JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kraftsabotasje frå Brussel

Marknadsliberalismen har mest av alt tent kraftbransjen vel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jonas Gahr Støre møter president i Europakommisjonen Ursula von der Leyen for å underteikne avtalen om «Grøn allianse» i fjor.

Statsminister Jonas Gahr Støre møter president i Europakommisjonen Ursula von der Leyen for å underteikne avtalen om «Grøn allianse» i fjor.

Foto: Ingrid Brandal Myklebust / SMK / NTB

4302
20240322
4302
20240322

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Energi

Eg har aldri kjent meg så langt unna den politiske røynda heime i Noreg som mellom norske kraftliberalistar i Brussel. Der er ein som eit romvesen på ein marknadsliberal planet, der demokratisk kontroll over krafta blir sett på som rein og skjær fiksjon – og ikkje som noko vi hadde i mange tiår i det sosialdemokratiske Noreg.

I år er EØS-avtala 30 år, og 22. mars skal ho feirast – i Brussel sjølvsagt.

I laupet av desse 30 åra har norsk kraftpolitikk blitt enno meir styrt av EUs marknadsliberale prinsipp. Min påstand er at norske lobbyistar i Brussel har vore pådrivarar for denne utviklinga. Inntrykket har blitt forsterka dei gongene eg har reist til EU-hovudkvarteret med delegasjonar frå Stortinget.

«Grønt» og «solidarisk»

Her er det fremste målet saumlaus europeisk marknadsstyring. Dei kan kalle det både «grønt» og «solidarisk» så mykje dei vil, men det er berre eufemismar for kapitalistisk.

Denne politikken har ikkje «tent Noreg vel», som det heiter i eit oppbrukt talepunkt frå regjeringa. Marknadsliberalismen har mest av alt tent kraftbransjen vel. Produsentane tener på høge europeiske prisar. Liberalismen har derimot vore ein katastrofe for folk flest her heime. Det siste lèt til å vere eit fullstendig fråverande perspektiv i Brussel.

I EU har nemleg Noreg tatt ein posisjon som straffar norske straumkundar, og som verkar fullstendig fråkopla dei kraftpolitiske debattane vi har her heime.

«I EU har nemleg Noreg tatt ein posisjon som straffar norske straumkundar.»

Til vanleg plar politikarane vere samde om at vi skal ha tilgang på «rimelig kraft» og at «dette også i fremtiden skal være fortrinnet for norsk industri og bidra til verdiskaping og sysselsetting i hele landet», for å seie det med Hurdalsplattforma til regjeringa. Men når representantar for den norske regjeringa er i Brussel for å appellere til EU, er ikkje desse orda verde papiret dei er skrivne på.

Lettvint løysing

Då Terje Aasland var i Brussel i fjor haust orsaka han at det norske folk liksom berre ropar etter enkle løysingar. Han kalla dei «nasjonalistiske og populistiske». Det einaste svaret Aasland sjølv har, for å sikre det norske konkurransefortrinnet med billeg straum, er å bygge ut meir kraft.

Dette er i seg sjølv ei ekstremt lettvint løysing. Viss vi skal frikople oss frå det europeiske prisnivået ved hjelp av auka kraftproduksjon, må Noreg produsere om lag 40 terawattimar meir, ifølgje NVE. Dette vil vere arealkrevjande og naturfiendtleg. I tillegg er ikkje norske kraftprodusentar interesserte i å bygge så mykje at dei i praksis taper på straumproduksjonen.

Lovnader om meir kraft for å senke prisane på den norske marknaden rimar dessutan ikkje med innhaldet i Jonas Gahr Støre-brevet til EU-president Ursula von der Leyen. Der lova han at «ein monaleg del» av havvindutbygginga «vil vere tilgjengeleg for eksport til Europa».

Brussel verkar aller mest som eit safe space for marknadsliberalistar. Her kan dei snakke fritt og utan motstand om marknadsretting og kommersialisering, og utan omsyn til dei «enkle løysingane» til nordmenn. Nye utanlandskablar er som «grøne lunger» å rekne, som ein representant forklarte meg ein gong.

Strenge føringar

Ein anna utsending kunne dessutan fortelje meg at norske styresmakter fekk panikk då Ursula von der Leyen snakka om å reformere elektrisitetsmarknaden til EU meir radikalt hausten 2022. Det er urovekkande. Von der Leyen vurderte, etter påtrykk frå land som Spania og Belgia, å setje prisen lågare for fornybar kraft enn for europeisk gass. Å selje fornybar vasskraft til noko som liknar kostpris her heime, kunne vore eit klimafortrinn så vel som eit naudsynt gode for norske straumkundar. Likevel var Noregs ærend ikkje å gjere dette mogleg, men snarare å tvihalde på den dysfunksjonelle marknaden.

Marknadskreftene vann fram òg, for EU er ingen pådrivar for ein meir rettvis straumpolitikk. EØS-avtala legg strenge føringar som bind oss til den marknadsliberale masta. Sjølv spede framstøytar for å reformere den europeiske marknadsliberalismen går i dass – godt hjelpt av norske politikarar og lobbyistar i Brussel.

Sofie Marhaug er stortingspolitikar for Raudt og 2. nestleiar i energi- og miljøkomiteen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis