk ikkje munken å flykte. Han vart arrestert og dømd til ti år i fengsel. Men ein annan familie, ein migrantfamilie frå Donetsk som slo seg ned i landsbyen etter 2014 og også hjelpte dei russiske okkupantane, klarte å sleppe unna saman med den russiske hæren da han drog attende til Belarus.

I dag er det framleis over 30 Andriivka-innbyggjarar som står på lista over sakna personar. Russiske soldatar skaut minst 17 menneske, og mange hus ligg i ruinar den dag i dag.

Mykola Gorobets, ein kjend germanist og pensjonert forskar som arbeidde storparten av livet ved universitetsbiblioteket i Kyiv, drog til huset sitt i Andriivka straks etter at byen var frigjord frå dei russiske troppane. Før krigen var han der gjerne heile sumaren, men i førre veke vitja han barndomsheimen sin for berre femte gongen sidan frigjeringa av landsbyen.

Etter at dei russiske soldatane hadde forlate staden, fekk han til å setje poteter, men berre på jordflekken nærast huset. Han var redd for å dyrke meir av jorda – kva om det var miner der? Ingen kom for å undersøkje om det var eksplosiv i hagen hans. Trass i den reduserte storleiken på potetåkeren hans er han nokså nøgd med avlinga, og Mykola har fått til eit bra potetlager i kjellaren sin. No stablar han ved til vinteren. Også han tenkjer ofte på forrædarmunken og forrædarinnflyttarane frå Donetsk.

Under okkupasjonen var huset til Mykola okkupert av russiske soldatar. Dei var svært overraska over alle dei tyske bøkene i hyllene.

Soldatane spurde naboane om huseigaren kunne tenkjast å vere tyskar? Dei lét etter seg ein øydelagd sofa, fleire utgåver av avisa til det russiske forsvarsdepartementet, Krasnaja Zvezda (Raude Stjerne), og mange personlege eigedelar, inkludert ein hatt, pulver til å lage energidrikk av og ein matboks til campingbruk.

Da Mykola kom til staden for første gong etter at landsbyen var frigjord, kom politiet og bad han peike på det dei russiske soldatane hadde late etter seg. I bua fann Mykola ei stor kanne med maskinolje, truleg meint for motoren på ei stridsvogn. Politiet var ikkje interessert i oljen, men ein av dei likte campingboksen og rekvirerte han til seg sjølv. Oljekanna er framleis i skjulet. Kan hende vil det historiske museet i den nærmaste byen, Makariv, ha henne. Museumsdirektøren førebur ei utstilling om okkupasjonen av området og har bede alle innbyggjarane om å gje artefaktar frå den russiske aggresjonen til museet.

– Eg er redd for å kome til Andriivka for ofte, vedgjekk Mykola til meg.

– Om kvelden er det mange her som blir fulle, og da skyt dei med gevær i mørket. Russarane la truleg etter seg mykje våpen òg.

Det ser ikkje ut til at politiet har hastverk med å leite etter «trofé»-våpen i landsbyhusa, og ingen ønskjer å kritisere alkoholikarar som overlevde okkupasjonen. Somme meiner at dei drikk på grunn av det psykologiske traumet frå okkupasjonen, medan andre rett og slett er redde for dei.

Faktisk er alle innbyggjarane i Andriivka sterkt traumatiserte no, også dei som ikkje var der under okkupasjonen, som Mykola. Han var heile tida i Kyiv saman med den vaksne dottera si, som har cerebral parese. På grunn av henne tenkte han ikkje eingong på å evakuere frå Kyiv.

Landsbynaboen hans, Andrij, ein tidlegare barndomsven, er òg alkoholikar. Av og til stel Andrij grønsaker frå hagen til Mykola og sel dei for å kjøpe ei flaske.

Pussig nok er han også birøktar, eller snarare ein tidlegare birøktar som framleis har bier. Ein sverm stakk nyleg av frå Andrij og slo seg ned i eit kirsebærtre i hagen til Mykola. Andrij kom til Mykola med ein stige, klatra opp i kirsebærtreet, knekte fleire greiner og henta ned den flykta svermen. Så tok han svermen med attende til kuben.

Eg trur desse biene kjem til å flyge mykje lenger neste gong. Til ein stad der den fulle eigaren ikkje vil finne dei. Truleg er det med bier som med menneske, at dei ikkje tilgjev forræderi. Sjølv om forræderiet berre er uttrykt ved at dei er oversette og gløymde.

Andrij Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Truleg er det med bier som med menneske, at dei ikkje tilgjev forræderi.

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis