JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kostbare kvinneplager

Nær éi av tre kvinner får store plager i overgangsalderen, men det er forska lite på korleis slike plager påverkar arbeidskapasitet og sjukefråvær.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I starten av mars leverte Christine B. Meyer rapporten frå kvinnehelseutvalet. Rapporten slår mellom anna fast at det kan vere eit stort og unytta samfunnsøkonomisk potensial i ei meir målretta satsing på helsa til kvinner i overgangsalderen.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

12740
20230331

Overgangsalderen

Omfattar perioden før og etter siste menstruasjonsbløding.

Dei fleste kvinner kjem i overgangsalderen når dei er mellom 45 og 55 år, og snittalderen for norske kvinner er 53 år.

Kjelde: Norsk helseinformatikk

Helse

eva@dagogtid.no

Kvinnehelseutvalet la nyleg fram rapporten som slår fast at det er store helseskilnader mellom kvinner og menn, og at desse skilnadene ikkje er erkjende i utforminga av helse- og omsorgspolitikken. Ifølgje utvalsleiar Christine B. Meyer er dei større helseutfordringane for kvinner mellom anna knytte til at dei går gjennom større hormonelle endringar i ungdomen, gjennom svangerskap og fødslar og ikkje minst i overgangsalderen.

Og nett hormonendringane i overgangsalderen kan kome med større følgjer enn det samfunnet har teke høgde for, skal vi tru utvalet. I rapporten vert det i alle fall synt til at kvinner med sterke plager knytte til overgangsalder, kan ha lågare arbeidskapasitet, høgare korttidsfråvær og forhøgd risiko for å avslutte arbeidslivet før pensjonsalder. Ja, utvalet meiner endåtil det kan vere eit stort og unytta samfunnsøkonomisk potensial i ei meir målretta satsing på helsa til kvinner midt i livet.

Men når det står kan i alle dei tre setningane over, er det fordi det ikkje går an å vere særleg meir presis. Så langt er det nemleg forska lite på korleis overgangsplager verkar inn på kvinners arbeidsliv i Noreg. Sjukefråværsstatistikken er heller ikkje eigna til å avkrefte at overgangsplager kan ha negativ innverknad.

Skilnadene aukar

Dei fleste kvinner kjem i overgangsalderen når dei er mellom 45 og 55 år. Det er òg i om lag same tida det er størst skilnad i det legemelde sjukefråværet mellom kvinner og menn, når gravide er utelatne.

Det legemelde sjukefråværet er ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) høgare for kvinner enn for menn i alle aldersgrupper frå tidleg i 20-åra og til rundt 65-årsalderen. Når sjukefråvær knytt til svangerskap er inkludert, er skilnaden mellom kjønna størst i aldersgruppene mellom 26 og 45 år. Men utelèt ein sjukefråvær knytt til svangerskap, er kjønnsskilnaden størst mellom 39 og 50 år, om lag då mange kvinner byrjar å få symptom på overgangsalderen.

Kjønnsskilnaden vert òg berre svakt redusert etter 50 år, trass i at fleire kvinner enn menn i den perioden går over på arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd og såleis fell ut av grunnlaget for sjukefråværsstatistikken. Ifølgje ein Nav-rapport frå 2019 kan det dimed diskuterast om det er reell nedgang i kjønnsskilnad i sjukefråværet etter 50 år.

Når det gjeld eigenmeldt sjukefråvær, finst det ifølgje SSB ikkje data etter alder, så der veit vi endå mindre om i kva grad overgangsalderen kan slå ut.

Sterke plager

Kvinnehelseekspertar Dag og Tid har vore i kontakt med, ser det derimot som truleg at plager knytte til overgangsalderen spelar inn på både sjukefråværet og arbeidskapasitet for ein del kvinner.

– Vi veit at 30 prosent av kvinnene i overgangsalderen får betydelege plager, og det er truleg at desse har eit høgare sjukefråvær enn medsystrene sine, seier fyrsteamanuensis Inger Haukenes ved Institutt for global helse ved Universitetet i Bergen.

Sarah Bastienne Spallek-Halvorsen er gynekolog ved privatsjukehuset Aleris Frogner. Ho seier ho ikkje skriv ut sjukemelding for overgangsalder sjølv, men at dei som kjem til henne for plager i denne perioden, kjem nett fordi dei ikkje lenger fungerer skikkeleg i kvardagen.

– I snitt gjev overgangsalderen tre år med symptom. Somme kjenner ingenting, medan andre kan ha ti år med symptom av varierande karakter. Eg møter fyrst og fremst dei som har problem. At nokre av dei har vore vekke frå jobb på grunn av plagene, trur eg absolutt. Nokre kjem òg etter kortvarige sjukemeldingar, men det er ikkje vanleg, seier ho.

Ujamn hjarterytme

Når det vert snakka om sterke plager, er det ikkje berre det som vert sett som dei klassiske overgangsplagene, som hete- og sveittetokter, søvnproblem og humørsvingingar, det vert sikta til. Kvinnehelseutvalet inkluderer også muskel- og skjelettplager blant dei vanlege symptoma og syner til at det i nyare tid òg har kome studiar som peikar mot ein samanheng mellom overgangsalder og depresjonssymptom.

Overgangsalderen inneber at eggstokkane gradvis sluttar å produsere østrogen, og det er østrogenfallet som er opphavet til mange av plagene kvinner kan oppleve. Østrogen har ikkje berre effekt på kjønnsorgan og bryst, men òg på andre delar av kroppen, mellom anna på muskulatur og skjelett, hud og sentralnervesystem. Oppslagsverket Felleskatalogen fortel mellom anna at mangelen på østrogen medfører auka beintap for kvinner dei fyrste ti åra etter overgangen, og det aukar risikoen for å verta beinskøyr, ein sjukdom som råkar kvar tredje kvinne, og berre éin av fem menn.

Det private helseføretaket Volvat opererer på sine nettsider med ei liste over symptom på overgangsalder som er lang som fleire vonde år, med plager som spenner frå sprø og flisete negler, tørr og kløande hud, hårtap, problem med tannkjøtet, endringar i kroppslukt, stressinkontinens og fordøyingsproblem til leddsmerter, elektriske støyt, ujamn hjarterytme, konsentrasjonsvanskar og gløymske, angst, depresjon og panikkanfall.

– Noko å sove på

Ifølgje Haukenes er det ikkje godt nok kjent kva for plager og klynger av plager som kan assosierast med overgangsalder. Plager som muskel- og leddsmerter, hovudpine, depresjonskjensle og trøyttleik vert dimed ikkje nødvendigvis knytte til overgangsalderen, men til kvinner generelt og middelaldrande kvinner spesielt, seier ho.

– Dette er hyppige årsaker til sjukefråvær, og dersom desse plagene held fram med å verte kategoriserte som udefinerbare kvinneplager utan særlege behandlingsalternativ, vil det auke risikoen for langtidsfråvær og uføretrygd. Å ta desse plagene på alvor betyr å sjekke ut om overgangsalderen kan bidra til at dei oppstår eller vert verre, og prøve ut relevant behandling tidleg. Per i dag veit vi ikkje nok om desse plagene er kopla til overgangsalderen, men det er grunn til å tru at det er ein samanheng, og det burde vere nok til ei stor satsing på meir kunnskap, meiner ho.

Spallek-Halvorsen seier at dei som kjem til henne for hjelp, i hovudsak kjem på grunn av hetetokter, sveitteåtak og søvnproblem, og at nokre òg skildrar hjernetåke og konsentrasjonsproblem.

Eit liknande bilete vert skildra av gynekolog Inger Øverlie ved den private klinikken Medicus Oslo. Ho har forska på hormonendringar og subjektive plager i overgangsalderen, og seier hetetoktene vert oppfatta som handterbare av dei fleste.

– Det som byr på større problem, er den dårlege søvnen, og den kjem ikkje berre av at ein vaknar med nattesveitte og hetetokter. Østrogenmangel påverkar òg søvnkvaliteten direkte. Mange søv dårleg og vaknar med hangover, som igjen kan gjere at dei vert nedstemde, tunge, og i verste fall depressive og får angstsymptom. Fleire vert også gåande med symptoma ei stund og knyter dei ikkje til overgangsalder. Kanskje har dei òg vore innom fastlegen, som heller ikkje har sett samanhengen. Nokre får til og med i staden noko å sove på, eller antidepressiv, når dei kunne ha fått hormonbehandling, seier Øverlie.

Færre enn før

For det finst behandling for mange av overgangsalderplagene nemnde over, som østrogenpreparat. Og behandlinga vert omtalt som effektiv.

I rapporten frå Kvinnehelseutvalet har to kvinner fortalt historier om sterke smerter og plager som dei begge gjekk med over tid, før det synte seg å vere overgangsalderrelaterte plager som kunne behandlast. Den eine hadde over år hatt så sterke smerter i bekkenet at ho verken klarte å gå noko særleg eller snu seg i senga, men med hormonplaster forsvann smertene etter ein halvtime. Den andre fortel om dårleg søvn, angst og ubehag, som òg forsvann med østrogen.

Likevel er ikkje hormonbehandling i overgangsalder veldig utbreidd. Tal frå Reseptregisteret ved Folkehelseinstituttet syner at delen kvinner som får minst éin resept på hormonpreparat mot overgangsalder i året, no er lågare enn i fyrste halvdel av 2000-talet: Medan det i 2004 var nær 139.000 kvinner som fekk minst éin slik resept, var det same talet i 2021 90.000.

Marianne Natvik er lege og stipendiat ved Universitetet i Oslo og forskar på overgangsalderen. Ho anslår at rundt éi eller to av ti norske kvinner i dag får hormonbehandling i overgangsalderen, men syner til at talet kan vere i utvikling.

– Fleire legar og kvinner tek no til orde for å snakke om hjelpa hormonbehandling kan gje. Ikkje fordi alle skal ha hormon, men fordi dei som har symptom som påverkar livskvalitet, kan vurdere om dette er aktuelt for dei, seier ho.

Studie som sa stopp

At hormonbehandling i overgangsalder ikkje er meir utbreidd, har bakgrunn i ein studie frå 2002. Ifølgje Kvinnehelseutvalet fanst det alt på 1990-talet gode østrogenpreparat for kvinner med plager i overgangsalderen. Det fanst òg studiar som tydde på at østrogen kunne førebyggje tapet av beinvev som skjer i åra etter overgangsalderen, og studiar som synte at det å bruke østrogen i overgangsalderen kunne motverke utvikling av hjarte- og karsjukdomar.

I den amerikanske studien Women’s Health Initiativ i 2002 vart det gjeve hormon for å sjå om det kunne ha førebyggjande effekt på mellom anna hjarte- og karsjukdom og faren for å verte beinskøyr. Studien vart derimot avbroten fordi det synte seg at hormonpreparata òg kunne gje risiko for brystkreft, blodpropp og slag, slik at dei negative biverknadene av preparata var større enn dei positive.

Den danske legen Lotte Hvas skriv i boka Overgangsalderen at studien kom som ei stor overrasking for heile den medisinske verda, og at legane i ettertid har vore svært tilbakehaldne med å skrive ut hormon til bruk i overgangsalder.

Studien vart derimot raskt kritisert, mellom anna for å ha hormonbehandla kvinner uavhengig av symptom og fordi snittalderen på dei som deltok, var 60 år, altså fleire år over overgangsalderen. Ein ny studie frå Women’s Health Initiativ har seinare òg tilbakevist at hormonbehandlinga kan medføre fleire dødsfall.

Ifølgje Kvinnehelseutvalet seier internasjonale retningsliner om hormonbehandling i overgangsalderen i dag at østrogen skal gjevast som behandlingstilbod ved plager, men i så låg dose som mogleg og over så kort tid som mogleg.

Heilt utan moglege negative biverknader er det likevel framleis ikkje rekna at hormonbehandlinga er.

Konklusjonen til Kvinnehelseutvalet er at det er stort behov for å spreie kunnskap og medvit om fordelar og ulemper ved hormonbehandling. Utvalet peikar òg på at overgangsalderen kan sjåast som «et mulighetsvindu for målrettede, forebyggende tiltak for å øke livskvalitet og redusere dødelighet blant eldre kvinner».

Sprikande svar

Øverlie seier at den amerikanske studien frå 2002 har fråteke ein heil generasjon kvinner tilbod om hormonbehandling. Ho meiner òg at han har del av skulda for at det ikkje er forska meir på korleis overgangsalder verkar inn på arbeidsliv og sjukefråvær.

Studiane som finst, er ifølgje Kvinnehelseutvalet i hovudsak frå andre land, og dei er sprikande i resultat.

Ein britisk studie frå 2018 fann til dømes ingen samanheng mellom jobbstress, overgangsalderplager og sjukefråvær og ønske om tidleg pensjon, medan ei nyare britisk undersøking blant 4000 kvinner synte at 44 prosent opplevde at arbeidsevna vart negativt påverka av overgangsplager, og at 26 prosent òg hadde sjukefråvær som følgje av plagene.

Øverlie seier at det i Storbritannia no har vore politiske diskusjonar om kvinner i overgangsalderen bør få tilgang til kvilerom på jobb, høve til å kome ein time seinare om morgonen om det trengst, og liknande tilrettelegging, på same måte som for gravide.

– Det er jo svært interessant, det at temaet er løfta opp slik, seier ho.

– Overgangsalderen er jo ikkje nett noko nytt. Har kvinner i dag sterkare plager enn det kvinner hadde før, har dei meir aktive liv, eller ventar dei seg berre meir?

– Det lurer eg også på. Då eg byrja som gynekolog på 1990-talet, var det hetetoktene kvinner i overgangsalderen fyrst og fremst meinte var mest utfordrande. No seier dei fleste at hetetoktene er noko dei kan takle, så kanskje har det skjedd noko. Men det kan òg vere at det i dag er meir merksemd kring psykisk og fysisk velvære.

– Kva ville du ha forska meir på, om du skulle peike ut ein studie på feltet?

– Eg skulle gjerne visst kva det er som gjer at somme kvinner ikkje har plager med overgangsalderen i det heile, medan andre får det. Kva er det med dei som ikkje merkar noko? Er det ein faktor, eller eit hormon, spør Øverlie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis