Ukraina

Krig og politikk

Ukrainarar demonstrerer mot korrupsjon, men det blir ikkje eit nytt Majdan.

  

Demonstrators take part in a rally near a parliament building to urge lawmakers to adopt a new law reinstating independence of anti-corruption bodies, amid Russia's attack on Ukraine, in Kyiv, Ukraine July 31, 2025. REUTERS/Viacheslav Ratynskyi
Demonstrasjonar i Kyiv mot loven som blei vedteken i parlamentet om å svekke makta til Ukrainas nasjonale antikorrupsjonsbyrå (NABU).
Publisert Sist oppdatert

Har Ukraina verkeleg vent seg til krig og korrupsjon og eit nytt Majdan? Eigentleg ikkje. Det er uråd å venne seg til dette. Det er berre slik at når ein, som eg, bur i ein by nær fronten og kvar einaste dag må redde seg unna bombing, blir ein trøytt av å reagere noko særleg på alt som hender i Ukraina og i Europa.

Nett det er det dei russiske okkupantane reknar med, når dei spreier panikk og falske rykte om at ukrainarane gir blaffen i korleis krigen sluttar, og er viljuge til å avstå dei territoria Russland okkuperer, om dei berre kan sleppe å få bomber og rakettar i hovudet.

Eigentleg er ukrainarane i dag i ein splitta psykologisk tilstand. På den eine sida er det mange i Ukraina som ikkje følgjer særleg godt med på nyhende lenger. Og den aktive appen på telefonen som varslar om luftåtak, lyder som ein vekkjarklokkealarm. På den andre sida kan den gjennomborande lyden av sirena som for lengst har blitt eit symbol på ein kvardagsleg, undertrykt angst som ein helst vil fortrengje, til evig tid vere ein trigger for mange innbyggjarar i Ukraina.

Fly vekk frå ei bombe eller frå musikk?

Faktisk er det slik at nyhenda som vi får høyre på radio og TV, og reklamen som framleis er i full gang med å tilby tenester og varer (til og med sommarferieturar), nett som i tidlegare fredelege tider seier noko om eitt og det same. Når ein høyrer nyhende, blir ein forundra over kor roleg opplesaren melder om at ukrainske styrkar legg planar om å trekkje seg ut av ei rekkje landsbyar i Pokrovsk-området, landsbyar som grensar til Dnipropetrovsk oblast, eller tettstader på frontavsnittet ved Kharkiv.

Det er nærliggande å samanlikne det med reklame for musikk. Musikk blir framleis, i krigstidas Ukraina, både lytta til, spelt og seld – og reklamert for, sjølvsagt, i same rolege tone: «Har du det nokon gong slik, når alle andre har gått ut, at du endeleg kan sette på yndlingsplata di og fly av stad? Eit album som lyder som røyk i kveldsljos. Elektronika som ikkje har det travelt med å komme seg nokon stad. Jazz som løyser seg opp i beat. Stemmer som kviskrar og ikkje skrik. ‘Protection’ av Massive Attack, det er musikk for dei som ønskjer å føle, og ikkje berre lytte. Når du set på denne plata, går verda saktare, og ho blir varmare».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement