KrFs svenske syster veks inn i det blå
STOCKHOLM: Kristdemokraterna i Sverige har gått mot høgre og meir enn dobla oppslutninga. Partileiar Ebba Busch Thor har eitt råd å gje KrF.
Kristdemokraterna var spådd å hamne utanfor Riksdagen ved valet i fjor. No er partiet Sveriges raskast veksande, og Ebba Busch Thor er partileiaren med høgst tillit blant svenske veljarar.
Foto: Björn Larsson Rosvall / TT / NTB scanpix
Meiningsmålingar har ikkje vore særleg lystig lesing for KrF på ei god stund. Etter at partiet valde høgresida og regjering med Frp, Høgre og Venstre, har det gått endå dårlegare. Når partiet no møtest til landsmøte, har det eit snitt på 3,5 prosent av veljarane bak seg, ifølgje den månadlege målinga til nettsida pollofpolls.
Situasjonen må kjennast ekstra dyster når ein ser den kraftige oppsvingen det svenske systerpartiet til KrF opplever.
Etter å ha hatt målingar på rundt tretalet heilt frå september 2016 vart svenske Kristdemokraterna (KD) spådd å hamne utanfor Riksdagen ved valet i fjor. Men så gjorde partiet eit plutseleg byks på målingane mot slutten av valkampen og sikra 6,3 prosent oppslutning og 22 riksdagsrepresentantar.
Sidan har oppslutninga berre auka, og nyleg vart partiet målt til 9,4 prosent, som er den høgste oppslutninga partiet har hatt på målingane til instituttet Kantar Sifo sidan september 2002.
I tillegg har partileiar Ebba Busch Thor nett gått forbi statsminister Stefan Löfven som partileiaren med høgst tillit blant svenske veljarar.
Framgangen har skjedd samstundes som KD har forsterka posisjonen som eit høgresideparti og endåtil opna for å halde politiske samtalar med Sverigedemokraterna på ytre høgre fløy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.