JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kreml og Håvamål

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aleksandr Petrov og Ruslan Bosjirov ville sjå katedralen i Salisbury.

Stillbilete frå fjernsynskanalen RT

2191
20180921
2191
20180921

Det er ikkje vanleg kost i Vladimir Putins Russland at både presse og sosiale mediekanalar gjer blodig narr av propagandaapparatet. Vi som helsar slikt med applaus, fekk ei høgtidsstund ved husalteret 13. september, da to russiske turistar som hadde vore to snarturar i Salisbury i mars, vart intervjua på stasjonen RT, som er engelskspråkleg og Kreml-lojal.

Intervjuar var programsjefen sjølv, Margarita Simonjan, ei myndig og ordhag dame som Vårherre har vore svært heldig med. Ho ville høyra kva dei gjorde i England den mars-helga da Sergej Skripal og dottera hans, Julia, vart funne alvorleg sjuke av den sjeldne nervegifta Novitsjok (eit triveleg namn som tyder «den vesle nye»).

Jau, dei hadde høyrt om katedralen i Salisbury, og den ville dei gjerne sjå. Så frå hotellet i London reiste dei laurdag middag 3. mars til Waterloo-stasjonen. Derifrå tok dei toget til Salisbury. Der var dei i halvannan time før dei reiste tilbake til London.

Britiske overvakingskamera fanga dei opp i det stroket der Skripal budde. Om morgonen 4. mars reiste dei to atter til Salisbury, vart registrerte av eit kamera like ved bustaden til Skripal, og om ettermiddagen drog dei til Gatwick flyplass og reiste attende til Moskva. Dei hadde også billett til Moskva-flyet måndag – frå hovudflyplassen Heathrow.

I passa deira sto namna Aleksandr Petrov og Ruslan Bosjirov. Den 12. september sa Putin, som da var i Vladivostok, at «vi veit kven desse mennene er, og vi får kanskje sjå dei på fjernsyn». Så smilte han.

Det er liten grunn til å tru at dei heiter Petrov og Bosjirov. Derimot har britane funne spor av Novitsjok på hotellrommet deira.

Gifta, den dobbelte billetten heim, den store interessa for katedralen i ein by halvannan times togreise frå hotellet, pluss Simonjans grundige reportasjar i 2014 etter at eit malaysisk passasjerfly vart skote ned over Ukraina, er råstoff for dei russiske satirikarane. Dei held same høge kulturnivå som dei gjorde over vodka, rugbrød og pølse på kjøkenbordet i Brezjnev-epoken. Kanskje kjenner dei Håvamål òg: «Den som lyg og veit at han lyg, og veit at andre veit at han lyg, og endå lyg, han må ha den vonde sjølv til førar.»

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis