Korte føter og store feil

U.S. President Donald J. Trump.
U.S. President Donald J. Trump.
Publisert Sist oppdatert

Innbrotet var 17. juni 1972. Første gongen andre aviser enn Washington Post skreiv om det, var 22. oktober same året. Saka tok for alvor til å rulla i slutten av mars 1973. Då vart jakta på journalistane stansa fordi ein av innbrotsmennene skreiv til ein domar om at det var gjeve falsk forklaring i retten. Etter det tok det 16 månader før president Richard Nixon gjekk av.

Her gjeld altså 3T-regelen: Ting Tar Tid.

Men det går sterkt no. Eitt er at president Trump lyg og held fast ved løgnene sine, som når det ikkje rakar han at skuldinga mot president Obama er punktert av kongressmenn og spionsjefar. Noko anna er at pressetalsmannen, Sean Spicer, gjer det same – som når han måndag sa at Paul Manafort hadde «ei lita rolle» i valkampen. Han var sjef for heile apparatet, og vart ikkje sparka i juli da han laug om dei vakre, men plagierte orda fru Trump sa om mannen sin. Avskil vart det i august, da nokre gravejournalistar i Kiev, der Manafort var rådgjevar for den Moskva-lojale og korrupte president Janukovitsj, fann rekneskap som viste at han hadde fått utbetalt 13 millionar dollar.

Spicer har og sagt at Trump brukte hermeteikn da han tvitra om Obamas avlytting. Han gjorde det i to av twittermeldingane sine, men ikkje i den tredje og verste, der han skulda Obama for å vera ein vond og sjuk fyr («bad and sick guy») i tillegg.

Så, om nokon hugsar det, har Trump sagt at dei tre millionane fleire røyster som Hillary Clinton fekk, kom frå folk som ikkje hadde røysterett. Heller ikkje det har han dekning for, og slik det amerikanske valsystemet er, ville det ikkje ha noko å seia heller. Men det vert mykje å hugsa.

Her er vi ved dei to hovudproblema: USA har fått ein president som ikkje set seg inn i ei sak før han triv mobiltelefonen og tvitrar, og som manglar evne til å sjå kva som er viktig og kva som høyrer heime i småtingsavdelinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement