Krig

«Azovhavet er vårt for alltid»

Kvar sundag kveld går det fleire timar lange nyhendemagasinet Vestli Nedeli på Russlands største fjernsynskanal, Russland 1. Her er eit lite utdrag frå sist sundag, då programleiaren Dimitrij Kiseljov forklarte kvifor dei russiske styrkane trekte seg ut av byen Kherson.

Publisert

Dimitrij Kiseljov: «Vi kunne sjå sterk fortviling i andletet til general Surovikins då han gjorde framlegg om å forlata høgre breidd av Kherson og flytta troppane våre til venstre breidd. Det var ei vanskeleg avgjersle, som Surovikin hadde snakka ope om som ein utveg heilt sidan han vart utnemnd til sjef for den spesielle militæroperasjonen. Avgjersla var ei følgje av skiftande omstende i krigshandlingane.

Det nazistiske regimet i Kiev kastar inn soldatar som blir slakta ned i tusental, utan omsyn til eigne tap. Dei sender ei mengd soldatar inn i denne kjøtkverna, og lider tap på éin til sju eller éin til åtte i vår favør.

Men vi er ikkje nøgde sjølv med dette tilhøvet på Kherson-fronten. Vi må ta vare på dei kanskje mest kamperfarne, effektive og heroiske luftborne styrkane våre. No vil nokre av dei ta over godt førebudde stillingar på venstre breidd av Dnepr. Andre kan verta overførte til avdelingar lenger nord, der vi rykkjer fram.

Tilbaketrekkinga til venstre breidd av Dnepr er taktisk. Det er rasjonelt, sjølv om det kan vera vanskeleg å akseptera. Det viktigaste er at vi held oppe kampevna vår, betrar logistikken og gjer det mykje lettare å skaffa forsyningar til soldatane ved dei nye grensene. Slik er situasjonen førebels. Sjølve flyttinga til venstre breidd gjekk forresten upåklageleg greitt. Vi mista ikkje éin einaste soldat eller noko utstyr under overfarten.

Tida er på vår side. Frå lufta held vi fram med å øydeleggja kritisk viktig infrastruktur som gjer at naziregimet kan halda det gåande. Framleis kan dei til tider bruka elektrisitet og kommunikasjon, vassforsyning og avløpsanlegg. Men ettersom det ukrainske energisystemet konsekvent vert øydelagt, vert desse fasilitetane ein luksus som dei ofte må greia seg utan.

Siktemålet er å lamma militærmaskina til naziregimet, slik at sjølv med storstilt støtte frå Nato i form av våpen og ammunisjon er regimet ikkje lenger i stand til å stå imot. Og metoden fungerer. Mens Kiev vert kasta frå den eine straumstansen til den andre, snakkar dei ukrainske tenestemennene alt om å evakuera tre millionar innbyggjarar i Kiev – men kvar dei skal sendast, veit ingen. Førebels har folk blitt oppmoda om å overvintra på landet og fyra opp i omnane sine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement