Kreml og Håvamål
Aleksandr Petrov og Ruslan Bosjirov ville sjå katedralen i Salisbury.
Stillbilete frå fjernsynskanalen RT
Det er ikkje vanleg kost i Vladimir Putins Russland at både presse og sosiale mediekanalar gjer blodig narr av propagandaapparatet. Vi som helsar slikt med applaus, fekk ei høgtidsstund ved husalteret 13. september, da to russiske turistar som hadde vore to snarturar i Salisbury i mars, vart intervjua på stasjonen RT, som er engelskspråkleg og Kreml-lojal.
Intervjuar var programsjefen sjølv, Margarita Simonjan, ei myndig og ordhag dame som Vårherre har vore svært heldig med. Ho ville høyra kva dei gjorde i England den mars-helga da Sergej Skripal og dottera hans, Julia, vart funne alvorleg sjuke av den sjeldne nervegifta Novitsjok (eit triveleg namn som tyder «den vesle nye»).
Jau, dei hadde høyrt om katedralen i Salisbury, og den ville dei gjerne sjå. Så frå hotellet i London reiste dei laurdag middag 3. mars til Waterloo-stasjonen. Derifrå tok dei toget til Salisbury. Der var dei i halvannan time før dei reiste tilbake til London.
Britiske overvakingskamera fanga dei opp i det stroket der Skripal budde. Om morgonen 4. mars reiste dei to atter til Salisbury, vart registrerte av eit kamera like ved bustaden til Skripal, og om ettermiddagen drog dei til Gatwick flyplass og reiste attende til Moskva. Dei hadde også billett til Moskva-flyet måndag – frå hovudflyplassen Heathrow.
I passa deira sto namna Aleksandr Petrov og Ruslan Bosjirov. Den 12. september sa Putin, som da var i Vladivostok, at «vi veit kven desse mennene er, og vi får kanskje sjå dei på fjernsyn». Så smilte han.
Det er liten grunn til å tru at dei heiter Petrov og Bosjirov. Derimot har britane funne spor av Novitsjok på hotellrommet deira.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.